Avsendar
Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet
Frist for fråsegn
1. desember 2023
Publisert dato
31. august 2023

Læreplan i engelsk - førebuande opplæring for vaksne

Om faget

Fagrelevans og sentrale verdiar

Engelsk er eit sentralt fag for kommunikasjon, språkforståing og kulturforståing. Faget skal gi deltakarane eit grunnlag for å kommunisere med andre lokalt og globalt, på tvers av kulturell og språkleg bakgrunn. Faget skal førebu deltakarane på ei utdanning og eit samfunns- og arbeidsliv som stiller krav om engelskspråkleg kompetanse i lesing, skriving og munnleg kommunikasjon. Engelsk skal bidra til livslang læring gjennom utvikling av læringsstrategiar, metaspråkleg bevisstheit og digitale ferdigheiter.

Gjennom arbeidet i faget skal deltakarane bli trygge språkbrukarar, slik at dei kan bruke engelsk for å lære, kommunisere og samhandle. Opplæringa skal fremje motivasjon og ei utforskande tilnærming til språk og kommunikasjon. Engelskfaget skal leggje til rette for at kompetansen og erfaringane, den kulturelle bakgrunnen og dei fleirspråklege ressursane til deltakarane skal anerkjennast og kan brukast aktivt i opplæring og vurdering. Deltakarane skal få erfare at det å kunne fleire språk er ein ressurs i opplæringa og i samfunnet. Kunnskaps- og erfaringsutveksling med menneske i alle aldrar og frå ulike stader i verda gir deltakarane perspektiv på eiga læring og eigen identitet og viser verdien av samarbeid på tvers av språk og kultur.

Kjerneelement

Kommunikasjon

Deltakarane skal skape meining, bruke språket og samhandle i ulike samanhengar, inkludert autentiske og praktiske situasjonar. Dette inneber å ta i bruk eigna strategiar, medium og kjelder i munnleg og skriftleg kommunikasjon på ein kritisk og etterretteleg måte. Deltakarane skal få oppleve, bruke og utforske språket frå første stund. Gjennom mediering kan deltakarane leggje til rette for og tilpasse kommunikasjon på tvers av språkleg eller kulturell bakgrunn. Mediering kan vere omsetjing, forklaring eller bruk av konkret for å gjere ein bodskap forståeleg.

Språklæring

Deltakarane skal utvikle språkleg bevisstheit og kunnskap om språklege mønster og kunne bruke språklæringsstrategiar. Kunnskap om korleis ein bruker språklydar, ordtilfang og ord-, setnings- og tekststrukturar, gir val og moglegheiter i kommunikasjon og samhandling. Å sjå samanhengar mellom engelsk og andre språk deltakarane kan og kjenner til, støttar opp om den framveksande tospråklegheita eller fleirspråklegheita til deltakarane. Utforsking av eiga språklæring gjer deltakarane betre i stand til å lære og forstå språk i eit livslangt perspektiv.

Tekst i kontekst

Deltakarane skal lese, lytte til, vurdere og bruke engelskspråklege tekstar til ulike formål i eige liv og i utdanning, arbeid og samfunnsliv. Møte med engelskspråkleg tekst skjer i praktiske og estetiske samanhengar og som kjelde til læring, informasjon og underhaldning. Tekstomgrepet er brukt i vid forstand: munnlege og skriftlege, trykte og digitale, grafiske og kunstnariske, formelle og uformelle, skjønnlitterære og sakprega. Tekstane kan innehalde skrift, bilete, lyd, teikningar, grafar, tal og andre uttrykksformer som er sette saman for å formidle ein bodskap.

Interkulturell kompetanse

Deltakarane skal nytte og vidareutvikle interkulturell kompetanse i møte med menneske som har ulik språkleg eller kulturell bakgrunn. Dette inneber kunnskap om praksisar, normer og verdiar i område og på arenaer der engelsk blir brukt, og forståing for mangfald i og på tvers av samfunn og grupper. Gjennom samhandling og tekst kan deltakarane få djupare innsikt i erfaringane til andre, deriblant ulike minoritetar sine perspektiv og urfolk sine levemåtar, tenkjesett og tradisjonar.

Tverrfaglege tema

Folkehelse og livsmeistring

I engelsk handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om å oppleve meistring gjennom å handtere situasjonar i eige liv som krev kompetanse i engelsk språk og interkulturell forståing. Det å forstå og kommunisere skriftleg og munnleg på engelsk gir fleire moglegheiter for å uttrykkje eigne kjensler, tankar, erfaringar og meiningar, noko som er viktig for å delta i eit sosialt fellesskap på tvers av språkleg og kulturell bakgrunn. Det handlar vidare om å forhalde seg kritisk til engelskspråkleg informasjon for å ta formålstenlege val i eige liv.

Demokrati og medborgarskap

I engelsk handlar det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap om å utvikle ferdigheiter i engelsk for å delta i samfunnet og i demokratiske prosessar. Ferdigheiter i engelsk gir tilgang på viktig informasjon for deltaking i demokrati på ulike plan i samfunn, arbeidsliv og utdanning. Engelsk opnar for kommunikasjon med fleire menneske lokalt og globalt, på tvers av språkleg og kulturell bakgrunn. Dette kan styrkje deltakarane si forståing av ulike tenkjemåtar og levesett og evne deira til å fremje eigne synspunkt og møte usemje.

Berekraftig utvikling

I engelsk handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om å utforske og kommunisere om sosial rettferd og forsvarleg ressursbruk. Dette inneber å byggje på eigne erfaringar, innhente ny kunnskap og samhandle om berekraftige praksisar i eige liv og i samfunnet. Det handlar vidare om å ta i bruk engelsk som ein del av eit større språkleg repertoar, noko som kan bidra til å vareta språkleg og kulturelt mangfald.

Grunnleggjande ferdigheiter

Munnlege ferdigheiter

Munnlege ferdigheiter i engelsk er å kunne skape meining gjennom å lytte, tale og samtale. Utvikling av munnlege ferdigheiter inneber å uttrykkje seg gradvis meir presist og tilpasse språket til formålet, mottakaren og situasjonen, i formelle og uformelle situasjonar og i møte med menneske med ulik språkleg bakgrunn. Formålstenlege samhandlingsstrategiar og eit variert språk knytt til kvardagsliv, samfunn, utdanning og arbeidsliv står sentralt i munnleg kommunikasjon og støttar vidareutviklinga av munnlege ferdigheiter i eit livslangt perspektiv.

Å kunne skrive

Å kunne skrive i engelsk er å uttrykkje seg forståeleg og formålstenleg i ulike typar tekstar både på papir og digitalt. Utvikling av skriveferdigheiter går frå å skrive enkeltord og frasar til å skape ulike typar samanhengande tekstar i utdanning, samfunn og arbeidsliv i eit livslangt perspektiv. Å skrive handlar om å planleggje, forme ut og omarbeide tekst som er tilpassa mottakar, formål og situasjon. Det inneber å velje eigna skrivestrategiar og bruke ulike typar verktøy og kjelder på ein kritisk og etterretteleg måte.

Å kunne lese

Å kunne lese i engelsk er å forstå og reflektere over formålet med og innhaldet i ulike typar tekstar på papir og digitalt, deriblant samansette tekstar, i utdanning, samfunn og arbeidsliv. Utviklinga av leseferdigheiter i engelsk går frå å oppdage forholdet mellom språklydar og teikn, stavemønster og stavingar til å lese varierte og komplekse tekstar med flyt og forståing og i stadig større grad kunne reflektere over og vurdere ulike typar tekstar kritisk. Lesing blir støtta opp av formålstenlege lesestrategiar og kan bidra til vidare språkinnlæring i eit livslangt perspektiv.

Digitale ferdigheiter

Digitale ferdigheiter i engelsk er å bruke digitale ressursar for å styrkje språklæringa, møte autentiske språkmodellar og utvikle kunnskap i faget på ein gradvis meir sjølvstendig, bevisst og kritisk måte i eit livslangt perspektiv. Det inneber å finne, vurdere og bruke eigna kjelder til å skape munnlege og skriftlege tekstar. Det handlar også om å kunne delta i det digitale samfunnet og vere bevisst si eiga rolle i samhandling med andre.

Kompetansemål og vurdering

Kompetansemål og vurdering modul 1

Kompetansemål etter modul 1

Mål for opplæringa er at deltakaren skal kunne

  • lytte til, stille og svare på enkle spørsmål om daglegdagse og kjende tema
  • delta i enkle samtalar om eigne behov og kjensler, eige daglegliv og eigne interesser, eventuelt med støtte i kroppsspråk
  • lytte til, kjenne igjen og bruke språklydar, stavingar og uttalemønster på engelsk
  • bruke og setje ord på nokre kjende og nokre få nye språklæringsstrategiar i møte med engelsk
  • identifisere nokre språklege likskapar og forskjellar mellom engelsk og andre språk deltakaren kjenner til
  • bruke visuelle og digitale ressursar til å forstå og finne ord og frasar på engelsk
  • forstå høgfrekvente ord og frasar i enkle munnlege og skriftlege tekstar
  • følgje enkle instruksjonar, gjerne med støtte i illustrasjonar
  • lytte til, lese og samtale om innhald i enkle tekstar om kjende tema, gjerne med støtte i illustrasjonar
  • skrive kjende ord, frasar og korte setningar
  • kople språklydar til bokstavar og stavemønster og trekkje bokstavlydar saman til ord
  • bruke enkel teiknsetjing
  • bruke nokre høflegheitsuttrykk
  • bruke eit avgrensa engelsk vokabular i to- eller fleirspråkleg kommunikasjon
  • beskrive på en svært enkel måte egen motivasjon for å lære engelsk

Undervegsvurdering

Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Deltakarane viser og utviklar kompetanse i engelsk på modul 1 når dei, med støtte frå konteksten, taler og samtaler om enkle kjende og daglegdagse tema. Dei viser og utviklar også kompetanse når dei lyttar til og les enkle tekstar om kjende tema, og når dei skriv kjende ord, frasar og korte setningar. Vidare viser og utviklar dei kompetanse når dei tek i bruk nokre kjende og nokre få nye strategiar og ressursar som støtte i læringsarbeidet.

Læraren skal leggje til rette for deltakarmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom å synleggjere og byggje på det deltakarane har av kompetanse, ressursar, erfaringar og motivasjon for å lære engelsk. Læraren og deltakarane skal vere i dialog om deltakarane si utvikling i engelsk. Deltakarane skal få høve til å setje ord på kva dei meistrar, og reflektere over si eiga faglege og språklege utvikling. Dei skal få tilbakemelding om kva som er forventa av dei, og korleis dei kan arbeide vidare for å nå måla sine for opplæringa. Læraren skal bruke undervegsvurderinga til å tilpasse den vidare opplæringa. Undervegsvurderinga skal bidra til at deltakarane bruker kompetansane, erfaringane og dei språklege ressursane sine til å utforske og prøve seg fram i vidare læring.

Kompetansemål og vurdering modul 2

Kompetansemål etter modul 2

Mål for opplæringa er at deltakaren skal kunne

  • lytte til og forstå hovudinnhaldet i tydeleg munnleg kommunikasjon om kjende tema
  • starte og avslutte korte samtalar om kjende og nokre nye tema
  • bruke strategiar til å oppklare kommunikasjon, som å be samtalepartnaren om å gjenta eller forklare
  • bruke ein forståeleg uttale med moglegheit for avklaring
  • bruke og setje ord på nokre nye og kjende språklæringsstrategiar i eige læringsarbeid
  • beskrive nokre språklege likskapar og forskjellar mellom engelsk og andre språk deltakaren kjenner til, og bruke dette i eiga språklæring
  • forstå og bruke eit ordtilfang knytt til kjende emne
  • lytte til, lese og samtale om innhald i enkle tekstar om kjende og nokre nye tema
  • skrive korte tekstar om kjende tema
  • bruke enkel setnings- og tekstbinding
  • bruke lettlesne kjelder
  • samanlikne uttrykk for og forventningar til høflegheit på engelsk og andre språk deltakaren kjenner til
  • mediere kort informasjon ved å trekkje vekslar på eige språkleg og kulturelt repertoar, til dømes gjennom omsetjing eller forklaring
  • identifisere nokre situasjonar der engelsk kan brukast i eige liv
  • bruke nokre digitale ressursar og verktøy i språklæring, tekstskaping og samhandling

Undervegsvurdering

Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Deltakarane viser og utviklar kompetanse i engelsk på modul 2 når dei taler og samtaler om kjende og nokre nye tema, med moglegheit for avklaring undervegs. Dei viser og utviklar også kompetanse når dei lyttar til, les og skriv enkle og korte tekstar om kjende tema, og når dei tek i bruk nokre kjende og nye strategiar og ressursar som støtte i læringsarbeidet.

Læraren skal leggje til rette for deltakarmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom å bruke og vidareutvikle kompetansen, ressursane og erfaringane til deltakarane, og gjennom å leggje til rette for utforsking av behovet for engelsk. Læraren og deltakarane skal vere i dialog om deltakarane si utvikling i engelsk. Deltakarane skal få høve til å setje ord på kva dei meistrar, og reflektere over si eiga faglege og språklege utvikling. Dei skal få tilbakemelding om kva som er forventa av dei, og korleis dei kan arbeide vidare for å nå måla sine for opplæringa. Læraren skal bruke undervegsvurderinga til å tilpasse den vidare opplæringa. Undervegsvurderinga skal bidra til at deltakarane bruker kompetansane, erfaringane og dei språklege ressursane sine til å utforske og prøve seg fram i vidare læring.

Kompetansemål og vurdering modul 3

Kompetansemål etter modul 3

Mål for opplæringa er at deltakaren skal kunne

  • lytte til og forstå hovudinnhaldet i tydeleg munnleg kommunikasjon om emne knytte til utdanning, arbeidsliv og samfunn
  • starte, halde i gang og avslutte samtalar om ulike tema
  • uttrykkje eigne meiningar om personlege og samfunnsaktuelle tema
  • snakke med ein funksjonell uttale
  • beskrive og bruke nye og kjende språklæringsstrategiar i eige læringsarbeid
  • samtale om språklege likskapar og forskjellar mellom engelsk og andre språk deltakaren kjenner til, og bruke dette i eiga språklæring
  • lese, diskutere og vidareformidle hovudinnhaldet i ulike typar tekstar, inkludert samansette tekstar, som bruker eit noko variert vokabular
  • skrive samanhengande tekstar om ulike tema
  • utvikle og bruke eit ordtilfang knytt til ulike emne
  • bruke setnings- og tekstbinding
  • vurdere og bruke lettlesne kjelder
  • samtale om likskapar og forskjellar i kommunikasjon blant menneske med ulik språkleg og kulturell bakgrunn
  • mediere informasjon om kjende tema ved å trekkje vekslar på eige språkleg og kulturelt repertoar, til dømes gjennom omsetjing eller forklaring
  • beskrive nokre sider ved situasjonen til urfolk og minoritetar i Noreg og andre land
  • identifisere nokre situasjonar der engelsk kan brukast i utdanning, arbeidsliv og samfunn
  • finne og bruke nokre digitale ressursar og verktøy i samhandling, språklæring og tekstskaping

Undervegsvurdering

Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Deltakarane viser og utviklar kompetanse i engelsk på modul 3 når dei lyttar til, taler, samtaler, les og skriv om ulike personlege og samfunnsaktuelle tema. Dei viser og utviklar også kompetanse når dei uttrykkjer seg munnleg og skriftleg med samanheng, og når dei med aukande sjølvstende tek i bruk kjende og nye strategiar, ulike ressursar og lettlesne kjelder.

Læraren skal leggje til rette for deltakarmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom å bruke og vidareutvikle kompetansen, ressursane og erfaringane til deltakarane, og gjennom å fremje personleg interesse og relevans i deltakarane sitt vidare arbeid med engelsk. Læraren og deltakarane skal vere i dialog om deltakarane si utvikling i engelsk. Deltakarane skal få høve til å setje ord på kva dei meistrar, og reflektere over si eiga faglege og språklege utvikling. Dei skal få tilbakemelding om kva som er forventa av dei, og korleis dei kan arbeide vidare for å nå måla sine for opplæringa. Læraren skal bruke undervegsvurderinga til å tilpasse den vidare opplæringa. Undervegsvurderinga skal bidra til at deltakarane bruker kompetansane, erfaringane og dei språklege ressursane sine til å utforske og prøve seg fram i vidare læring.

Kompetansemål og vurdering modul 4

Kompetansemål etter modul 4

Mål for opplæringa er at deltakaren skal kunne

  • lytte til og forstå innhaldet i munnleg kommunikasjon om emne knytte til utdanning, arbeidsliv og samfunn
  • uttrykkje seg forståeleg og samanhengande om emne knytte til utdanning, arbeidsliv og samfunn
  • uttrykkje og grunngi eigne meiningar om personlege og samfunnsaktuelle tema
  • lytte til og forstå nokre variasjonar i engelsk uttale
  • utforske nokre språklege likskapar og forskjellar mellom engelsk og andre språk deltakaren kjenner til, og bruke dette i eiga språklæring
  • lese, diskutere og vidareformidle innhaldet i ulike typar tekstar, inkludert samansette tekstar
  • skrive formelle og uformelle tekstar tilpassa formål, mottakar og situasjon
  • bruke eit variert ordtilfang og ulike setnings- og tekststrukturar til å kommunisere tydeleg og formålstenleg
  • bruke kjelder på ein kritisk og etterretteleg måte
  • tilpasse kommunikasjon etter den språklege og kulturelle bakgrunnen til mottakaren
  • mediere informasjon om ulike tema ved å trekkje vekslar på eige språkleg og kulturelt repertoar, til dømes gjennom omsetjing, forklaring eller formidling
  • utforske og samanlikne situasjonen til urfolk og minoritetar i Noreg og andre land
  • bruke varierte strategiar i kommunikasjon, språklæring og tekstskaping
  • vurdere og bruke ulike digitale ressursar og verktøy i samhandling, språklæring og tekstskaping
  • beskrive og reflektere over rolla engelsk har i utdanning, arbeidsliv og samfunn i Noreg og i andre land

Undervegsvurdering

Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Deltakarane viser og utviklar kompetanse i engelsk på modul 4 når dei lyttar til, taler, samtaler, les og skriv om innhald knytt til utdanning, arbeidsliv og samfunn. Dei viser og utviklar også kompetanse når dei uttrykkjer seg skriftleg og munnleg med struktur og samanheng, tilpassa formålet, mottakaren og situasjonen, og når dei bruker varierte strategiar og kritisk vurderer kjelder og ressursar i eiga læring og eigen kommunikasjon.

Læraren skal leggje til rette for deltakarmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom å bruke og vidareutvikle kompetansen, ressursane og erfaringane til deltakarane, og gjennom å fremje refleksjon rundt deltakarane si faglege utvikling og deltakarane sitt noverande og framtidige behov for engelsk. Læraren og deltakarane skal vere i dialog om deltakarane si utvikling i engelsk. Deltakarane skal få høve til å setje ord på kva dei meistrar, og reflektere over si eiga faglege og språklege utvikling. Dei skal få tilbakemelding om kva som er forventa av dei, og korleis dei kan arbeide vidare for å nå måla sine for opplæringa. Læraren skal bruke undervegsvurderinga til å tilpasse den vidare opplæringa. Undervegsvurderinga skal bidra til at deltakarane bruker kompetansane, erfaringane og dei språklege ressursane sine til å utforske og prøve seg fram i vidare læring.

Har læreplanen eit formålstenleg omfang og innhald?

Læreplanane for FOV skal legge til rette for djupnelæring og gi vaksne den faglege og språklege kompetansen dei treng for vidare opplæring og deltaking i arbeids- og samfunnsliv. Samtidig skal læreplanane gi ein rask overgang til vidare kvalifisering og arbeid og vere tilpassa ei vaksen målgruppe der majoriteten ikkje har norsk som morsmål. Det har vore eit viktig mål for læreplanarbeidet å finne fram til eit omfang og innhald som varetek alle desse omsyna.

Dette inneber mellom anna at litteratur og angloamerikansk områdekunnskap er tona ned, og at interkulturell kompetanse og engelskspråklege ferdigheiter til bruk i utdanning og arbeidsliv i Noreg er prioritert.

Gir læreplanen handlingsrom til å tilpasse opplæringa til deltakarane sine individuelle behov og til ulike arenaer?

Læreplanen skal vere open nok til at opplæringa kan tilpassast ulike målgrupper og kvar enkelt deltakar sitt opplæringsbehov, kompetanse og ønskte sluttkompetanse. Han skal også kunne brukast i opplæring på ulike arenaer, som til dømes i praksis i arbeidslivet.

Beskriv kjerneelementa det mest sentrale i faget for ei vaksen målgruppe?

Kjerneelementa er det deltakarane må lære for å kunne meistre og nytte faget. Dei skal beskrive dei mest sentrale kunnskapsområda, omgrepa, tenkemåtane, metodane og uttrykksformene i faget.

Titlane skal kommunisere tydeleg og reflektere innhaldet i kjerneelementet.

Har de innspel til kjerneelementet «Språklæring»?
Speglar tekstane om grunnleggande ferdigheiter dei behova målgruppa har for vidareutvikling og bruk av grunnleggjande ferdigheiter i og utanfor opplæringa?
Utfyller dei ulike tekstane i «Om faget» kvarandre på ein god måte?

«Om faget» omfattar tekstane om relevansen til faget og sentrale verdiar, kjerneelement, tverrfaglege tema og grunnleggjande ferdigheiter. Desse skal gi retning til opplæringa og gjere samanhengar i læreplanverket tydelege. Dei ulike delane heng tett saman og må sjåast i samanheng.

Legg kompetansemåla til rette for at deltakarane kan ta i bruk kompetansane og erfaringane sine i opplæringa?

Døme på dette kan vere erfaringar og kompetansar frå opplæring, samfunns- og arbeidsliv, digitale ferdigheiter og strategiar dei er vane med til å bruke for å lære og løyse utfordringar i ulike samanhengar.

Legg kompetansemåla til rette for at deltakaren kan ta i bruk dei fleirspråklege ressursane sine i opplæringa?

Ressursperspektivet skal vere gjennomgåande i alle delane av læreplanen. Læreplanen skal legge til rette for at dei fleirspråklege ressursane til deltakarane blir anerkjende, og kan brukast aktivt i opplæring og vurdering.

Er kompetansemåla i modul 1 og 2 tilpassa deltakarar som skal ha byrjaropplæring i engelsk?

Mange deltakarar vil starte i opplæringa med eit byrjarnivå/lågt nivå i engelsk, og ein del vil lære engelsk og norsk parallelt. I denne målgruppa vil det også vere deltakarar som ikkje har tilstrekkelege lese- og skriveferdigheiter til å kunne bruke dei som reiskapar for læring.

Er det ein god fagleg progresjon mellom dei fire modulane?
Gir kompetansemåla i modul 4 tilstrekkeleg grunnlag for vidare opplæring og kvalifisering?
Er tekstane om undervegsvurdering til hjelp for læraren i vurderingsarbeidet?

I overordna del i læreplanverket er det lagt vekt på at ein god vurderingspraksis med klare forventingar og aktiv deltakarinvolvering er nøkkelen til å tilpasse opplæringa. For vaksne er det særleg viktig å medverke i opplæringssituasjonen og bli involvert i eigen læringsprosess. Målet er at deltakaren skal kunne sette eigne mål, velje formålstenlege framgangsmåtar og vurdere eiga utvikling. Undervegsvurdering i faga skal vere ein integrert del av opplæringa, og skal brukast til å fremje læring, tilpasse opplæringa og auke kompetansen i fag. Undervegsvurdering kan vere både munnleg og skriftleg.

Legg læreplanen til rette for å kunne brukast saman med læreplanar i vidaregåande opplæring for vaksne?

Med ny opplæringslov kan deltakarar få opplæring på vidaregåande nivå samtidig som dei får opplæring i FOV. Dette blir omtalt som kombinasjonsløp. Dette inneber at læreplanane for FOV skal kunne brukast i kombinasjon med modulstrukturerte læreplanar i utvalde lærefag og andre læreplanar i videregåande opplæring for vaksne. Forslag til modulstrukturerte læreplanar i utvalde lærefag finn du på udir.no.