Læreplan i reinhaldsoperatørfaget modulstrukturert
Om faget
Fagrelevans og sentrale verdiar
Reinhaldsoperatørfaget handlar om reinhald av bygg, anlegg, installasjonar og transportmiddel. Faget skal gjere deltakarane i stand til å forvalte, drifte og halde ved like serviceleveransar knytte til reinhald. Faget handlar om å sikre det indre og ytre miljøet gjennom å velje og bruke reinhaldsmaskiner, utstyr, metodar og kjemikalium på ein berekraftig måte. Faget handlar vidare om å vareta hygieniske og estetiske krav til bygg, anlegg og transportmiddel. Reinhaldsoperatørfaget bidreg til samfunnet gjennom å utdanne yrkesutøvere som kan halde bygg, anlegg, installasjonar og transportmiddel reine og å halde dei ved like for å minimere miljøavtrykket og sikre livssyklusen til overflatene.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Reinhaldsoperatørfaget skal bidra til engasjement når deltakarane utøvar kundebehandling og serviceleveransar knytte til reinhald i bygg, anlegg, installasjonar og transportmiddel. Etisk medvit blir fremja gjennom refleksjon over korleis valet av materiale, utstyr og metodar kan påverke miljø og effektiv utnytting av ressursane. Faget skal bidra til å gje kunnskap om pliktene og rettane til arbeidsgivaren og arbeidstakaren og om trepartssamarbeidet, der arbeidsgivaren, arbeidstakaren og myndigheitene jobbar saman for å utvikle eit betre arbeidsliv. Forståing av verdien av kulturelt mangfald i bygg- og anleggsbransjen blir fremja gjennom at deltakarane er i dialog om og reflekterer over krav og forventningar til eit likeverdig og inkluderande yrkesfellesskap.
Kjerneelement
Reinhaldsplanlegging
Kjerneelementet reinhaldsplanlegging handlar om å bruke ulike planleggingssystem i bygg, anlegg, installasjonar og transportmiddel. Kjerneelementet handlar om å analysere reinhaldsbehov, planleggje kostnadseffektivt reinhald og dokumentere det utførte arbeidet. Vidare handlar reinhaldsplanlegging om å vurdere eigenskapar, tilstandar og bruksområde for overflater og reinhaldsobjekt. Kjerneelementet handlar òg om å sikre dei kritiske suksessfaktorane i reinhaldsleveransen og tilfredsstille krava i ein tenestenivåavtale.
Reinhald
Kjerneelementet reinhald handlar om å halde overflater reine og sikre livssyklusen til overflatene i samsvar med gitte kvalitetskriterium. Kjerneelementet handlar om regelmessig reinhald, periodisk reinhald og spesialreinhald i ulike typar bygg, anlegg, installasjonar og transportmiddel. Å kritisk vurdere det gjennomførte arbeidet og kvalitetssikre reinhaldsleveransen er òg ein del av kjerneelementet.
Helse, miljø og sikkerhet
Kjerneelementet helse, miljø og sikkerheit handlar om å identifisere og forhindre situasjonar som utgjer ein fare for liv og helse i reinhald av bygg, anlegg, installasjonar og transportmiddel. Det inneber òg å risikovurdere arbeidet i samsvar med gjeldande regelverk og gjennomføre sikker jobb-analyse. Vidare handlar kjerneelementet om å bruke utstyr og maskiner i samsvar med gjeldande regelverk og å arbeide i samsvar med gjeldande system og tiltaksplan for helse, miljø og sikkerheit. Kollegialt samarbeid om berekraftige og miljøvennlege løysingar er òg ein del av kjerneelementet.
Tverrfaglege tema
Berekraftig utvikling
I reinhaldsoperatørfaget handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om å velje reinhaldsprodukt, maskiner og utstyr som gir kostnadseffektivt reinhald og minimerer miljøavtrykket. Faget handlar om å utvikle forståing av dei økonomiske, miljømessige og sosiale dimensjonane knytte til berekraftig utvikling gjennom ei kritisk vurdering av kjemikalium, utstyr og arbeidsmetodar.
Grunnleggjande ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter i reinhaldsoperatørfaget inneber å lytte til og gi respons i spontan og førebudd samtale. Det inneber å bruke fagterminologi i kommunikasjon med andre og reflektere over og drøfte moglege val og løysingar, og å tilpasse kommunikasjonen til mottakar og formål.
Å kunne skrive
Å kunne skrive i reinhaldsoperatørfaget inneber å bruke fagterminologi til å utforme tekstar tilpassa mottakar og formål. Det inneber å utforske og reflektere over faglege emne og problemstillingar, og å rapportere og dokumentere arbeid.
Å kunne lese
Å kunne lese i reinhaldsoperatørfaget inneber å finne og vurdere informasjon i ulike tekstar, arbeidsbeskrivingar, teikningar, brukarrettleiingar og regelverk. Det inneber òg å samanlikne og tolke informasjon og trekkje faglege slutningar ut frå kjent og ukjent fagstoff.
Å kunne rekne
Å kunne rekne i reinhaldsoperatørfaget inneber å hente ut, beskrive og tolke informasjon frå talmateriale. Det inneber òg å rekne ut lengd, areal og volum i samband med arbeidsoperasjonen. Vidare inneber det å gjere økonomiske utrekningar i samband med drift og pristilbod.
Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i reinhaldsoperatørfaget inneber å bruke digitale ressursar til å planleggje og produsere, rapportere, dokumentere og kommunisere. Vidare inneber digitale ferdigheiter å søkje etter og innhente informasjon og vurdere kor truverdig informasjonen er. Det inneber òg å vurdere og reflektere over si eiga rolle på nettet og utøve god digital dømmekraft.
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål og vurdering helse, miljø og sikkerheit, og ergonomi i reinhald (denne modulen må gjennomførast før dei andre modulane)
Kompetansemål etter helse, miljø og sikkerheit, og ergonomi i reinhald
Mål for opplæringa er at deltakaren skal kunne
- arbeide i tråd med ergonomiske prinsipp og reflektere over konsekvensane av arbeidsbelastningar og skadeforebyggjande tiltak
- kjeldesortere og handtere avfall etter gjeldande regelverk, handtere helsefarlege kjemikalium og spesialavfall og reflektere over konsekvensane av feilhandtering
- velje og bruke verne- og smittevernutstyr for arbeidsoppgåva og vurdere konsekvensane ved feilbruk
- vurdere smitterisiko, arbeide i samsvar med gjeldande regelverk for smittevern og gjere greie for smittespreiing og korleis smittekjeder kan brytast
- risikovurdere metodar, kjemikalium og utstyr, gjere greie for korleis arbeidsoppgåvane påverkar kostnadseffektivitet, materiale og ytre miljø, og reflektere over feilhandtering
- arbeide i tråd med berekraftige og miljømessige prinsipp og reflektere over konsekvensar av støveksponering og bruk av kjemikalium
- gjennomføre ein sikker jobbanalyse, rapportere om uønskte hendingar og halde ved like maskiner og utstyr
- utføre grunnleggjande førstehjelp
Undervegsvurdering
Inngår ikkje i denne innspelsrunden
Kompetansemål og vurdering reinhaldsplanlegging og arbeidsbeskrivingar
Kompetansemål etter reinhaldsplanlegging og arbeidsbeskrivingar
Mål for opplæringa er at deltakaren skal kunne
- utarbeide arbeidsplaner, bestille og motta utstyr og kjemikalie og kontrollere kvalitet og mengde i tråd med arbeidsoppgåva
- utarbeide reinhaldsplanar, arbeidsplanar og arbeidsbeskrivingar og reflektere over val av frekvens, kvalitet og metode
- planleggje reinhald av bygg, anlegg, installasjonar og transportmiddel arbeidet etter teikningar og beskrivingar ved bruk av ulike planleggingsverktøy, arbeide i samsvar med gjeldande krav til helse, miljø og sikkerheit og reflektere over konsekvensane ved å ikkje følgje krava
- utføre regelmessig og periodisk reinhald av ulike overflater på inventar, vegger, golv og himlingar i kjende og ukjende situasjonar, i tråd med kvalitetskrav og sikre innemiljøet
- risikovurdere metodar, kjemikalium og utstyr, gjere greie for korleis arbeidsoppgåvane påverkar kostnadseffektivitet, materiale og ytre miljø, og reflektere over feilhandtering
- gjennomføre ein sikker jobbanalyse, rapportere om uønskte hendingar og halde ved like maskiner og utstyr
Undervegsvurdering
Inngår ikkje i denne innspelsrunden
Kompetansemål og vurdering overflatemateriale, reinhaldsmaskinar, utstyr- og metodar
Kompetansemål etter overflatemateriale, reinhaldsmaskinar, utstyr- og metodar
Mål for opplæringa er at deltakaren skal kunne
- gjere greie for ulike overflatemateriale og vurdere korleis reinhaldsmetodar og reinhaldsmiddel påverkar overflatene
- velje og bruke maskiner, utstyr og metodar etter reinhaldsbehov og vurdere dette opp mot kostnadseffektivitet, tidsbruk og miljøbelastning
- utføre reinhald i ulike fasar av byggjeperioden etter gjeldande regelverk og vurdere korleis dei ulike fasane påverkar valet av reinhaldsutstyr og arbeidsmetodar
- risikovurdere metodar, kjemikalium og utstyr, gjere greie for korleis arbeidsoppgåvane påverkar kostnadseffektivitet, materiale og ytre miljø, og reflektere over feilhandtering
- gjennomføre ein sikker jobbanalyse, rapportere om uønskte hendingar og halde ved like maskiner og utstyr
- identifisere ulike typar smuss, gjere greie for og bruke ulike kjemikalium for å fjerne smuss og utføre reinhald
- gjere greie for ulike typar fasadereinhald
Undervegsvurdering
Inngår ikkje i denne innspelsrunden
Kompetansemål og vurdering kvalitet, service og samhandling
Kompetansemål etter kvalitet, service og samhandling
Mål for opplæringa er at deltakaren skal kunne
- arbeide i tråd med berekraftige og miljømessige prinsipp og reflektere over konsekvensar av støveksponering og bruk av kjemikalium
- bruke fagterminologi for å kommunisere med kollegaer og andre yrkesutøvarar og drøfte ulike løysingar som bidreg til å minimere miljøavtrykket og sikre ei effektiv ressursutnytting
- gjere greie for og nytte kvalitetssikringssystem, arbeide etter fastsette kvalitetskrav og dokumentere eige arbeid
- fastsettje og bedøme reinhaldskvalitet i tråd med gjeldande standarder og kvalitetssystem
- utføre regelmessig og periodisk reinhald av ulike overflater på inventar, vegger, golv og himlingar i kjende og ukjende situasjonar, i tråd med kvalitetskrav og sikre innemiljøet
- arbeide etter regelverk og avtalar som regulerer arbeidsforholdet i reinhaldsoperatørfaget, og gjere greie for kva plikter og rettar arbeidsgivaren og arbeidstakaren har, og reflektere over krav og forventingar som blir stilte til eit likeverdig og inkluderande yrkesfellesskap
Undervegsvurdering
Inngår ikkje i denne innspelsrunden
Læreplanane i LK20 inneheld ein progresjon der vg3 byggjer vidare på og ofte omfattar kompetanse beskrive i læreplanane på vg2 og vg1. Det kan likevel vere kompetanse som er avslutta på vg2 og vg1. Derfor kan det vere kompetansemål frå dei tidlegare trinna som læreplangruppa har vurdert er viktige å inkludere i modulane på vg3 for at deltakarane skal kunne oppnå sluttkompetansen i lærefaget.
Kompetansemål frå fellesfag skal leggjast til dersom dei er nødvendig for å oppnå sluttkompetansen og ikkje allereie inngår i kompetansemåla i lærefaget. Utvalde kompetansemål frå norsk og samfunnskunnskap er samla i ein eigen modul.
Kvar gjennomført modul må gi moglegheit for dokumentasjon. Det betyr at den enkelte kan få dokumentert delkompetanse sjølv om ikkje opplæringsløpet er fullført. Utgjer innhaldet i dei enkelte modulane ein verdifull og sjølvstendig delkompetanse?
Modulstruktureringa av læreplanane skal leggje til rette for ei fleksibel opplæring, og det er derfor ikkje ønskjeleg med sterkare føringar for rekkjefølgja på modulane enn det som er nødvendig. Det kan likevel vere krav til, eller særleg behov for, at deltakarane oppnår kompetanse i nokre modular før dei kan få opplæring i andre modular (til dømes kan dei trenge kompetanse i helse, miljø og sikkerheit før dei går vidare).
Læreplangruppa har gitt modulane namn som dei meiner er treffande for innhaldet i kvar av modulane. Namna skal òg vere sjølvstendige og lett gjenkjennelege.
Modulstrukturert opplæring skal leggje til rette for eit fleksibelt opplæringsløp som tek omsyn til dei føresetnadene kvar enkelt deltakar har med seg. Modulane skal kunne takast i bruk på ulike opplæringsarenaer, tilpassa behova til dei ulike deltakarane.