Avsendar
Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet
Frist for fråsegn
1. desember 2023
Publisert dato
31. august 2023

Læreplan i norsk - førebuande opplæring for vaksne

Om faget

Fagrelevans og sentrale verdiar

Norsk er eit sentralt fag for kulturforståing, kommunikasjon og livslang læring. Faget skal leggje til rette for aktiv deltaking i samfunnslivet og arbeidslivet. Vidare skal faget gi deltakarane tilgang til tekstane, sjangrane og det språklege mangfaldet i kulturen. Faget skal bidra til at deltakarane får brukt språket til å uttrykkje tankar og reflektere kritisk, kommunisere og lære. Norskfaget skal også styrkje deltakarane sine føresetnader for livslang læring og deltaking i eit arbeidsliv som stiller krav til variert kompetanse i lesing, skriving og munnleg kommunikasjon.

Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Faget norsk byggjer på eit utvida tekstomgrep der deltakarane skal lese og oppleve tekstar som kombinerer ulike uttrykksformer. Deltakarane skal bli meir bevisste på sin eigen språklege og kulturelle identitet i eit fleirkulturelt samfunn der fleirspråklegheit blir verdsett som ein ressurs, og ressursane og livserfaringane til deltakarane skal liggje til grunn for arbeidet med faget. Faget skal bidra til auka samfunnsdeltaking ved å leggje til rette for refleksjon og kritisk tilnærming til språk og tekst. Norskfaget skal også vidareutvikle den skriftspråklege kompetansen til deltakarane og bidra til at dei kan nytte denne kompetansen i opplæring, samfunnsliv og arbeidsliv. Vidare skal norskfaget gi deltakarane litterære opplevingar og høve til å reflektere over sentrale verdiar og moralske spørsmål.

Kjerneelement

Lesing og kritisk tilnærming til tekst

Deltakarane skal lese skjønnlitteratur, sakprosa og brukstekstar og vidareutvikle kompetanse i å lese tekstar kritisk. Dei skal lese og oppleve tekstar som kombinerer ulike uttrykksformer. Vidare skal dei kunne reflektere kritisk over kva påverknadskraft og truverd tekstar har, og nytte denne kunnskapen i lesing av tekstar frå opplæring, samfunnsliv og arbeidsliv.

Munnleg og skriftleg kommunikasjon

Deltakarane skal kommunisere munnleg og skriftleg for ulike formål i ulike samanhengar og bruke ulike uttrykksformer. Dette inneber å ta i bruk eigna strategiar, medium og kjelder i munnleg og skriftleg kommunikasjon på ein kritisk og etterretteleg måte. Dei skal bli tryggare i munnlege og skriftlege sjangrar dei møter i opplæring, samfunnsliv og arbeidsliv, utvikle djupare kjennskap til språklege konvensjonar og kunne tilpasse tekst til formål og mottakar. Å uttrykkje seg munnleg og skriftleg er også ein måte å utvikle og strukturere tankar på og ein metode for å lære.

Språkleg og kulturelt mangfald

Deltakarane skal undersøkje samanhengen mellom språk, kultur og identitet. Dei skal ha innsikt i den historiske bakgrunnen for det norske språket og vidareutvikle kunnskap om eigen og andre sin språklege situasjon i Noreg i dag. Deltakarane skal vidareutvikle kunnskapar om og eit omgrepsapparat for å beskrive grammatiske og estetiske sider ved språket.

Utdanning og arbeidsliv

Deltakarane skal lese, reflektere over og skrive tekstar knytte til utdanning og arbeidsliv. Dei skal bli betre kjende med yrkesrelaterte ord og omgrep og styrke dei kommunikative ferdigheitene sine for bruk i utdanning og arbeidsliv. Vidare skal dei orientere seg i og vurdere informasjon om utdanning og arbeidsliv, og dei skal setje ord på eigne karrieremål og eigen kompetanse.

Tverrfaglege tema

Folkehelse og livsmeistring

I norsk handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om å vidareutvikle den språklege kompetansen til deltakarane slik at dei kan gi uttrykk for eigne kjensler, behov, tankar og erfaringar. Dette er viktig for å handtere relasjonar og delta i fellesskap med andre. Lesing av skjønnlitteratur og sakprosa kan bidra til livsmeistring ved at deltakarane reflekterer over sin eigen identitet og blir meir bevisste på eigne moglegheiter.

Demokrati og medborgarskap

I norsk handlar det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap om å vidareutvikle dei munnlege og skriftlege ferdigheitene, den retoriske kompetansen og den kritiske tenkinga til deltakarane, slik at dei kan gi uttrykk for eigne tankar og meiningar og delta i samfunnsliv, arbeidsliv og demokratiske prosessar. Norskfaget skal slik styrkje deltakarane sine føresetnader for å vere aktive medborgarar. Lesing av skjønnlitteratur og sakprosa gir deltakarane eit djupare innblikk i livssituasjonen og utfordringane til andre menneske og kan bidra til auka forståing, toleranse og respekt for andre menneske sine synspunkt og perspektiv.

Berekraftig utvikling

I norsk handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om at deltakarane skal lese kritisk, utøve kjeldekritikk og stille kritiske spørsmål til eit mangfald av tekstar som handlar om miljø og berekraft. Dette gir deltakarane eit betre grunnlag for å kunne skilje mellom meiningar og fakta og argumentere sakleg i samtalar og diskusjonar om berekraftig utvikling. Gjennom å lese skjønnlitteratur og sakprosa, og gjennom samtalar og diskusjonar, kan faget norsk bidra til at deltakarane i større grad gjer ansvarlege val og handlar etisk og miljøbevisst.

Grunnleggjande ferdigheiter

Munnlege ferdigheiter

Munnlege ferdigheiter i norsk er å kunne samhandle med andre gjennom å lytte, tale og samtale. Deltakarane skal vidareutvikle den aktive munnlege deltakinga si i opplæring, samfunnsliv og arbeidsliv. Det inneber å argumentere for og grunngi eigne synspunkt og bruke retoriske ferdigheiter i diskusjonar i ulike samanhengar. Norsk har eit særleg ansvar for at deltakarane vidareutviklar dei munnlege ferdigheitene sine. Utviklinga av munnlege ferdigheiter handlar om å bruke det munnlege språket stadig meir presist og nyansert i samtaler, diskusjonar og presentasjonar.

Å kunne skrive

Å kunne skrive i norsk er å utvikle skriftlege uttrykksmåtar og formelle ferdigheiter og å meistre skrivestrategiar og oppbygging av tekstar både på papir og digitalt. Det inneber å kunne kommunisere skriftleg i opplæring, samfunnsliv og arbeidsliv. Norsk har eit særleg ansvar for skriveopplæringa. Utviklinga av å kunne skrive i norsk inneber å uttrykkje seg med ei stadig større språkleg sikkerheit på hovudmål og i større grad kunne planleggje, forme ut og omarbeide tekstar tilpassa formål, medium og mottakar.

Å kunne lese

Å kunne lese i norsk er å lese med forståing både på papir og digitalt. Det inneber å bruke lesestrategiar tilpassa situasjonen og formålet med lesinga og å kunne vurdere tekstar kritisk. Å kunne lese i norsk inneber å lese samansette tekstar som kan innehalde skrift, bilete, teikningar, tal og andre uttrykksformer. Norsk har eit særleg ansvar for leseopplæringa. Utviklinga av å kunne lese i norsk inneber å forstå, tolke og reflektere over tekstar av aukande vanskegrad i opplæring, samfunnsliv og arbeidsliv.

Digitale ferdigheiter

Digitale ferdigheiter i norsk er å kunne bruke digitale verktøy og kjelder i arbeid med tekst i opplæringa, samfunnslivet og arbeidslivet. Det inneber å bruke digitale verktøy til å skape samansette tekstar basert på kunnskap om korleis ulike uttrykksformer verkar saman. Utviklinga av digitale ferdigheiter i norsk går frå å lage enkle til meir komplekse samansette tekstar til bruk i ulike samanhengar, til å vise ein stadig større grad av sjølvstende og dømmekraft i val og bruk av digitale verktøy og kjelder.

Kompetansemål og vurdering

Kompetansemål og vurdering modul 1

Kompetansemål etter modul 1

Mål for opplæringa er at deltakaren skal kunne

  • samtale og reflektere over kva tekstar i kvardagen og nærmiljøet som er aktuelle å kunne skrive og lese
  • samanlikne og samtale om innhald i film, spel eller andre sjølvvalde tekstar
  • lese skjønnlitteratur og sakprosa og gjenfortelje innhaldet
  • lese og lytte til tekstar og samtale om truverdet til kjelder
  • aktivere forkunnskapar, bruke oppklaringsstrategiar og lese tekstar med forståing
  • lese og tolke tekstar som kombinerer skrift med bilete
  • lytte til andre og samtale om kultur, identitet og livserfaring
  • samtale om korleis ordval og språkbruk kan påverke andre, og reflektere over eigen og andre sin bruk av språket
  • bruke førskrivingsstrategiar og skriverammer som utgangspunkt for utvikling av tekstar
  • skrive setningar, meistre rettskriving av høgfrekvente ord og meistre enkel teiknsetjing
  • beskrive og samtale om eigne karrieremål basert på interesser, erfaringar og ferdigheiter
  • skrive CV og vidareutvikle CV-en etter tilbakemeldingar
  • skrive korte tekstar med relevans for skule og arbeidsliv

Undervegsvurdering

Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Deltakarane viser og utviklar kompetanse i norsk på modul 1 når dei uttrykkjer seg i munnlege og skriftlege samanhengar, og når dei viser kjennskap til grunnleggjande grammatikk og rettskrivingsreglar. Vidare viser deltakarane kompetanse når dei gjenfortel innhald frå tekstar og tolkar tekstar som kombinerer skrift og bilete. Deltakarane viser kompetanse når dei lyttar til andre og deltek i faglege samtalar.

Læraren skal leggje til rette for deltakarmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte vurderingsformer og ved å bruke bakgrunnen og erfaringane til deltakarane som ressurs i læringsarbeidet. Læraren skal gi deltakarane tilbakemeldingar som bidreg til at deltakarane utviklar tilpassa lese- og skrivestrategiar og får hjelp til å vidareutvikle eigne tekstar. Læraren og deltakarane skal vere i dialog om deltakarane si utvikling i norsk. Deltakarane skal få høve til å setje ord på kva dei meistrar, og reflektere over sin eiga faglege og språklege utvikling. Dei skal få informasjon om kva som er forventa av dei, og korleis dei kan arbeide vidare for å nå måla sine for opplæringa. Læraren skal bruke undervegsvurderinga til å tilpasse den vidare opplæringa. Undervegsvurderinga skal bidra til at deltakarane bruker kompetansane, erfaringane og dei språklege ressursane sine til å utforske og prøve seg fram i vidare læring.

Kompetansemål og vurdering modul 2

Kompetansemål etter modul 2

Mål for opplæringa er at deltakaren skal kunne

  • lese skjønnlitteratur og sakprosa, samtale om innhaldet og knytte det til eigne erfaringar
  • bruke enkle strategiar for leseforståing
  • utvikle samansette tekstar ved å kombinere ulike uttrykksformer
  • lytte til, respondere på og vise respekt for innspel frå andre og stille utdjupande spørsmål i samtalar og diskusjonar
  • samtale om forskjellen mellom meiningar og fakta i tekstar
  • beskrive og fortelje i munnlege og skriftlege tekstar
  • skrive tekstar med utgangspunkt i skriverammer, notat og andre kjelder for skriving
  • vurdere og vidareutvikle eigne tekstar ut frå kriterium for innhald og struktur
  • bruke kjelder som grunnlag i skriving og oppgi kjeldene
  • gi døme på og reflektere over korleis språk kan uttrykkje og skape haldningar
  • skrive enkle tekstar og meistre sentrale reglar for rettskriving og teiknsetjing
  • lese stillingsannonsar og vurdere dei i lys av eigne kvalifikasjonar
  • samtale om og diskutere erfaringar frå arbeidslivet
  • lese og samtale om autentiske tekstar frå arbeidslivet

Undervegsvurdering

Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Deltakarane viser og utviklar kompetanse i norsk på modul 2 når dei beskriv og fortel munnleg og skriftleg, og når dei samanliknar og samtaler om innhaldet i ulike tekstar. Deltakarane viser kompetanse når dei diskuterer faglege tema og stiller utdjupande spørsmål. Vidare viser dei kompetanse når dei utviklar samansette tekstar, skriv tekstar med bruk av kjelder, og følgjer sentrale reglar for rettskriving og teiknsetjing.

Læraren skal leggje til rette for deltakarmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte vurderingsformer og ved å bruke bakgrunnen og erfaringane til deltakarane som ressurs i læringsarbeidet. Læraren skal gi deltakarane tilbakemeldingar som bidreg til at deltakarane utviklar tilpassa lese- og skrivestrategiar og får hjelp til å vidareutvikle eigne tekstar. Læraren og deltakarane skal vere i dialog om deltakarane si utvikling i norsk. Deltakarane skal få høve til å setje ord på kva dei meistrar, og reflektere over sin eiga faglege og språklege utvikling. Dei skal få informasjon om kva som er forventa av dei, og korleis dei kan arbeide vidare for å nå måla sine for opplæringa. Læraren skal bruke undervegsvurderinga til å tilpasse den vidare opplæringa. Undervegsvurderinga skal bidra til at deltakarane bruker kompetansane, erfaringane og dei språklege ressursane sine til å utforske og prøve seg fram i vidare læring.

Kompetansemål og vurdering modul 3

Kompetansemål etter modul 3

Mål for opplæringa er at deltakaren skal kunne

  • lese skjønnlitteratur og sakprosa, samtale om form og innhald og knytte innhaldet til eigne erfaringar
  • bruke lesestrategiar før, under og etter lesing
  • vurdere truverdet til kjelder og stille kritiske spørsmål til tekstar
  • beskrive og tolke samspelet mellom skrift, bilete og andre uttrykksformer og utvikle eigne samansette tekstar
  • delta aktivt i faglege diskusjonar med grunngitte meiningar og sakleg argumentasjon
  • prøve ut ulike verkemiddel i munnlege og skriftlege tekstar
  • skrive argumenterande tekstar og prøve ut ulike måtar å argumentere på
  • planleggje og utvikle tekstar ved bruk av modelltekstar og andre skrivestrategiar
  • vidareutvikle eigne tekstar ut frå tilbakemeldingar
  • beskrive den historiske bakgrunnen for bokmål og nynorsk
  • reflektere over haldningar til språkleg og kulturelt mangfald i samfunnslivet og arbeidslivet
  • skrive tekstar med variert ordtilfang og tekstbinding
  • orientere seg i tekstar som handlar om utdanning og arbeidsliv, for å finne og vurdere relevant informasjon og diskutere moglege karrierevegar
  • diskutere betydninga av norskfaget i eit utval yrke og formulere personlege læringsmål i norsk med utgangspunkt i eigne karriereplanar
  • skrive jobbsøknad og vurdere korleis ulike søknader svarer på stillingsannonsar

Undervegsvurdering

Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Deltakarane viser og utviklar kompetanse i norsk på modul 3 når dei kan lese og samtale om form og innhald i tekstar, og når dei kan uttrykkje seg klart og tydeleg i skriftlege og munnlege tekstar. Deltakarane viser kompetanse når dei skriv tekstar med struktur og samanheng. Dei viser også kompetanse når dei reflekterer over og stiller kritiske spørsmål til tekst og vurderer truverdet til ulike kjelder. Munnleg viser deltakarane kompetanse gjennom aktiv deltaking i faglege samtalar og diskusjonar der dei grunngir eigne standpunkt.

Læraren skal leggje til rette for deltakarmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte vurderingsformer og ved å bruke bakgrunnen og erfaringane til deltakarane som ressurs i læringsarbeidet. Læraren skal gi deltakarane tilbakemeldingar som bidreg til at dei i aukande grad bruker lese- og skrivestrategiar sjølvstendig i arbeidet med faget. Undervegsvurderinga skal også bidra til at deltakarane blir meir uthaldande når det gjeld lesing og skriving i arbeid med faglege tema. Læraren og deltakarane skal vere i dialog om deltakarane si utvikling i norsk. Deltakarane skal få høve til å setje ord på kva dei meistrar, og reflektere over sin eiga faglege og språklege utvikling. Dei skal få informasjon om kva som er forventa av dei, og korleis dei kan arbeide vidare for å nå måla sine for opplæringa. Læraren skal bruke undervegsvurderinga til å tilpasse den vidare opplæringa. Undervegsvurderinga skal bidra til at deltakarane bruker kompetansane, erfaringane og dei språklege ressursane sine til å utforske og prøve seg fram i vidare læring.

Kompetansemål og vurdering modul 4

Kompetansemål etter modul 4

Mål for opplæringa er at deltakaren skal kunne

  • lese og analysere skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål og nynorsk og i omsetjing frå samisk og andre språk, og samanlikne form, innhald og verkemiddel
  • bruke lesestrategiar på ein sjølvstendig måte og reflektere over eigen bruk
  • utvikle samansette tekstar og grunngi val av uttrykksformer
  • uttrykkje seg i ulike munnlege og skriftlege sjangrar tilpassa mottakar og formål og eksperimentere med sjangrar på kreative måtar
  • bruke skrivestrategiar formålstenleg i arbeidet med å utvikle og ferdigstille tekstar
  • bruke kjelder på ein kritisk måte, markere sitat og vise til kjelder i eigne tekstar
  • kjenne igjen og bruke språklege verkemiddel og retoriske appellformer
  • beskrive sjangertrekk og skrive tekstar med tydeleg struktur og klar tematisk samanheng, tilpassa mottakar og formål
  • vidareutvikle eigne tekstar på bakgrunn av eigen refleksjon og vurdering
  • samtale om statusen til dei offisielle språka i Noreg i dag og reflektere over forholdet mellom språk, identitet og kultur
  • leie og oppsummere faglege diskusjonar
  • skrive tekstar med variert setningsstruktur og funksjonell tekstbinding
  • orientere seg i arbeidsmarknaden, lese stillingsannonsar og vurdere dei opp mot eigen kompetanse og eigne ønske
  • skrive CV og jobbsøknader med utgangspunkt i stillingsannonsar og vidareutvikle tekstane etter tilbakemeldingar
  • undersøkje og presentere praktiske og teoretiske krav til eit sjølvvalt yrke og kva yrket inneber

Undervegsvurdering

Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Deltakarane viser og utviklar kompetanse i norsk på modul 4 når dei samanliknar form, innhald og verkemiddel i tekstar. Dei viser kompetanse når dei uttrykkjer seg i fleire skriftlege og munnlege sjangrar, støttar seg til varierte kjelder og oppgir kjelder på ein etterretteleg måte. Deltakarane viser også kompetanse når dei skriv tekstar med tydeleg struktur og klar tematisk samanheng, og når dei sjølve vurderer og vidareutviklar eigne tekstar. Vidare viser deltakarane kompetanse når dei bruker språklege verkemiddel og retoriske appellformer, og når dei grunngir val av uttrykksmåtar i samansette tekstar.

Læraren skal leggje til rette for deltakarmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte vurderingsformer og ved å bruke bakgrunnen og erfaringane til deltakarane som ressurs i læringsarbeidet. Læraren skal gi deltakarane tilbakemeldingar som bidreg til at dei bruker lese- og skrivestrategiar sjølvstendig i arbeidet med faget. Undervegsvurderinga skal også bidra til at deltakarane blir meir uthaldande når det gjeld lesing og skriving i arbeid med faglege problemstillingar. Læraren og deltakarane skal vere i dialog om deltakarane si utvikling i norsk. Deltakarane skal få høve til å setje ord på kva dei meistrar, og reflektere over sin eiga faglege og språklege utvikling. Dei skal få informasjon om kva som er forventa av dei, og korleis dei kan arbeide vidare for å nå måla sine for opplæringa. Læraren skal bruke undervegsvurderinga til å tilpasse den vidare opplæringa. Undervegsvurderinga skal bidra til at deltakarane bruker kompetansane, erfaringane og dei språklege ressursane sine til å utforske og prøve seg fram i vidare læring.

Har læreplanen eit formålstenleg omfang og innhald?

Læreplanen i norsk er for deltakarar med norsk som førstespråk som har behov for opplæring på nivået under vidaregåande. I mange tilfelle vil det vere vaksne som er utanfor eller i randsona av arbeidslivet.

Læreplanane i FOV skal legge til rette for djupnelæring og gi vaksne den faglege kompetansen og/eller dei grunnleggjande ferdigheitene dei treng for vidare opplæring og deltaking i arbeids- og samfunnsliv. Samtidig skal læreplanane gi ein rask overgang til vidare kvalifisering og arbeid og vere tilpassa ei vaksen målgruppe. Det har vore eit viktig mål for læreplanarbeidet å finne fram til eit omfang og innhald som varetek alle desse omsyna.

Dette inneber mellom anna at læreplanen i norsk i FOV er meir ferdigheitsorientert enn det tradisjonelle norskfaget, og at utdannings- og arbeidslivsperspektivet er prioritert.

Er læreplanen samla sett tilpassa vaksne som treng opplæring i grunnleggjande ferdigheiter?

Grunnleggjande ferdigheiter er ei ferskvare, og mange med norsk som førstespråk har gjennom livet behov for å styrke og friske opp dei grunnleggjande ferdigheitene sine for å kunne delta aktivt i opplæring, samfunns- og arbeidsliv. Innanfor målgruppa finn ein også sårbare grupper og vaksne med dårlege erfaringar frå opplæring. Særleg dei lågare modulane i norskfaget skal legge til rette for at vaksne med svake grunnleggjande ferdigheiter skal få utvikle desse for bruk i eige arbeids- og kvardagsliv og/eller for å vere betre rusta til vidare opplæring.

Gir læreplanen handlingsrom til å tilpasse opplæringa til det individuelle behovet til deltakarane og til ulike arenaer?

Læreplanen skal vere open nok til at opplæringa kan tilpassast ulike målgrupper og kvar enkelt deltakar sine opplæringsbehov, kompetanse og ønskte sluttkompetanse. Han skal også kunne brukast i opplæring på ulike arenaer, som til dømes i praksis i arbeidslivet.

Beskriv kjerneelementa det mest sentrale i faget for ei vaksen målgruppe?

Kjerneelementa er det deltakarane må lære for å kunne meistre og nytte faget. Kjerneelementa skal beskrive dei mest sentrale kunnskapsområda, omgrepa, tenkemåtane, metodane og uttrykksformene i faget.

Titlane skal kommunisere tydeleg og reflektere innhaldet i kjerneelementet.

Utfyller dei ulike tekstane i «Om faget» kvarandre på ein god måte?

«Om faget» omfattar tekstane om relevansen til faget og sentrale verdiar, kjerneelement, tverrfaglege tema og grunnleggjande ferdigheiter. Desse skal gi retning til opplæringa og gjere tydeleg samanhengar i læreplanverket. Dei ulike delane heng tett saman og må sjåast i samanheng.

Legg kompetansemåla til rette for at deltakarane kan ta i bruk kompetansane og erfaringane sine i opplæringa?

Døme på dette kan vere erfaringar og kompetansar frå opplæring, samfunns- og arbeidsliv, digitale ferdigheiter og strategiar dei er vane med å bruke for å lære og løyse utfordringar i ulike samanhengar.

Er det ein god fagleg progresjon mellom dei fire modulane?
Gir kompetansemåla i modul 4 eit tilstrekkeleg grunnlag for vidare opplæring og kvalifisering?
Er tekstane om undervegsvurdering til hjelp for læraren i vurderingsarbeidet?

I overordna del i læreplanverket er det lagt vekt på at ein god vurderingspraksis med klare forventingar og aktiv deltakarinvolvering er nøkkelen til å tilpasse opplæringa. For vaksne er det særleg viktig å medverke i opplæringssituasjonen og bli involvert i eigen læringsprosess. Målet er at deltakaren skal kunne sette eigne mål, velje formålstenlege framgangsmåtar og vurdere eiga utvikling. Undervegsvurdering i faga skal vere ein integrert del av opplæringa, og skal brukast til å fremje læring, tilpasse opplæringa og auke kompetansen i fag. Undervegsvurdering kan vere både munnleg og skriftleg.

Legg læreplanen til rette for å kunne brukast saman med læreplanar i vidaregåande opplæring for vaksne?

Med ny opplæringslov kan deltakarar få opplæring på vidaregåande nivå samtidig som dei får opplæring i FOV. Dette blir omtalt som kombinasjonsløp. Dette inneber at læreplanane for FOV skal kunne brukast i kombinasjon med modulstrukturerte læreplanar i utvalde lærefag og andre læreplanar i vidaregåande opplæring for vaksne. Forslag til modulstrukturerte læreplanar i utvalde lærefag finn du i høyringa av modulstrukturerte læreplanar for vidaregåande opplæring for vaksne på udir.no.