Frist for uttalelse
18. juni 2019
Publisert dato
18. mars 2019
Vår referanse
2019/3844

Læreplan i samfunnsfag

Om faget

Fagrelevans

Samfunnsfag skal bidra til at elevane blir engasjerte og kritisk tenkjande samfunnsdeltakarar som utvekslar meiningar og respekterer meiningsmangfald og likeverd. Faget bidreg til at elevane ser samanhengar mellom individuelle val, samfunnsstrukturar og tolegrensene til naturen. I samfunnsfag får elevane høve til å utforske sin eigen identitet, lokalsamfunnet dei lever i og nasjonale og globale problemstillingar. Gjennom arbeidet med faget skal elevane forstå korleis geografiske, historiske og notidige forhold legg føresetnader for korleis menneske dekkjer behova sine, og korleis makt og ressursar blir fordelt. Elevane skal bli bevisste på korleis vi er historieskapte, men òg historieskapande. Faget skal bidra til identitetsutviklinga til den enkelte og forståing av dei forskjellige fellesskapa vi menneske inngår i. Det inneber òg å inkludere minoritetsperspektiv, særleg samisk kultur og samfunnsliv. Slik bidreg samfunnsfaget til å styrkje elevane si forståing av seg sjølv, samfunnet dei lever i, og korleis dei kan påverke sitt eige liv og si eiga framtid.

Kjerneelement

Kjerneelementa i samfunnsfag rammar inn det viktigaste innhaldet i faget og beskriv det elevane må lære for å kunne meistre og bruke faget.

Undring og utforsking

Elevane skal kunne undre seg over, reflektere omkring og vurdere korleis kunnskap om samfunnet blir til. Elevane skal få vere nysgjerrige og aktivt kunnskapssøkjande og -skapande saman med andre både i og utanfor klasserommet. I tillegg skal elevane kunne innhente og bruke informasjon frå ulike typar kjelder for å kaste lys over forhold i samfunnet og eige liv og vurdere om kjeldene er pålitelege og relevante.

Samfunnskritisk tenking og samanhengar

Elevane skal forstå samanhengar i samfunnet og kunne vurdere kunnskap, hendingar og fenomen frå ulike perspektiv. 

Demokrati og medborgarskap

Elevane skal forstå korleis geografiske, historiske og notidige forhold har lagt og legg føresetnader for høvet menneska har til å samarbeide, organisere seg og ta avgjerder i samfunn. Dei skal forstå kvifor konfliktar har oppstått og oppstår, og korleis dei har blitt og blir handterte. Elevane skal få erfaring med demokrati i praksis for å kunne påverke og medverke til samfunnsutforming. Innhaldet i dette kjerneelementet skal sjåast i lys av ulike perspektiv, frå det lokale til det globale, og i eit urfolks- og minoritetsperspektiv, med vekt på fortid, notid og framtid.

Berekraftig utvikling

Elevane skal forstå korleis geografiske, historiske og notidige forhold har lagt og legg føresetnader for korleis menneska dekkjer behova sine og fordeler makt og ressursar. Det inneber å kunne vurdere bakgrunnen for, konsekvensane av og handlingsalternativa for berekraftig utvikling på individuelt, nasjonalt og globalt nivå. Ei berekraftig utvikling byggjer på forståinga av samanhengen mellom sosiale, økonomiske og miljømessige forhold. Berekraftig utvikling i samfunnsfag skal sjåast i lys av ulike perspektiv, frå det lokale til det globale, og i eit urfolks- og minoritetsperspektiv, med vekt på fortid, notid og framtid.

Identitetsutvikling og fellesskap

Elevane skal forstå kva eit samfunn er, kvifor menneske søkjer saman, og korleis menneske utviklar identitet og samhandlar med andre. Det inneber at dei må ha ulike perspektiv på kva eit godt liv kan vere, og på å forstå seg sjølv med ei fortid, notid og framtid.

Verdiar og prinsipp

Samfunnsfaget skal vere ein arena for å utfalde skaparglede, engasjement, kritisk tenking og utforskartrong. Faget skal bidra til å byggje opp under haldningar og verdiar som toleranse, likeverd og respekt. Gjennom samfunnsfaglege tenkjemåtar og metodar skal elevane utvikle eit aktivt medborgarskap bygd på etisk medvit om demokrati, miljø, menneskerettar, likestilling og verdien av kulturelt mangfald.

Tverrfaglege tema

Folkehelse og livsmeistring

I samfunnsfaget handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om at elevane skal bli bevisste på sin eigen identitet og si eiga identitetsutvikling og få ei forståing av individet som del av større fellesskap. Innsikt i korleis relasjonar og tilhøyrsle blir påverka av samhandling med andre, også digitalt, er ein del av kompetansen i faget. Faget skal bidra til at elevane kan ta gode livsval og handtere utfordringar knytte til seksualitet, personleg økonomi, rus, utanforskap og digital samhandling. Faget bidreg òg til å skape forståing, respekt og toleranse for mangfald og andre sine verdiar og livsval, og det gir perspektiv på kva eit godt liv kan vere. Gjennom faget skal elevane kunne identifisere område der menneskeverdet blir utfordra, til dømes i samband med menneskehandel og slaveri i vår tid, og peike på tiltak for å verne om dei grunnleggjande behova menneske har.

Demokrati og medborgarskap

I samfunnsfag handlar det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap om at elevane utviklar kunnskap om demokrati og ferdigheiter til å skape og delta i demokratiske prosessar. Faget skal gi elevane kunnskap om og innsikt i demokratiske verdiar og spelereglar. I samfunnsfag skal elevane tenkje kritisk, ta ulike perspektiv, handtere meiningsbryting og vise aktivt medborgarskap. Eit demokratisk sinnelag er avgjerande for at eit velfungerande demokrati skal kunne utvikle seg vidare, og for å førebyggje ekstreme haldningar, handlingar og terrorisme. Kunnskap om terrorhandlinga i Noreg 22. juli 2011 bør inngå i opplæringa om dette.

Berekraftig utvikling

I samfunnsfag handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om at elevane forstår samanhengen mellom dei sosiale, økonomiske og miljømessige forholda ved berekraft. Kunnskap om korleis menneska påverkar klima og miljø, samanhengar mellom natur og samfunn, og korleis levekår, levesett og demografi heng saman, bidreg til denne forståinga. I samfunnsfag skal elevane reflektere over og drøfte dilemma og spenningsforhold knytte til dei ulike dimensjonane ved berekraftig utvikling og sjå at handlingar både på individ- og samfunnsnivå har betyding.

Grunnleggjande ferdigheiter

Munnlege ferdigheiter

Munnlege ferdigheiter i samfunnsfag inneber å kunne kommunisere med andre på ulike måtar. Det inneber å lytte, tolke, formulere meiningar, gi respons og diskutere med andre. Elevane utviklar dei munnlege ferdigheitene sine i samfunnsfag ved stadig å ta og innrette seg etter ulike perspektiv og meir kompleks informasjon og ved å grunngi argumentasjon i større årsakssamanhengar.

Å kunne skrive

Å kunne skrive i samfunnsfag inneber å kunne dele, formidle og presentere kunnskap og informasjon skriftleg. Vidare handlar det om å kunne presentere resultat av samfunnsfaglege undersøkingar skriftleg ved å bruke samfunnsfaglege omgrep. Elevane utviklar ferdigheita ved å gå frå å formulere enkle faktasetningar og spørsmål til å kunne formulere og drøfte problemstillingar og vise til kjelder.

Å kunne lese

Å kunne lese i samfunnsfag inneber å kunne finne informasjon og bevisst velje og velje bort ulike kjelder. Det handlar vidare om å utforske, tolke og reflektere kritisk over ulike kjelder. Å kunne lese i samfunnsfag inneber å kunne kjenne igjen argumentasjon og skilje mellom meiningar, fakta og påstandar. Elevane utviklar ferdigheita ved å gå frå å bruke få og tilrettelagde kjelder til sjølve å finne og samanlikne informasjon i eit større mangfald av kjelder med større kompleksitet.

Å kunne rekne

Å kunne rekne i samfunnsfag inneber å kunne innhente, arbeide med, analysere og vurdere talmateriale og store data og kunne omarbeide og presentere dette grafisk. Det inneber å bruke tidslinjer og målestokk og reflektere over økonomi og forbruk. Elevane utviklar ferdigheita ved å sjå på fortid, notid og framtid med ein aukande grad av kompleksitet og ved å gå frå konkrete og enkle grafiske framstillingar til å kombinere og analysere større datamengder.

Digitale ferdigheiter

Digitale ferdigheiter i samfunnsfag inneber å kunne bruke digitale ressursar til å finne, behandle og navigere i informasjon, utøve kjeldekritikk og velje ut relevant informasjon. Det handlar òg om å kunne kommunisere, samarbeide og skape digitalt og om å følgje reglar og normer for nettbasert kommunikasjon, personvern og opphavsrett. Elevane utviklar digitale ferdigheiter ved å gå frå å utforske og bruke tilpassa digitale ressursar når dei skal tileigne seg kunnskap og uttrykkje kompetanse, til å vere sjølvstendige og vise god dømmekraft når dei vel og bruker digitale ressursar.

Samfunnsfag har eit særleg ansvar for utviklinga av digitale ferdigheiter.

Kompetansemål og vurdering

Kompetansemål og vurdering 2. trinn

Kompetansemål etter 2. trinn

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • utvikle og undre seg over samfunnsfaglege spørsmål
  • samtale om korleis ulike kjelder kan gi informasjon om samfunnsfaglege spørsmål
  • utforske og beskrive kultur- og naturlandskapet i nærmiljøet
  • utforske korleis menneska levde for éin til to menneskealdrar sidan, og samtale om korleis levekåra har endra seg
  • reflektere over kvifor menneske har ulike meiningar og tek ulike val
  • samtale om vennskap og tilhøyrsle og kva som påverkar relasjonar
  • samtale om ulike familieformer, likestilling og likeverd
  • samtale om forskjellige folkegrupper i Noreg
  • utforske og samtale om korleis menneska påverkar klimaet og miljøet, og dokumentere korleis det kjem til syne i nærmiljøet
  • samtale om rettferd, rettane til barn og kvifor barn har rettar
  • utforske korleis barn kan påverke og samarbeide om demokratiske prosessar
  • samtale om reglar for personvern i digital samhandling
  • samtale om kjensler, kropp, kjønn og seksualitet og korleis eigne og andre sine grenser kan uttrykkjast og respekterast
  • utvikle digitale produkt for å presentere eit samfunnsfagleg tema

Undervegsvurdering

Elevane skal få høve til å utvikle kompetanse i faget gjennom undervegsvurderinga. Elevane viser kompetanse på 1. og 2. trinn når dei får utforske og undre seg over ulike historiske, geografiske og samfunnskunnskaplege forhold og korleis desse forholda påverkar livet til oss menneske. Elevane viser kompetanse i samfunnsfag når dei viser forståing og respekt for at menneske er forskjellige og lever på ulike måtar. Elevane viser kompetanse når dei forstår korleis dei kan delta og medverke, og når dei forstår at barn har rettar og kan påverke. I samfunnsfag skal elevane reflektere åleine og saman med andre og samtale om samfunnsfaglege spørsmål. Læraren skal planleggje den vidare læringa med utgangspunkt i kompetansen elevane viser. 

Læraren skal leggje til rette for aktiv læring slik at elevane kan få vere nysgjerrige, oppleve meistring og få lyst til å lære meir. Læraren skal leggje til rette for at elevane søkjer og utviklar kompetanse gjennom å vere kreative og prøve seg fram. Elevane skal få hjelp til å setje ord på kva dei får til, og kva dei synest er vanskeleg. Elevane skal få medverke i vurderinga av eiga og andre si læring og få rettleiing som motiverer til og fremjar utvikling av kompetanse.

Kompetansemål og vurdering 4. trinn

Kompetansemål etter 4. trinn

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • utvikle og utforske samfunnsfaglege spørsmål
  • finne og bruke informasjon frå forskjellige kjelder og reflektere over kva slags informasjon kjeldene gir
  • presentere ei aktuell nyheit og reflektere over forskjellen mellom fakta og meiningar
  • utforske kulturminne i nærmiljøet og reflektere over kva som har prega lokalhistoria
  • utforske og samanlikne korleis teknologi og ressurstilgang har påverka levemåten i Noreg
  • reflektere over kvifor kultur- og naturlandskapet i Noreg ser ut som det gjer
  • samtale om kvifor det oppstår konfliktar i skule- og nærmiljøet, lytte til andre si meining og samarbeide med andre for å finne konstruktive løysingar
  • utforske korleis menneske i forskjellige delar av verda kan påverke livet til kvarandre
  • presentere forslag til korleis barn kan delta i demokratiske prosessar og dermed påverke samfunnet
  • samtale om menneske- og likeverd og presentere rettar barn har og kva barn kan gjere ved brot på desse rettane
  • presentere årsaker til at samane har urfolkstatus i Noreg, og beskrive forskjellige former for samisk kultur- og samfunnsliv før og no
  • drøfte korleis den enkelte kan bidra til meir berekraftig ressursutnytting
  • reflektere over samanhengen mellom personleg økonomi og forbruk hos den enkelte
  • beskrive korleis menneske endrar klimaet, og korleis klimaendringane påverkar livet til menneska
  • samtale om identitet og reflektere over forskjellige fellesskap og korleis det kan opplevast å ikkje vere ein del av fellesskapet
  • samtale om reglar for personvern og vern av digitalt utstyr og informasjon, og om kva det vil seie å bruke dømmekraft i digital samhandling
  • samtale om grenser knytte til kropp, om kva vald og seksuelle overgrep er, og kvar ein kan få hjelp dersom ein blir utsett for vald og seksuelle overgrep
  • utforske kven som har makt, og reflektere over kva eit demokrati er
  • samtale om viktige offentlege institusjonar og verksemder i Noreg og reflektere over kva dei betyr i livet til menneska
  • utvikle digitale produkt med samfunnsfagleg innhald
  • utforske eit samfunnsfagleg tema ved å søkje i digitale kjelder og bruke digitale ressursar i kommunikasjon og samhandling

Undervegsvurdering

Elevane skal få høve til å utvikle kompetanse i faget gjennom undervegsvurderinga. Elevane viser kompetanse på 3. og 4. trinn når dei får utforske og undre seg over ulike historiske, geografiske og samfunnskunnskaplege forhold og korleis forholda påverkar livet til oss menneske. Elevane viser kompetanse i samfunnsfag når dei samtaler om og presenterer samfunnsfaglege spørsmål, når dei viser kunnskap om demokrati, makt og konfliktløysing, og når dei reflekterer åleine og saman med andre om samfunnsfaglege tema. Læraren skal planleggje den vidare læringa med utgangspunkt i kompetansen elevane viser. 

Læraren skal leggje til rette for aktiv læring slik at elevane kan få vere nysgjerrige, oppleve meistring og få lyst til å lære meir. Læraren skal leggje til rette for at elevane søkjer og utviklar kompetanse gjennom å vere kreative og prøve seg fram. Elevane skal få hjelp til å setje ord på kva dei får til, og kva dei synest er vanskeleg. Elevane skal få medverke i vurderinga av eiga og andre si læring og få rettleiing som motiverer til og fremjar kompetanseutviklinga.

Kompetansemål og vurdering 7.trinn

Kompetansemål etter 7. trinn

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • gjennomføre og presentere ei samfunnsfagleg undersøking og drøfte resultata
  • presentere forskjellige perspektiv i ein dagsaktuell samfunnsdebatt og reflektere over kva som påverkar samfunnsforståinga vår
  • samanlikne kva slags informasjon ulike kjelder gir, og utforske korleis ein kan bruke kjelder til å fremje meiningar
  • utforske korleis menneska i fortida livnærte seg, og samtale om korleis sentrale endringar i livsgrunnlaget har påverka og påverkar demografi, levekår og busetjingsmønster
  • beskrive hovudtrekk ved landskapet i ulike delar av verda og reflektere over korleis landskapet påverkar menneska som bur der
  • reflektere over kvifor konfliktar oppstår, og drøfte korleis individ og samfunn kan handtere konfliktar
  • reflektere over mangfaldet av kulturar, språk og identitetar i Noreg
  • forstå kva respekt, toleranse, likeverd og likestilling har å seie i et demokrati, og drøfte korleis ein kan inkludere fleire og motarbeide rasisme og diskriminering
  • reflektere over kvifor Noreg samarbeider med andre land, og presentere internasjonalt samarbeid
  • samanlikne korleis samfunn i fortida har vore organiserte, og korleis avgjerder blei tekne, og beskrive sentrale hendingar som har ført fram til det demokratiet vi har i Noreg i dag
  • gjere greie for korleis ein kan vere ein aktiv medborgar, og reflektere over kvifor det er viktig å vere det
  • gjere greie for sentrale historiske hendingar som har påverka utviklinga av menneskerettane, og samtale om korleis rettane er blitt og blir varetekne
  • utforske hovudtrekk ved historia til samane og dei nasjonale minoritetane i Noreg og presentere rettar samane og dei nasjonale minoritetane i Noreg har i dag
  • reflektere over korleis kommersiell påverknad kan verke inn på forbruk og personleg økonomi
  • forklare korleis handlingane til menneska har påverka og framleis påverkar klimaet og miljøet, og utvikle forslag til tiltak for å redusere miljøavtrykket
  • reflektere over behovet for å høyre til opp mot behovet for å vere seg sjølv og ta sjølvstendige val
  • delta i digitale samhandlingsprosessar, bruke dømmekraft, beskytte eige digitalt utstyr og informasjon og handle i tråd med retten til privatliv, personvernreglar og opphavsrett
  • reflektere rundt respekt for eigne og andre sine grenser knytte til kjensler, kropp og seksualitet
  • gjere greie for ulike seksuelle orienteringar og variasjonar i kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk
  • beskrive det politiske systemet i Noreg og korleis enkeltmennesket har og har hatt høve til å påverke det
  • utforske lover og reglar i samfunnet og reflektere over konsekvensane ved lovbrot
  • bruke digitale ressursar til å utvikle samfunnsfaglege modellar
  • reflektere over korleis teknologi kan løyse problem, men òg skape utfordringer for den enkelte og for samfunnet

Undervegsvurdering

Elevane skal få høve til å utvikle kompetanse i faget gjennom undervegsvurderinga. Elevane viser kompetanse på 5., 6. og 7. trinn når dei får vise forståing for historiske, geografiske og samfunnskunnskaplege tema og for at desse heng saman. Elevane viser kompetanse i samfunnsfag når dei reflektere åleine og saman med andre over korleis historiske, geografiske og samfunnskunnskaplege forhold påverkar menneska, samfunnet og naturen. Elevane viser òg kompetanse i faget når dei reflekterer over mangfald og aktivt medborgarskap og forstår samanhengar og spenningsforhold mellom individ og samfunn. Elevane viser kompetanse når dei aktivt bidreg til å finne løysingar på samfunnsfaglege problemstillingar. Læraren skal planleggje den vidare læringa med utgangspunkt i kompetansen elevane viser.

Læraren skal leggje til rette for aktiv læring, forståing og kritisk tenking og bidra til at elevane er nysgjerrige på og søkjer kunnskap om samfunnsfaglege problemstillingar. Læraren skal la elevane medverke i vurderinga av eiga og andre si læring gjennom å gi og få tilbakemeldingar som motiverer for vidare læring. Når elevane undrar seg og reflekterer over, samtaler om og utforskar kunnskap om og samanhengen mellom geografi, historie og samfunnskunnskap, skal elevane utvikle kompetanse i faget.

Kompetansemål og vurdering 10. trinn

Kompetansemål etter 10. trinn

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • bruke samfunnsfaglege metodar i eigne undersøkingar og drøfte kor gyldige og relevante funna er
  • vurdere om og på kva måtar ulike kjelder gir informasjon om eit samfunnsfagleg tema, og reflektere over korleis einsretta kjelder eller mangel på kjelder kan prege forståinga vår
  • drøfte korleis interesser og ideologi har prega synet på kva som blir oppfatta som fakta og sanning, og utforske korleis forskjellige politiske parti og grupper grunngir standpunkta sine
  • analysere korleis grupper i samfunnet og hendingar blir framstilte i ulike samanhengar, og drøfte korleis det kan påverke haldningane og handlingane til folk
  • utforske hvordan teknologi har vore og framleis er ein endringsfaktor og drøfte kva slags konsekvensar det har hatt og framleis har for enkeltmenneska og samfunnet
  • drøfte kva som har bidrege til endringar i samfunnet, og reflektere over korleis verda kunne ha sett annleis ut
  • samanlikne korleis geografiske og historiske forhold påverkar levekåra, busetjingsmønsteret og demografien i forskjellige delar av verda i dag
  • gjere greie for årsaker til og konsekvensar av sentrale historiske og notidige konfliktar og reflektere over fordelar og ulemper ved ulike løysingar
  • reflektere over kvifor utanforskap oppstår, og kva konsekvensar det kan få på individ- og samfunnsnivå
  • gjere greie for årsaker til terrorhandlingar og folkemord som holocaust, og reflektere over korleis ekstreme haldningar kan førebyggjast
  • utforske korleis samarbeid og konfliktar internasjonalt påverkar den nasjonale politikken og livet til den enkelte
  • reflektere over kva som er sentrale utfordringar i Noreg i dag, og drøfte korleis individ og grupper kan bidra til endring
  • reflektere over korleis enkeltmenneske og grupper både er historieskapte og historieskapande
  • utforske kva menneskerettane betyr, kva funksjon dei har i verda i dag, og drøfte verdien av likestilling og likeverd for den enkelte og for samfunnet
  • gjere greie for fornorskinga av samane og dei nasjonale minoritetane, og reflektere over kva konsekvensar det har hatt og framleis har på individ- og samfunnsnivå
  • utforske korleis nasjonalstatar prøver å rette opp overgrep mot urfolk og nasjonale minoritetar, og kva internasjonale konvensjonar har å seie i slike prosessar
  • utforske korleis klima og miljø, sosiale forhold og økonomi påverkar kvarandre, og utvikle forslag til meir berekraftige samfunn
  • vurdere korleis inntekt og forbruk påverkar personleg økonomi og berekrafta til eit samfunn
  • drøfte konsekvensar av menneskeskapte klimaendringar
  • reflektere over korleis identitetsutvikling kan komme i konflikt med forventingar frå ulike fellesskap, og utforske kva som kan bidra til respekt og toleranse for at vi alle er ulike
  • beskytte digitalt utstyr og informasjon, dokumentere eigne digitale fotavtrykk og reflektere over høvet til å verne om retten ein sjølv og andre har til privatliv og personvern
  • reflektere over kva som påverkar eigne og andre sine grenser knytte til kropp, seksualitet og rus, og forstå kor viktig det er å respektere grenser
  • drøfte ulike former for makt og gjere greie for sterke og svake sider ved demokratiet i Noreg med utgangspunkt i ei aktuell problemstilling
  • drøfte korleis samfunnsmodellen i Noreg er utforma for å vareta grunnleggjande behov, og korleis systemet er avhengig av både rettar og plikter
  • bruke digitale ressursar til å designe og utvikle samfunnsfaglege produkt
  • velje ressursar for digital samhandling for å drøfte samfunnsfaglege tema

Undervegsvurdering

Elevane skal få høve til å utvikle kompetanse i faget gjennom undervegsvurderinga. Elevane viser kompetanse på 8., 9. og 10. trinn når dei viser forståing for samanhengar mellom historiske, geografiske og notidige forhold og korleis desse påverkar samfunnet, menneska og naturen. Elevane viser òg kompetanse i faget når dei reflekterer åleine og saman med andre både munnleg og skriftleg og kritisk vurderer samfunnsfaglege problemstillingar. Elevane viser kompetanse når dei bruker samfunnsfaglege metodar og kunnskap om historiske, geografiske og samfunnsmessige forhold for å forstå seg sjølv, samtida og framtida. Elevane viser kompetanse når dei bruker kunnskap og ferdigheiter saman for å kunne vere aktive medborgarar og finne berekraftige løysingar, og når dei bruker samfunnsfaglege metodar for aktivt å skape og søkje kunnskap og stille seg kritisk til informasjon og etablerte sanningar. Læraren skal planleggje den vidare læringa med utgangspunkt i kompetansen elevane viser.

Læraren skal leggje til rette for aktiv læring, forståing og kritisk tenking og bidra til at elevane er nysgjerrige på og søkjer kunnskap om samfunnsfaglege problemstillingar. Læraren skal la elevane medverke i vurderinga av eiga og andre si læring gjennom å gi og få tilbakemeldingar som motiverer for vidare læring. Når elevane undrar seg og reflekterer over, samtaler om og utforskar kunnskap om og samanhengen mellom geografi, historie og samfunnskunnskap, skal elevane utvikle kompetanse i faget.

Standpunktvurdering

Standpunktvurderinga skal uttrykkje elevane sin sluttkompetanse i faget. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at elevane på varierte måtar får vise den samla kompetansen sin i samfunnsfag, både munnleg og skriftleg. Standpunktvurderinga skal fastsetjast ut frå ei heilskapsvurdering som er basert på korleis elevane bruker samfunnsfagleg kunnskap og metode, og korleis dei forstår samanhengar mellom geografi, historie og samfunnskunnskap og løyser utfordringar og oppgåver i kjende og ukjende samanhengar og situasjonar. Kompetansen til elevane skal òg komme fram gjennom kritisk tenking og refleksjon over samfunnsfagleg innhald.

Vurderingsordning

Elevane skal ha éin standpunktkarakter etter 10. trinn.

Eksamensordningane i faget skal sendast på høyring og ferdigstillast seinare.

1. Uttrykkjer læreplanen tydeleg det viktigaste som alle elevane skal lære?
2. Gir læreplanen skulen og lærarane tilstrekkeleg handlingsrom?
3. Gir læreplanen rom for ein aktiv og medverkande elev slik eleven er beskriven i overordna del?
4. Er verdigrunnlaget i overordna del tydeleg reflektert i læreplanen?
5. Er det ein god samanheng mellom dei ulike delane i læreplanen i dette faget?
6. Har læreplanen eit realistisk omfang sett opp mot timetalet i faget?
7. Legg læreplanen til rette for djupnelæring?
8. Er språket i læreplanen klart og tydeleg?
9. Er det samiske innhaldet godt vareteke i læreplanen?
10. Er dei tverrfaglege temaa integrerte i læreplanen på ein måte som er relevant for faget?
11. Legg læreplanen godt til rette for å vareta læringa og utviklinga til dei yngste barna?
12. Legg læreplanen godt til rette for tilpassa opplæring?
13. Legg læreplanen til rette for god progresjon i faget?
14. Vil tekstane om undervegs- og standpunktvurdering fungere som ei god støtte i vurderingsarbeidet?
15. Er læreplanen tilstrekkeleg framtidsretta?
16. Legg læreplanen til rette for at elevane utviklar fagleg kompetanse som førebur dei på vidare utdanning og/eller samfunns- og arbeidsliv?
17. Faga i grunnskolen har kompetansemål etter ulike trinn. Har du synspunkt på dette?
18. Tekstane Fagrelevans og Verdiar og prinsipp skal skrivast saman til éin tekst i dei endelege læreplanane. Kva for eit innhald i dei to tekstane meiner du det er viktig å ta med vidare i den samanskrivne teksten?
19. I læreplanane er det kompetansemål etter 2. trinn i nokre fag og etter 4. trinn i andre fag. Er det på lengre sikt ei god løysing å lage kompetansemål etter 1. trinn for å få til ei god begynnaropplæring og ein betre overgang mellom barnehage og skule?
20. Er perspektiva frå historie, geografi og samfunnskunnskap godt nok varetekne i faget?
21. Det er nytt at samfunnsfag har fått eit særleg ansvar for den digitale ferdigheita. Legg læreplanen godt nok til rette for at alle elevar skal kunne ha gode digitale ferdigheiter etter grunnskolen?
22. To av kjerneelementa heiter det same som dei tverrfaglege temaa. Kjem det tydeleg nok fram kva som skil desse tekstane?
23. I samfunnsfag er det nytt med kompetansemål etter 2. trinn. Har du synspunkt på dette?
24. Har du andre kommentarar eller forslag til endringar i læreplanane?