Rapportering på midlar - Den teknologiske skolesekken 2022 - tilskott til utstyr for programmering
1. Rapportering til Utdanningsdirektoratet
Utdanningsdirektoratet viser til brev av 8. juli 2022 som gjeld utbetaling av tilskott til utstyr for programmering i skolen.
Målet med tilskottsordninga er å gi elevane kunnskap om og forståing for algoritmisk tenking og programmering, gjennom at lærarar som har gjennomført kompetanseheving i programmering får tilgang på nødvendig utstyr. Tilskottet skal nyttast til utstyr for programmering til bruk i klasserommet, og skal medverke til at lærarane får moglegheit til å bruke sin kompetanse i programmering.
I brevet står det at skoleeigar skal rapportere på korleis midlane er nytta innan 1. april 2023. Rapporten skal innehalde ei beskriving av tiltaket, eigenevaluering av måloppnåing og ei forklaring på bruk av midlar.
Vi ber med dette om rapportering frå skoleeigar på tilskott for 2022.
Svarfrist er 1.4.2023
Spørsmål om rapporteringa rettast til Vibeke Guttormsgaard, epost: vgu@udir.no