Rapportering for mottatt tilskot i 2022 til innkjøp av digitale læremiddel
Tilskot til innkjøp av digitale læremiddel
Dette rapporteringsskjemaet skal fyllast ut av skuleeigar (kommune eller fylkeskommune). Det skal leverast eitt skjema per søkar.
Frist for rapportering er 1. februar 2023.
Gjennom den teknologiske skulesekken blei det i 2022 delt ut 60 millionar kroner til innkjøp av digitale læremiddel. Kommunar og fylkeskommunar som fekk tilskot er forplikta til å sende inn rapport, ref. tilskotsbrev.
Lenke til utlysinga for tilskot til innkjøp av digitale læremiddel i 2022.
Rapporten har to delar. Første del har spørsmål om erfaring med tilskotsordninga og vurderingar av denne. I andre del blir tilskotsmottakar spurt om fag, trinn, læremiddel og beløp som er brukt gjennom ordninga. I tillegg ber vi om å få vite kor mykje pengar (tilskot og eigendel) som er brukt til tiltaket.
Du kan navigere fram og tilbake i rapporten, du kan lagre undervegs og du kan komme tilbake og fullføre når all informasjon er på plass.
Kvalitetsrettleiarane til Udir støtter arbeid med forståinga av læreplanar i profesjonsfellesskapet.
Om ønskeleg; gje ei kort skildring av korleis de har jobba med innkjøp av digitale læremiddel.