Søknad om tilskot til tillitsreforma i barnehage og skole - barnehage-/skoleåret 2023-2024
1. Om tilskotet
Tilskotet skal stimulere kommunane til å prøve ut meir tillitsbaserte arbeidsformer i barnehagar og skoler, ved å gi dei tilsette høve til å nytte sin kompetanse betre gjennom meir fagleg fridom og meir tid til barna og elevane.
Tilskot blir tildelt på grunnlag av tilfeldig trekning blant kommunane som søker. Kommunar som får tildelt tilskot må hausten 2024 rekne med å rapportere på forhold rundt utprøvinga, jamfør punktet "Rapportering" i omtalen av tilskotet på udir.no.
Frist for å søke om tilskot er 8. september 2023.
Kontakt Stig Lodve Janbu (slj@udir.no / 95 80 78 08) om du har spørsmål om tilskotet eller til søknadsskjemaet.
2. Namn og org.nr. for kommunen som søker om tilskot
3. Stadfesting frå kommunen
Å stadfeste dette inneber at
- kommunen ønsker å gi tilsette i barnehage og/eller skole høve til å nytte sin kompetanse betre gjennom meir fagleg friheit og meir tid til barna og/eller elevane
- utprøvinga vil bli gjennomført innanfor dei fullmakter og den grad av fridom som kommunen og kommunen sine verksemder allereie har
- kommunen vil stille med ein eigendel som minst er på same storleik som tilskotet kommunen mottar