Frist for uttalelse
18. juni 2019
Publisert dato
18. mars 2019
Vår referanse
2019/3844

Læreplan i samfunnskunnskap - fellesfag

Om faget

Fagrelevans

Samfunnskunnskap skal gi elevane kompetanse til å bli engasjerte og kritisk tenkjande deltakarar i samfunnet. Faget skal bidra til at elevane kan drøfte og reflektere i fellesskap og ha respekt for meiningsmangfald. Når elevane får kunnskap om samanhengar mellom individuelle val, samfunnsstrukturar og tolegrensene til naturen, utviklar dei forståing for korleis dei gjennom å vere aktive medborgarar kan bidra til ei berekraftig samfunnsutvikling. Samfunnskunnskap gir elevane høve til å utforske sin eigen identitet, lokalsamfunnet dei lever i, og nasjonale og globale problemstillingar. Slik bidreg samfunnskunnskap til å styrkje elevane si forståing av seg sjølv, samfunnet dei lever i, og korleis dei kan påverke sitt eige liv og si eiga framtid.

Kjerneelement

Kjerneelementa i samfunnskunnskap rammar inn det viktigaste innhaldet i faget og beskriv det elevane må lære for å kunne meistre og bruke faget.

Undring og utforsking

Elevane skal kunne undre seg over, reflektere omkring og vurdere korleis kunnskap om samfunnet blir til. Dei skal få vere nysgjerrige og aktivt kunnskapssøkjande og skapande saman med andre. Elevane skal innhente og bruke informasjon frå fleire og ulike typar kjelder for å ta opp forhold i samfunnet og deira eige liv. Dei skal kunne gjere ei kritisk vurdering av kjeldene med tanke på tendens, formål og kor pålitelege og relevante dei er.

Perspektivmangfald og samfunnskritisk tenking

Elevane skal kunne vurdere samanhengar i samfunnet ut frå forskjellige perspektiv. Dei skal kunne forstå kvifor enkelte har makt og stille spørsmål til korleis makt er organisert, og korleis makt verkar. Dei skal òg utvikle kulturforståing og kunne forstå kvifor nokre tek andre val enn dei sjølve.

Medborgarskap og berekraftig utvikling

Elevane skal kunne vurdere bakgrunnen for, konsekvensane av og handlingsalternativa for berekraftig utvikling på individuelt, nasjonalt og globalt nivå. Medborgarskap og berekraftig utvikling handlar om demokratisk medborgarskap, samfunnsdimensjonen av berekraftig utvikling og korleis menneske samarbeider, organiserer seg og tek avgjerder i samfunnet. Dette inneber òg at elevane skal få handlingskompetanse til å medverke i demokratiske prosessar og samfunnsforming. Sentralt innhald skal sjåast i lys av det lokale til det globale, og urfolk og minoritetars perspektiv.

Identitet og livsmeistring

Elevane skal forstå korleis menneske utviklar identitet og samhandlar med andre. Med utgangspunkt i si eiga livsverd skal elevane få ei forståing av kven dei er, og korleis dei kan meistre sine eigne liv.

Verdiar og prinsipp

Samfunnskunnskap skal leggje grunnlaget for at elevane blir aktive medborgarar som tek vare på og vidarefører grunnleggjande demokratiske verdiar som medråderett, likestilling, ytringsfridom og respekt for menneskerettane. Samfunnskunnskap skal gi elevane kompetanse i samfunnskritisk tenking og utforsking og bidra til at dei forstår at andre kan ha eit anna verdigrunnlag og ein annan ståstad enn dei har sjølve. Gjennom faget skal elevane kunne identifisere område der menneskeverdet vert utfordra, til dømes knytt til menneskehandel og undertrykking, og undersøkje forpliktingar i internasjonale avtalar og peike på tiltak for å ivareta det grunnleggjande behovet til menneske. Elevane skal òg lære å ta ansvar for eigne haldningar og handlingar, og dei skal utforske berekraftige og etiske løysingar på dagens og framtidas utfordringar. Faget skal gi innsikt i norske og samiske verdiar og kulturuttrykk. Faget skal bidra til at elevane forstår at deira eiga livsform ikkje er den einaste moglege. 

Tverrfaglege tema

Folkehelse og livsmeistring

I faget samfunnskunnskap handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om at elevane utviklar kunnskap om kva og kven som påverkar identiteten, sjølvkjensla, tryggleiken og tilhøyrsla deira. Refleksjon over og kompetanse om kjønn, seksualitet, grensesetjing, digitale spor og personleg økonomi vil kunna styrkje respekten til elevane for seg sjølv og andre. Faget skal bidra til sosial inkludering og eit mangfaldig fellesskap.

Demokrati og medborgarskap

I faget samfunnskunnskap handlar det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap om å auke det kritiske medvitet om samfunnet som elevane er deltakarar i. Elevane skal lytte til og la seg utfordre av menneske med andre synspunkt enn dei sjølve. Faget skal bidra til å skape forståing om samanhengane mellom makt, menneskerettar, institusjonar og demokratisk medborgarskap. Elevane skal forstå og utvikle respekt for demokratiske verdiar og spelereglar, få tryggleik til å ytre seg og kunnskap til å grunngi sine eigne meiningar. Slik kan dei bli aktive medborgarar som er med på å forme samfunnet.

Berekraftig utvikling

I faget samfunnskunnskap handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om korleis menneske samarbeider, organiserer seg og tek avgjerder i samfunn. Vidare skal elevane reflektere over korleis politikk, konfliktar, økonomi, teknologi og ressursbruk verkar saman og påverkar majoritetar, minoritetar og urfolk. Ei berekraftig løysing på ressurspolitiske problem inneber å ivareta verdiar som likeverd og mangfald.

Grunnleggjande ferdigheiter

Munnlege ferdigheiter

Munnlege ferdigheiter i samfunnskunnskap er å bruke eit presist språk og fagomgrep til å ytre grunngitte meiningar og argument. Å lytte til, vurdere, gi respons på og vidareutvikle innspel frå andre bidreg til auka respekt for meiningsmangfald. Elevane utviklar munnlege ferdigheiter i samfunnskunnskap når dei drøftar, reflekterer og presenterer åleine og i fellesskap.

Å kunne skrive

Å kunne skrive i samfunnskunnskap er å produsere tekst og tileigne seg fagkompetanse gjennom forskjellige former for tekstproduksjon. Elevane skal skrive tekstar der dei bruker fagomgrep, samfunnsfaglege metodar og ulike perspektiv og kjelder.

Å kunne lese

Å kunne lese i samfunnskunnskap er å bruke varierte kjelder til å lære om samfunnsfaglege og dagsaktuelle tema. Lesing av tekstar med forskjellige perspektiv skal introdusere elevane for ulike tenkjemåtar og argument og hjelpe dei til å forstå andre sin ståstad. Lesestrategiar skal styrkje elevane si evne til å hente ut, tolke og kritisk vurdere forskjellige kjelder.

Å kunne rekne

Å kunne rekne i samfunnskunnskap er å innhente, tolke og analysere data og vurdere informasjon og statistikk som er framstilt i tabellar og grafar. Elevane må òg kunne rekne for å forvalte pengebruk og få oversikt over personleg økonomi.

Digitale ferdigheiter

Digitale ferdigheiter i samfunnskunnskap er å bruke digitale ressursar til å finne informasjon og argument og kunne vise til kjelder på ein påliteleg måte. Elevane skal kunne kommunisere og samarbeide digitalt, forstå korleis algoritmar påverkar informasjonssøk, og følgje reglar og normer for nettbasert kommunikasjon, personvern og opphavsrett.

Samfunnskunnskap har eit særleg ansvar for utviklinga av digitale ferdigheiter.

Kompetansemål og vurdering

Kompetansemål og vurdering

Kompetansemål

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • utforske ressurspolitikk og ressursbruk og reflektere over korleis framtidig politikk kan utformast for at verda skal bli meir berekraftig
  • bruke samfunnsfaglege metodar, perspektiv og kjelder til å utforske dagsaktuelle tema, argumentere for eigne meiningar og forstå andre sine meiningar og verdiar
  • reflektere over likskapar og ulikskapar i identitet, levesett og kulturuttrykk innanfor og mellom majoritetar og minoritetar i Noreg og Sápmí/Sábme/Sáepmie
  • gjere greie for korleis sosialisering har endra seg over tid, og drøfte korleis identiteten til ungdom og sjølvkjensle vert forma gjennom sosialisering i dag
  • innhente informasjon om sosial ulikskap i Noreg og vurdere tiltak som kan motverke ulikskap
  • reflektere over lovverk og normer om seksuell grensesetjing og drøfte variasjonar i haldningar, verdiar og normer om kjønn og seksualitet
  • drøfte korleis personleg økonomi og organiseringa av arbeidslivet påverkar enkeltpersonar og høvet til grupper til å bli sjølvstendig
  • vurdere kva høve politiske aktørar har til å realisere berekraftige og fredelege løysingar på ein konflikt
  • reflektere over kva det inneber å vere medborgar i eit demokrati, og vurdere korleis enkeltpersonar og grupper kan påverke politiske avgjerder lokalt og nasjonalt
  • gjere greie for forskjellige former for makt og vurdere korleis ulike former for maktutøving kan utfordre demokratiske verdiar
  • forstå grunnlaget for menneskerettar og utforske brot på menneskerettane nasjonalt eller globalt
  • utforske korleis innovasjon og teknologi påverkar samfunns- og arbeidslivet
  • bruke eigne og andre sine digitale fotavtrykk til å undersøkje kven som har tilgang til data og personopplysningar, og reflektere over korleis denne informasjonen kan brukast eller misbrukast
  • gjere greie for forskjellige former for utanforskap og vurdere korleis stat, privat sektor og det sivile samfunn kan leggje til rette for å inkludere fleire i samfunns- og arbeidslivet
  • drøfte korleis ideologisk ståstad og val av metode og kjelder påverkar funna og argumenta våre og gir seg utslag i forskjellige meiningar
  • vurdere tiltak som kan førebyggje rasisme, diskriminering og hatefulle ytringar i Noreg
  • utforske yrke i dagens arbeidsmarknad og reflektere over etiske problemstillingar i arbeidslivet

Undervegsvurdering

Elevane skal få høve til å utvikle kompetanse i faget gjennom undervegsvurderinga. Elevane viser kompetanse i samfunnskunnskap når dei får vise forståing for ulike perspektiv på forhold i samfunnet og når dei viser kompetanse i demokratisk medborgarskap og forstår ulike samfunnsdimensjonar av berekraftig utvikling. Elevane viser òg kompetanse når dei forstår korleis menneske utviklar identitet, og korleis ein samhandlar med andre. Elevane viser kompetanse i samfunnskunnskap åleine og i samarbeid med andre både munnleg og skriftleg. Læraren skal planleggje den vidare læringa med utgangspunkt i kompetansen elevane viser.

Læraren skal leggje til rette for at elevane forstår og sjølve kan setje ord på kva dei meistrar, og kva dei bør gjere for å kome vidare i læringa si. Læraren skal leggje til rette for kritisk tenking gjennom varierte og utforskande arbeidsmetodar og faglege oppgåver og bidra til at elevane får vere nysgjerrige og aktivt kunnskapssøkjande. Læraren skal la elevane medverke i eiga og andre si læring gjennom å gi og få tilbakemeldingar som motiverer for vidare læring. Gjennom å undre seg, reflektere over, samtale om og utforske kunnskap om samfunnet skal elevane utvikle kompetansen i faget.

Standpunktvurdering

Standpunktvurderinga skal uttrykkje elevane sin sluttkompetanse i faget. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at elevane på varierte måtar får vise den samla kompetansen sin i samfunnskunnskap, både munnleg og skriftleg. Standpunktvurderinga skal fastsetjast ut frå ei heilskapleg vurdering og inneber korleis elevane bruker metodane i faget og saman med forståing for perspektiv på ulike forhold i samfunnet visar kompetanse i kjende og ukjende samanhengar og situasjonar. 

Vurderingsordning

Elevane skal ha éin standpunktkarakter.

Eksamensordningane i faget skal sendast på høyring og ferdigstillast seinare.

1. Uttrykkjer læreplanen tydeleg det viktigaste som alle elevane skal lære?
2. Gir læreplanen skulen og lærarane tilstrekkeleg handlingsrom?
3. Gir læreplanen rom for ein aktiv og medverkande elev slik eleven er beskriven i overordna del?
4. Er verdigrunnlaget i overordna del tydeleg reflektert i læreplanen?
5. Er det ein god samanheng mellom dei ulike delane i læreplanen i dette faget?
6. Har læreplanen eit realistisk omfang sett opp mot timetalet i faget?
7. Legg læreplanen til rette for djupnelæring?
8. Er språket i læreplanen klart og tydeleg?
9. Er det samiske innhaldet godt vareteke i læreplanen?
10. Er dei tverrfaglege temaa integrerte i læreplanen på ein måte som er relevant for faget?
11. Legg læreplanen godt til rette for tilpassa opplæring?
12. Vil tekstane om undervegs- og standpunktvurdering fungere som ei god støtte i vurderingsarbeidet?
13. Er læreplanen tilstrekkeleg framtidsretta?
14. Legg læreplanen til rette for at elevane utviklar fagleg kompetanse som førebur dei på vidare utdanning og/eller samfunns- og arbeidsliv?
15. Tekstane Fagrelevans og Verdiar og prinsipp skal skrivast saman til éin tekst i dei endelege læreplanane. Kva for eit innhald i dei to tekstane meiner du det er viktig å ta med vidare i den samanskrivne teksten?
16. Har du andre kommentarar eller forslag til endringar i læreplanane?