Frist for uttalelse
14. november 2018
Publisert dato
18. oktober 2018
Vår referanse
2018/22966

Læreplan i geografi – fellesfag i studieførebuande utdanningsprogram

1. Om faget

1.1. Fagrelevans

Å lære geografi handlar om å forstå og beskrive lokale, nasjonale og globale endringar som følgjer av menneskeleg aktivitet. Endringane medfører store utfordringar for alle menneske både lokalt, nasjonalt og globalt. Faget består av både naturgeografi og samfunnsgeografi. Gjennom faget vil eleven få kunnskap om naturforhold, naturvilkår og naturressursar og korleis vi menneske bruker dei i samfunnet. Geografifaget gir allmenndannande ferdigheiter som å sjå natur og samfunn i samspel og utvikle medborgarskap ved å ta stilling til dette. Geografifaget stimulerer til utforskartrong, som er til stor nytte for samfunnet og arbeidslivet, spesielt i ei verd som er i rask endring. Desse endringane får konsekvensar for alle; geografifaget bidreg til handlingar og tenkjemåtar som gir ei meir berekraftig utvikling lokalt, nasjonalt og globalt.

1.2. Kjerneelement i faget

Utforsking og geografiske metodar

Elevane skal kunne utforske, gjennomføre undersøkingar og vere aktivt skapande, med utgangspunkt i nærmiljøet sitt, for å utvikle geografisk forståing. Dei skal òg kunne bruke informasjon frå ulike typar kjelder og kritisk vurdere pålitelegheita, relevansen og ståstaden til kjeldene. 

Naturgitt og menneskeskapt rom

Elevane skal kunne forstå samanhengar mellom natur og samfunn som rammer for livsgrunnlag og levekår. Med utgangspunkt i si eiga livsverd skal elevane utvikle forståing for geografisk mangfald og variasjon og identifisere likskapar og forskjellar mellom ulike geografiske nivå. 

Berekraftig utvikling og globalisering

Elevane skal kunne vurdere bakgrunn for, konsekvensar av og handlingsalternativ for berekraftig utvikling. Dei skal òg kunne drøfte spenningane mellom dei sosiale, miljømessige og økonomiske aspekta ved berekraftig utvikling og vurdere berekraft på ulike geografiske nivå. 

1.3. Fagspesifikk tekst om korleis verdigrunnlaget blir synleggjort i faget

Kjerneelementa i geografifaget speglar verdiane og prinsippa i den overordna delen av læreplanverket. Kunnskap og ferdigheiter blir utvikla når elevane får innsikt i samfunn, natur og miljø gjennom opplevingar og praktiske utfordringar i undervisninga. Elevane skal få oppleve naturen og menneskeskapte rom, både i det norske samfunnet og i Sápmi/Sábme/Sáepmie, og erfare dette som ei kjelde til nytte, glede og læring. Skulefaget geografi bidreg til å danne elevane, både gjennom kunnskapsfokuset til faget og gjennom arbeidsmetodar og uttrykksformer. Elevane skal få tid til å gå i djupna på utvalde fagområde,

med utgangspunkt i nærmiljøet sitt. Faget skal bidra til at elevane utviklar respekt for menneskeverdet gjennom forståing for og vilje til å ta vare på natur og kultur for alle. Innsikt i faget skal bidra til forståing for urfolk, som samane, og kulturen og identiteten til nasjonale minoritetar. Gjennom faget vil elevane møte ulike kjelder til kunnskap som krev evne til kritisk tenking. Geografifaget gir høve til undring og utforsking ved hjelp av ulike metodar i og utanfor klasserommet. Dette gir skaparglede, engasjement og utforskartrong. Geografifaget bidreg til at elevane utviklar både naturglede, respekt for naturen og miljømedvit. Faget bidreg til forståing for korleis måten vi menneske lever på, påverkar naturgrunnlaget, og dermed også samfunnet. Innsikt i faget vil gi elevane eit etisk medvit og bidra til ein meir berekraftig levemåte. Denne innsikta bidreg til at eleven blir ein meir aktiv medborgar. 

1.4. Tverrfaglege tema i faget

Berekraftig utvikling

Berekraftig utvikling er bruk og forvalting av ressursar lokalt og globalt. Dette er eit område i geografi som grensar inn til fleire fag. Globale klimaendringar og dei konsekvensane dette fører med seg for ulike samfunn, er eit aktuelt område å samarbeide om. I tillegg vil miljøkonsekvensane av endringar i lokaliseringa av næringsverksemd gjennom auka globalisering og teknologisk utvikling vere eit område som eignar seg for tverrfagleg arbeid. 

Folkehelse og livsmeistring

Folkehelse og livsmeistring er relevant for geografifaget. I ei verd med store endringar i naturen og kulturen kan mange oppleve framtida som usikker. Det kan verke negativt på helsa og opplevinga av livsmeistring. Geografifaget kan saman med andre fag gjere eleven betre rusta til å møte framtida som ein løysingsorientert medborgar som handlar berekraftig. 

Klima og naturkatastrofar er to aktuelle område i geografi for tverrfagleg arbeid innanfor folkehelse og livsmeistring. Endringar i klimaet vil påverke levekår, ressurstilgang og framtidsutsikter for ulike samfunn gjennom mattryggleik, sjukdomsutbreiing, migrasjon og meir ekstremvêr. Dette er konsekvensar av klimaendringar som vil påverke folkehelsa og opplevinga av livsmeistring. Vidare kan naturkatastrofar påverke folkehelsa. 

Demokrati og medborgarskap

Demokrati og medborgarskap er relevant i geografifaget, der elevane får kunnskap som kan bidra til at dei blir aktive medborgarar med tverrfagleg kompetanse. Geografi utviklar evna eleven har til å sjå samanhengar og samspelet mellom økonomi og næringsliv, miljø og forvalting, og ulike samfunn. Diskusjonar omkring klima, miljø, fattigdom, berekraftig utvikling, migrasjon og sosial ulikskap kan vere aktuelt. Eit tverrfagleg samarbeid på desse områda vil auke den kritiske tenkinga og det etiske medvitet til eleven fordi han må reflektere over korleis menneska bruker natur og samfunn både lokalt, nasjonalt og globalt.

1.5. Grunnleggjande ferdigheiter i faget

Digitale ferdigheiter

Digitale ferdigheiter i geografi inneber å kunne lese, tolke og nytte digitale kart og andre nettbaserte kjelder. Den digitale ferdigheita inneber òg å meistre kjeldetilvising og kjeldekritikk og å kunne finne gode kjelder. 

Munnlege ferdigheiter

Å ha munnlege ferdigheiter i faget vil seie å kunne presentere eige arbeid med geografiske tema på ein tydeleg og forståeleg måte for andre. Det inneber å kunne forklare og diskutere munnleg samanhengar og årsaker ved å bruke faglege argument.

Å kunne lese

Å lese i geografi er å utforske og lese ulike tekstar med fagleg innhald. Lesing i geografi inneber òg å lese kart. 

Å kunne rekne

Å rekne i geografi er å behandle og samanlikne talmateriale og å tolke tabellar og grafiske framstillingar. 

Å kunne skrive

Å skrive i geografi er å produsere ulike tekstar med fagleg innhald. 

2. Kompetansemål

Geografi, fellesfag i vidaregåande 

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • gjere greie for korleis indre og ytre krefter har danna det lokale landskapet, og forstå korleis menneska som bur der, kan utnytte landskapet som ressurs på ein berekraftig måte
  • forstå bakgrunnen for at det er ulike interesser knytte til ressursar og arealbruk i Noreg, Sápmi/Sábme/Sáepmie og nordområda
  • beskrive klima i Noreg og nordområda og utforske kva dette har å seie for ulike samfunn i Noreg
  • analysere og presentere årsakene til ein aktuell naturkatastrofe og vurdere dei samfunnsmessige konsekvensane av denne
  • beskrive kvifor demografiske endringar og ulikskap i levekår i forskjellige delar av verda fører til migrasjon og endra busetjingsmønster
  • reflektere kritisk over eigen ressursbruk og vurdere kor berekraftig han er i eit globalt perspektiv
  • drøfte korleis den teknologiske utviklinga endrar lokaliseringa av næringsverksemd nasjonalt og globalt
  • utforske kva for konsekvensar klimaendringar sannsynlegvis vil få for ulike samfunn og urfolk
  • bruke kart for å få oversikt over geografiske fenomen
  • planleggje, gjennomføre og presentere eit feltarbeid av ei sjølvvald problemstilling ute i nærområdet
  • undersøkje ei problemstilling eller eit fenomen ved hjelp av ulike kjelder og vurdere kjeldene kritisk
  •  bruke og tolke geografisk statistikk

 

Fagspesifikk omtale av vurdering i fag

Læreplanar for fag skal innehalde ein fagspesifikk omtale av vurdering. Denne kjem seinare.

3. Vurdering

3.1. Fagspesifikk omtale av vurdering i fag

Opplæringa og vurderinga i faget skal vere i tråd med den overordna delen av læreplanverket. Læraren skal gjennom vurderingspraksisen sin støtte opp under djupnelæringa, motivasjonen og meistringa til eleven.

Kompetansemåla er grunnlaget for vurdering i faget. Kompetansemåla skal forståast i lys av formålsparagrafen i opplæringslova, overordna del og teksten «Om faget».

Elevane skal medverke i eiga læring. Dei skal få høve til å vise kompetansen sin på ulike måtar, reflektere over læringa og delta aktivt i vurderinga av eige arbeid. Læraren skal støtte og rettleie elevane slik at dei kan setje seg mål og vurdere si eiga utvikling.

Undervegsvurderinga i fag skal brukast som ein reiskap i læreprosessen, gi grunnlag for tilpassa opplæring og bidra til at eleven får auka kompetanse i faget. Den kompetansen eleven har vist undervegs i opplæringa, er ein del av grunnlaget for vurderinga når standpunktkarakteren i fag skal fastsetjast.

I standpunktvurderinga skal læraren vurdere den samla kompetansen i faget. Vurderingsgrunnlaget skal ta omsyn til breidda i kompetansemåla i læreplanen. Eleven skal vere kjend med kva det blir lagt vekt på når standpunktkarakteren blir sett.

3.2. Sluttvurdering

Læreplangruppa sine vurderingar og tilrådingar om sluttvurdering i faget kjem seinare.

Dette er ei tidleg skisse til læreplanen. Læreplanen skal ha ein god samanheng og vise tydeleg retning for elevens kompetanse i faget.

Synest du læreplanskissa generelt gir ei tydeleg retning for det elevane skal lære i faget?

Læreplanane skal gjere barn og unge i stand til å møte og finne løysingar på utfordringar i notid og framtid. Elevane skal utvikle relevant kompetanse og gode verdiar og haldningar som er viktige for den enkelte og samfunnet. I læreplanane skal det mellom anna leggast vekt på teknologi.

Synest du læreplanane er fornya og tilstrekkeleg framtidsretta?

Læreplanane beskriv kompetansen elevane skal utvikle i faget, og dei fastsette kjerneelementa i faget beskriv det mest sentrale elevane skal lære.

Synest du kompetansemåla uttrykkjer det viktigaste elevene skal lære i faget på ein tydeleg måte?

Læreplanane skal styre innhaldet i opplæringa og skal også gi lærarane handlingsrom til å tilpasse og vidareutvikle opplæringa. Lærarane skal kunne tilpasse opplæringa til ulike elevgrupper.

Synest du læreplanskissa gir ein god balanse mellom styring av innhald, og fagleg og metodisk handlingsrom for skolane og lærarane?

Læreplanverket skal ha god samanheng, og vi skal sikre eit verdiløft i skulen. Det betyr at det skal vere ein samanheng frå verdigrunnlaget i formålsparagrafen og verdiane og prinsippa i overordna del, til læreplanane for kvart fag.

Synest du verdigrunnlaget er ivaretatt i læreplanskissa?

Fagfornyinga skal bidra til eit verdiløft.

Synest du det er gjort nok greie for samiske verdiar i læreplanskissa?

Dei tverrfaglege temaa folkehelse og livsmeistring. demokrati og medborgarskap og berekraftig utvikling skal inngå i faga der det er relevant. Dei blir omtala i Om faget og integrerte i kompetansemåla.

Synest du dei tverrfaglege temaa er godt ivaretatt i faget?

Omfanget i læreplanen skal vere realistisk, sett i forhold til timetalet i faget. Læreplanane skal gi gode rammer for djupnelæring i fag.

Synest du læreplanskissa viser eit realistisk omfang i faget og at læreplanen legg til rette for djupnelæring?

Læreplanen skal vere eit godt arbeidsverktøy for lærarar.

Synest du språket i læreplanskissa er klart og forståeleg?

Læreplanen skal ha ei fagspesifikk omtale av vurdering som skal utviklast for ulike hovudtrinn og gi støtte til undervegs- og sluttvurdering. Denne teksten er i ein tidleg prosess, og her ønsker vi innspel på kva som kan vere relevant å ha med i læreplanen.

Kva er det viktig å sikre i ei fagspesifikk omtale av vurdering i læreplanen utan å avgrense handlingsrommet til læraren?

Grunnleggjande ferdigheiter skal videreførast og videreutviklast. Det skal bli tydelegare kva for fag som har ansvar for ulike delar av ferdigheitene.

Synest du grunnleggjande ferdigheiter er godt ivaretatt i læreplanskissa?

Læreplanane skal vise ein god progresjon for læringsløpet til elevane

Synest du læreplanskissa viser ein tydeleg progresjon i faget?

Alle elevar skal ha kunnskap om Noregs urfolk samar, samisk historie, språk, kultur, rettigheiter og samfunnsliv.

Synest du samisk innhald er ivaretatt i læreplanskissa?