Frist for uttalelse
14. november 2018
Publisert dato
18. oktober 2018
Vår referanse
2018/22966

Læreplan i samfunnsfag

1. Om faget

1.1. Fagrelevans

Fagets relevans for eleven, samfunnet og arbeidslivet

Samfunnsfaget dreier seg om å forstå samfunn med perspektiv på fortid, notid og framtid. Faget skal bidra til ferdigheiter som å utforske, tenkje kritisk og sjå samfunnsmessige samanhengar. Det handlar om identitetsutviklinga til den enkelte og om dei forskjellige fellesskapa vi menneske inngår i. I samanheng med samfunnsfaget handlar det òg om å inkludere minoritetsperspektiv, særleg samiske fellesskap og identitetar. Gjennom arbeidet med faget skal elevane forstå korleis geografiske, historiske og notidige forhold legg føresetnader for korleis menneske dekkjer behova sine og fordeler makt og ressursar. Ei sentral utfordring har vore å sørgje for ei berekraftig utvikling, og slik vil det vere i framtida òg. Elevane skal bli bevisste på korleis vi er historieskapte, men òg historieskapande. Eit aktivt medborgarskap føreset at ein har vilje, kunnskap og gjennomføringskraft til å påverke samfunnsutviklinga, særleg med tanke på framtidige utfordringar.

1.2. Kjerneelement i faget

Undring og utforsking

Elevane skal kunne undre seg over, reflektere omkring og vurdere korleis kunnskap om samfunnet blir til. Med utgangspunkt i si eiga livsverd skal dei uttrykkje nysgjerrigheit og vere aktivt kunnskapssøkjande og -skapande saman med andre, i og utanfor klasserommet. I tillegg skal elevane kunne innhente og bruke informasjon frå ulike typar kjelder for å kaste lys over forhold i samfunnet og eige liv og vurdere om kjeldene er pålitelege og relevante. 

Samfunnskritisk tenking og samanhengar

Elevane skal forstå samanhengar i samfunnet og kunne vurdere kunnskap, hendingar og fenomen frå ulike perspektiv. 

Demokrati og medborgarskap

Elevane skal forstå korleis geografiske, historiske og notidige forhold har lagt og legg føresetnader for høvet menneska har til å samarbeide, organisere seg og ta avgjerder i samfunn. Dei skal forstå kvifor konfliktar oppstår, og korleis dei blir handterte, og dei skal få erfaring med demokrati i praksis for å kunne påverke og medverke til samfunnsutforming. Innhaldet i dette kjerneelementet skal sjåast i lys av ulike perspektiv, frå det lokale til det globale, og i eit urfolks- og minoritetsperspektiv, med fokus på fortid, notid og framtid. 

Berekraftig utvikling

Elevane skal forstå korleis geografiske, historiske og notidige forhold har lagt og legg føresetnader for korleis menneska dekkjer behova sine og fordeler makt og ressursar. Det inneber å kunne vurderebakgrunnen for, konsekvensane av og handlingsalternativa for berekraftig utvikling på individuelt, nasjonalt og globalt nivå. Berekraftig utvikling i samfunnsfag skal sjåast i lys av ulike perspektiv, frå det lokale til det globale, og i eit urfolks- og minoritetsperspektiv, med fokus på fortid, notid og framtid. 

Identitetsutvikling og fellesskap

Elevane skal forstå kva eit samfunn er, kvifor menneske søkjer saman, og korleis menneske utviklar identitet og samhandlar med andre. Det inneber at dei må ha ulike perspektiv på kva eit godt liv kan vere, og på å forstå seg sjølv med ei fortid, notid og framtid. 

1.3. Fagspesifikk tekst om korleis verdigrunnlaget blir synleggjort i faget

Samfunnsfaget skal vere ein arena for utfalding av skaparglede, engasjement, kritisk tenking og utforskartrong. Faget skal hegne om og realisere haldningar og verdiar som toleranse, likeverd og respekt. Gjennom samfunnsfaglege tenkjemåtar og metodar skal elevane utvikle eit aktivt medborgarskap tufta på eit etisk medvit knytt til demokrati, miljø, menneskerettar, likestilling og verdien av kulturelt mangfald i Noreg og Sápmi/Sábme/Sáepmie.

1.4. Tverrfaglege tema i faget

Berekraftig utvikling

Berekraftig utvikling i samfunnsfag fokuserer på årsaker til og moglege løysingar på ulike sosiale, økonomiske og miljømessige interessemotsetnader og spenningsforhold. Ei berekraftig utvikling både lokalt, nasjonalt og globalt er avhengig av demokratiske rammer, aktive medborgarar og solidaritet med noverande og framtidige generasjonar.

Folkehelse og livsmeistring

Folkehelse og livsmeistring i samfunnsfag handlar om identitetsutvikling og fellesskap. Det handlar om å ta bevisste og kunnskapsbaserte val knytte til ulike moglegheiter og utfordringar i livet. Samfunnsfaget skal òg bidra med å skape forståing, respekt og toleranse for andre sine livsval og perspektiv på kva eit godt liv er.

Demokrati og medborgarskap

Demokrati og medborgarskap i samfunnsfag skal bidra til at elevane får innsikt i demokratiets moglegheiter og utfordringar, former og uttrykk. Vidare skal elevane få kunnskap om og ferdigheiter i demokratiske prosessar for å bli aktive medborgarar. Eit demokratisk sinnelag er avgjerande for ei vidare utvikling av velfungerande demokrati og for å førebygge ekstreme haldningar som blant anna kom til uttrykk 22. juli 2011.

1.5. Grunnleggjande ferdigheiter i faget

Digitale ferdigheiter

Digitale ferdigheiter i samfunnsfag inneber å kunne bruke digitale ressursar til å søkje etter informasjon, utøve kjeldekritikk, velje ut relevant informasjon og forstå korleis algoritmar påverkar informasjonssøk.

Det handlar òg om å kunne kommunisere og samarbeide digitalt og om å følgje reglar og normer for nettbasert kommunikasjon, personvern og opphavsrett. Samfunnsfag har eit særskilt ansvar for den første innlæringa av digitale ferdigheiter.

Munnlege ferdigheiter

Munnlege ferdigheiter i samfunnsfag inneber å kunne forstå, beskrive, samanlikne og analysere kjelder og problemstillingar ved å bruke fakta, teoriar, definisjonar og fagomgrep i innlegg, presentasjonar og meiningsytringar. Det handlar òg om å lytte til, vurdere, gi respons på og vidareutvikle innspel frå andre.

Å kunne lese

Å kunne lese i samfunnsfag inneber å utforske, tolke og reflektere over faglege tekstar, bilete, film o.a. for å forstå både sin eigen kultur, si eiga tid og sin eigen stad og andre kulturar, tider og stader. 

Å kunne rekne

Å kunne rekne i samfunnsfag inneber å kunne innhente, arbeide med, analysere og vurdere talmateriale og presentere dette i tabellar, grafar og figurar. Det inneber òg å bruke målestokk, rekne med tid og bruke rekning til å forvalte pengebruk og personleg økonomi.

Å kunne skrive

Å kunne skrive i samfunnsfag inneber å kunne uttrykkje, grunngi og argumentere for standpunkt og formidle og dele kunnskap skriftleg. Det inneber òg å samanlikne og drøfte årsaker, verknader og samanhengar. Vidare handlar det om å kunne vurdere verdiar i kjelder, hypotesar og modellar og om å kunne presentere resultat av samfunnsfaglege undersøkingar skriftleg.

2. Kompetansemål

Etter 4. årstrinnet

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • undre seg og uttrykkje nysgjerrigheit over samfunnsfaglege spørsmål med utgangspunkt i eiga livsverd og i samarbeid med andre
  • finne og bruke informasjon frå ulike kjelder for å kaste lys over forhold i eige liv, og vurdere kor relevante og pålitelege kjeldene er
  • forstå seg sjølv i tid og rom gjennom å utvikle kronologiske framstillingar
  • samanlikne ulike levesett, inkludert samiske, og forstå kvifor nokre menneske tek andre val enn ein sjølv gjer
  • gjennomføre demokratiske prosessar og reflektere over kva demokrati inneber
  • forstå kvifor det oppstår konfliktar i skule- og nærmiljøet, og samarbeide med andre for å finne konstruktive løysingar
  • presentere ressursbruk i nærmiljøet og utvikle berekraftige handlingsalternativ
  • utforske og samtale om historiske og geografiske føresetnader for busetjing og næringsliv
  • samanlikne ulike levekår og samtale om rettferd og likeverd
  • vurdere korleis økonomi påverkar livssituasjonen til den enkelte
  • beskrive ulike familieformer i fortid og notid og reflektere over kvifor det skjer endringar
  • drøfte dømmekraft i digital samhandling og forstå reglar for personvern
  • samarbeide om normer for samspel mellom menneske og forstå kvifor vi har normer
  • forstå kva eit samfunn er, og kvifor menneske søkjer saman i ulike fellesskap
  • samtale om kjønn og grensesetjing knytt til kropp og seksualitet
  • reflektere over korleis menneske utviklar identitet og samhandlar med andre
  • forstå bakgrunnen for at samar blir rekna som urfolk, og reflektere rundt forteljingar om samane
  • beskrive mangfaldet i samisk kultur

Fagspesifikk omtale av vurdering i fag

Læreplanar for fag skal innehalde ein fagspesifikk omtale av vurdering. Dette kjem seinare. 

Etter 7. årstrinnet

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • presentere ulike perspektiv i tidsaktuelle samfunnsdebattar
  • finne og samanlikne informasjon frå ulike kjelder og vurdere kor pålitelig og relevant denne informasjonen er
  • reflektere over korleis ulike førestillingar om samfunnet blir til og blir brukte til å påverke menneske
  • gjere greie for kva eit aktivt medborgarskap inneber, og drøfte kva føresetnaden er for eit berekraftig demokrati
  • gjere greie for historiske føresetnader for framveksten av demokrati som styreform fram til vår eiga tid
  • drøfte aktuelle demokratiske utfordringar og løysingar
  • samarbeide for å påverke demokratiske prosessar 
  • bruke dømmekraft i digital samhandling og handle i tråd med reglar for personvern og opphavsrett
  • drøfte ulike kulturelle perspektiv, inkludert samiske, på kva som blir rekna for eit godt liv
  • gjere greie for hovudtrekk ved samiske samfunn i fortid og notid og beskrive mangfaldet av samisk kultur og identitet
  • presentere dei norske nasjonale minoritetane og drøfte korleis norske myndigheiter har behandla desse fram til i dag
  • gjere greie for ulike seksuelle identitetar og drøfte korleis kjønnsroller og seksualitet blir framstilt i ulike samanhengar 
  • utforske og reflektere over historiske, geografiske og notidige føresetnader for busetjing og samfunnsutvikling
  • utforske ressursbruk lokalt, nasjonalt, globalt og i samiske samfunn og drøfte om ressursbruken er berekraftig
  • gjere greie for hovudtrekk og bakgrunn for politiske og sosiale prosessar i dei samiske samfunna i dag og forstå grunnlaget for eigen samepolitikk
  • beskrive framveksten av barns rettar og reflektere over dei historiske endringane samfunnets forståing av barndom har gjennomgått
  • reflektere over korleis kommersiell påverknad av ulike slag kan verke inn på personleg økonomi Innhald, tenkjemåtar og metodar som vi per dags dato ikkje har dekt godt nok, men som vi tenkjer skal med: utvikle berekraftige handlingsalternativ, makt, konfliktar, arbeidsliv, rettar og plikter, politiske system, rus

Fagspesifikk omtale av vurdering i fag

Læreplanar for fag skal innehalde ein fagspesifikk omtale av vurdering. Dette kjem seinare.

Etter 10. årstrinnet

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • utforske korleis ulike førestillingar om samfunnet blir til, og drøfte kva påverknadskraft dei har
  • analysere formålet med og pålitelegheita og relevansen til ulike kjelder for å drøfte førestillingar om samfunnet
  • utforske samfunnsfaglege metodar og drøfte kor relevante og gyldige dei er
  • drøfte ulike perspektiv på hendingar og debattar som pregar samfunnet
  • samanlikne forteljingar om fortida i ulike former og reflektere over forskjellane på dei
  • utforske kontrafaktiske spørsmål 
  • forstå seg sjølv og samfunnet i tid og rom og drøfte korleis livsvilkår og verdiar påverkar tankar og handlingar
  • reflektere over korleis geografiske, historiske og notidige forhold har lagt og framleis legg føresetnader for korleis samfunn blir organiserte
  • gjere greie for ein dagsaktuell konflikt og analysere årsak–verknadsforhold
  • gjere greie for historia til samane, mangfaldet deira av kulturar, samisk samfunnsliv og samane sine rettar i Noreg
  • samanlikne ulike styreformer og vurdere styrkar og utfordringar ved demokrati som styreform
  • delta aktivt i samfunnsdebatten lokalt, nasjonalt og globalt
  • drøfte premissar for berekraftig utvikling lokalt, nasjonalt, i Sápmi/Sábme/Sáepmie og globalt
  • utvikle og vurdere berekraftige handlingsalternativ til samfunnsutfordringar lokalt, nasjonalt, i Sápmi/Sábme/Sáepmie og globalt 
  • utforske korleis samspelet mellom geografiske, historiske og notidige forhold har lagt og legg føresetnader for korleis menneska dekkjer behova sine
  • utforske og drøfte ulike perspektiv på kva samfunn er, og samanlikne ulike årsaker til kvifor menneske søkjer saman, i eit historisk, notidig og framtidig perspektiv
  • drøfte ulike perspektiv på identitetsutvikling
  • bruke dømmekraft i digital samhandling og handle i tråd med reglar for personvern og opphavsrett
  • analysere forbruksmønster lokalt, nasjonalt og globalt og drøfte kor berekraftige dei er Innhald som vi per dags dato ikkje har dekt, men som vi tenkjer skal med: arbeidsliv, rettar og plikter, rus, internasjonale organisasjonar

Fagspesifikk omtale av vurdering i fag

Læreplanar for fag skal innehalde ein fagspesifikk omtale av vurdering. Dette kjem seinare.

3. Vurdering

3.1. Fagspesifikk omtale av vurdering i fag

Opplæringa og vurderinga i faget skal vere i tråd med den overordna delen av læreplanverket. Læraren skal gjennom vurderingspraksisen sin støtte opp under djupnelæringa, motivasjonen og meistringa til eleven.

Kompetansemåla er grunnlaget for vurdering i faget. Kompetansemåla skal forståast i lys av formålsparagrafen i opplæringslova, overordna del og teksten «Om faget».

Elevane skal medverke i eiga læring. Dei skal få høve til å vise kompetansen sin på ulike måtar, reflektere over læringa og delta aktivt i vurderinga av eige arbeid. Læraren skal støtte og rettleie elevane slik at dei kan setje seg mål og vurdere si eiga utvikling.

Undervegsvurderinga i fag skal brukast som ein reiskap i læreprosessen, gi grunnlag for tilpassa opplæring og bidra til at eleven får auka kompetanse i faget. Den kompetansen eleven har vist undervegs i opplæringa, er ein del av grunnlaget for vurderinga når standpunktkarakteren i fag skal fastsetjast.

I standpunktvurderinga skal læraren vurdere den samla kompetansen i faget. Vurderingsgrunnlaget skal ta omsyn til breidda i kompetansemåla i læreplanen. Eleven skal vere kjend med kva det blir lagt vekt på når standpunktkarakteren blir sett.

3.2. Sluttvurdering

Omtale av sluttvurdering kjem seinare.

Dette er ei tidleg skisse til læreplanen. Læreplanen skal ha ein god samanheng og vise tydeleg retning for elevens kompetanse i faget.

Synest du læreplanskissa generelt gir ei tydeleg retning for det elevane skal lære i faget?

Læreplanane skal gjere barn og unge i stand til å møte og finne løysingar på utfordringar i notid og framtid. Elevane skal utvikle relevant kompetanse og gode verdiar og haldningar som er viktige for den enkelte og samfunnet. I læreplanane skal det mellom anna leggast vekt på teknologi.

Synest du læreplanane er fornya og tilstrekkeleg framtidsretta?

Læreplanane beskriv kompetansen elevane skal utvikle i faget, og dei fastsette kjerneelementa i faget beskriv det mest sentrale elevane skal lære.

Synest du kompetansemåla uttrykkjer det viktigaste elevene skal lære i faget på ein tydeleg måte?

Læreplanane skal styre innhaldet i opplæringa og skal også gi lærarane handlingsrom til å tilpasse og vidareutvikle opplæringa. Lærarane skal kunne tilpasse opplæringa til ulike elevgrupper.

Synest du læreplanskissa gir ein god balanse mellom styring av innhald, og fagleg og metodisk handlingsrom for skolane og lærarane?

Læreplanverket skal ha god samanheng, og vi skal sikre eit verdiløft i skulen. Det betyr at det skal vere ein samanheng frå verdigrunnlaget i formålsparagrafen og verdiane og prinsippa i overordna del, til læreplanane for kvart fag.

Synest du verdigrunnlaget er ivaretatt i læreplanskissa?

Fagfornyinga skal bidra til eit verdiløft.

Synest du det er gjort nok greie for samiske verdiar i læreplanskissa?

Dei tverrfaglege temaa folkehelse og livsmeistring, demokrati og medborgarskap og berekraftig utvikling skal inngå i faga der det er relevant. Dei blir omtala i Om faget og integrerte i kompetansemåla.

Synest du dei tverrfaglege temaa er godt ivaretatt i faget?

Omfanget i læreplanen skal vere realistisk, sett i forhold til timetalet i faget. Læreplanane skal gi gode rammer for djupnelæring i fag.

Synest du læreplanskissa viser eit realistisk omfang i faget og at læreplanen legg til rette for djupnelæring?

Læreplanen skal vere eit godt arbeidsverktøy for lærarar.

Synest du språket i læreplanskissa er klart og forståeleg?

Læreplanen skal ha ei fagspesifikk omtale av vurdering som skal utviklast for ulike hovudtrinn og gi støtte til undervegs- og sluttvurdering. Denne teksten er i ein tidleg prosess, og her ønsker vi innspel på kva som kan vere relevant å ha med i læreplanen.

Kva er det viktig å sikre i ei fagspesifikk omtale av vurdering i læreplanen utan å avgrense handlingsrommet til læraren?

Grunnleggjande ferdigheiter skal videreførast og videreutviklast. Det skal bli tydelegare kva for fag som har ansvar for ulike delar av ferdigheitene.

Synest du grunnleggjande ferdigheiter er godt ivaretatt i læreplanskissa?

Læreplanane skal vise ein god progresjon for læringsløpet til elevane

Synest du læreplanskissa viser ein tydeleg progresjon i faget?

Alle elevar skal ha kunnskap om Noregs urfolk samar, samisk historie, språk, kultur, rettigheiter og samfunnsliv.

Synest du samisk innhald er ivaretatt i læreplanskissa?

Fagfornyinga skal legge til rette for at elevane lærer om hendinga 22. juli 2011.

Er dette ivaretatt på ein god måte i skissa til læreplanen i samfunnsfag?