Ny fråsegn
Status
Innsend til Utdanningsdirektoratet
Innsendt og stadfesta av instansen via e-post
Innsend av
Hilde hermansen
Innsend dato
10. februar 2020
På vegner av
Nord universitet, Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringen
Målgruppe
Universitet / Høgskole (Offentleg)
Avsendar
Utdanningsdirektoratet
Frist for fråsegn
25. februar 2020
Publisert dato
25. november 2019
Vår referanse
2019/11757

Læreplan i design og arkitektur (Høringsutkast)

Om faget

Fagrelevans og sentrale verdiar

Design og arkitektur er eit sentralt fag for å kunne forstå korleis visuell og materiell kultur pregar omgivnadane våre og måtar vi lever og samhandlar på. Gjennom utforskande, kreative og systematiske arbeidsmåtar skal faget bidra til at elevane får utvikle evne til problemløysing, kritisk vurdering og praktiske og skapande ferdigheiter. Faget skal forberede elevane på eit samfunn og arbeidsliv som stiller krav om innovative og berekraftige løysningar innan design og arkitektur.

Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Faget skal bidra til at elevane får utforske idear, kritisk vurdere dei og omsette dei til nye og funksjonelle løysingar. Gjennom refleksjon og etisk medvit bidrar faget til at elevane kan ta vare på omgivnadane og ta omsyn til miljø og berekraft i val av materiale, produkt og tenester. Gjennom arbeid individuelt og saman med andre bidrar faget til å styrkje identitet, etisk medvit og opne for større forståing for kulturelt og sosialt mangfald. Faget skal bidra til at elevane får innsikt i det samiske urfolket sitt kulturuttrykk innanfor design og arkitektur.  Kunnskap om og erfaring med kreative prosessar, entreprenørskap, teknologi og materiale gir eit grunnlag for problemløysing, skaparglede og meistring.

Kjerneelement

Designprosessar

Kjerneelementet designprosessar handlar om ein tenkje- og arbeidsmåte som legg vekt på å utarbeide ulike løysingsforslag. Gjennom kreativt, utforskande og strukturert prosessarbeid individuelt eller i grupper, får elevane jobbe med å forbetre eksisterande idear og utvikle løysingar for framtidige utfordringar. Kjerneelementet bidreg til styrkje evna til å presentere idear ved hjelp av skisser og modellar.

Form og funksjon

Kjerneelementet form og funksjon handlar om å få innsikt i karakteristiske eigenskapar ved to- og tredimensjonal formgiving, og korleis dette kan bli nytta for å skape funksjonelle rom, produkt og uttrykk. Den praktiske og teoretiske opplæringa gir elevane eit grunnlag for å utarbeide forslag til design- og arkitekturløysingar. Å arbeide med komplekse forhold mellom storleikar, formspråk, konstruksjon, visualisering, teknologi, ergonomi og rom inngår. Det å gjere greie for krav til og val av estetiske og funksjonelle løysingar står sentralt.

Teknikk og materiale

Kjerneelementet teknikk og materiale handlar om å utforske eit mangfald av materiale, verktøy, programvare og teknikkar som grunnlag for design- og arkitekturprosessar. Gjennom praktisk arbeid får elevane erfaring med kva teknikkar som er best eigna til ulike oppdrag og kva kvalitetar, eigenskapar og uttrykk som finst i materiala. Det blir lagt vekt på helse, miljø og sikkerheit i tillegg til etiske vurderingar og val knytt til haldbarheit, ressursforbruk og konsekvensar for naturen og miljøet.

Brukarorientering

Kjerneelementet brukarorientering handlar om å setje brukaren i sentrum, og legg vekt på å gjere tenester, produkt og fysiske omgivnader brukarvennlege. Det handlar om å kartlegge målgrupper, utføre behovsanalyse og ta omsyn til eit mangfald av brukarar for å utvikle tilpassa og framtidsretta løysingar. Å utvikle evna til å kunne inngå i samspel med brukarar og oppdragsgivarar er sentralt. Brukarorientering legg eit grunnlag for å forstå at brukarbehov må vurderast opp imot innverknad på naturen og eventuelle følgjer for framtidige generasjonar.

Arkitektur og design i kontekst

Kjerneelementet arkitektur og design i kontekst handlar om å utvikle medvit om mangfald i kultur, formspråk og byggjeskikk i ulike epokar. Produkt, gjenstandar og bygningar undersøkjast med tanke på kontekst, miljø og i lys av design og arkitekturhistorie. Å utvikle evne til å forstå og sjå samanheng mellom tradisjon og nyskaping og korleis dette kjem til uttrykk både lokalt, nasjonalt og globalt, er sentralt.

Tverrfaglege tema

Folkehelse og livsmeistring

I design og arkitektur handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om å gjere elevane oppmerksame på utforming av fysiske omgivnader, produkt og teknologi og korleis dette kan påverke helse og livskvalitet. Gjennom kritisk refleksjon og praktiske prosessar utviklar elevane empati og interesse for å designe nye og brukarvenlege løysingar og evne til å meistre utfordringar. Aktiv deltaking i både eigen og andre sin arbeidsprosessar kan bidra til å styrkje identiteten og sjølvbiletet til elevane.

Demokrati og medborgarskap

I design og arkitektur handlar det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap om å leggje vekt på brukarorientering og inkluderande løysingar. Innsikt i universell utforming kan bidra til å forstå korleis design og arkitektur kan liggje til grunn for utforming av fysiske og digitale omgivnader, produkt og teneste.

Berekraftig utvikling

I design og arkitektur handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om å gjere elevane medvitne om det etiske ansvaret vi har for å ta vare på naturen og miljøet, og på korleis ressursar blir forvalta i samfunnet. Vidare handlar det om å legge vekt på utvikling og val av berekraftige og formålstenlege løysingar. Det handlar og om å ta omsyn til forholdet mellom menneske, natur og bygd miljø.

Grunnleggjande ferdigheiter

Munnlege ferdigheiter

Munnlege ferdigheiter i design og arkitektur inneber å kunne samtale om og formidle kva som er ideen bak eit produkt eller ei teneste. Det inneber å kunne bruke fagspråk i presentasjonar og argumentere fagleg for eige og andre sitt arbeid i ulike kontekstar er sentralt. Vidare inneber det å nytte munnlege ferdigheiter til å gjere seg opp ei meining, byggje relasjonar, skape effektiv kommunikasjon og formidle ein bodskap.

Å kunne skrive

Å kunne skrive i design og arkitektur inneber å kunne kommunisere og formidle eigne meiningar, fakta, prosessar, idear og haldningar. Det inneber å øve opp evna til å reflektere over og vurdere eige arbeid og eiga læring i faget. Vidare inneber det å gjennom teikning å utvikle, formulere og uttrykke idéar. Vidare inneber det å velje skrifttypar, kombinere tekst og bilde i arbeid med layout og utforme fagleg visuelt materiale.

Å kunne lese

Å kunne lese i design og arkitektur inneber å kunne finne, tolke, forstå og bruke fagressursar, tekstar, teikningar og annan visuell representasjon og informasjon. Det inneber å meistre eit visuelt språk, som kan gi større fagleg forståing og betre evne til å gjere kritiske vurderingar og trekkje grunngjevne slutningar.

Å kunne rekne

Å kunne rekne i design og arkitektur inneber å kunne bruke kunnskap om volum, flate, areal og geometriske storleikar i det praktiske arbeidet. Vidare inneber det å kunne velje riktig målestokk, bruke ulike måleiningar og jobbe med proporsjonar. 

Digitale ferdigheiter

Digitale ferdigheiter i design og arkitektur inneber å kunne velje og bruke relevante digitale program og verktøy i 2D og 3D-arbeidet med å modellere objekt, visualisere og presentere eige arbeid og organisere bilete og tekst. Vidare inneber det å kunne finne informasjon, bruke kjelder, utøve dømmekraft og handtere ein brukar- og delingskultur.

Kompetansemål og vurdering

Kompetansemål og vurdering design og arkitektur 1

Kompetansemål etter design og arkitektur 1

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • bruke ulike metodar innanfor kreativ idéutvikling, individuelt eller i samarbeid med andre, for å gjennomføre og dokumentere ein designprosess
  • kartleggje behov for, undersøke og visualisere berekraftige og funksjonelle løysingar innan design og arkitektur
  • teikne og visualisere rom og form ved hjelp av analoge og digitale verktøy
  • teikne snitt, plan, fasade, og projeksjon- og arbeidsteikning og vurdere hensiktsmessig målestokk
  • forstå og arbeide med korleis menneskekroppen sine mål og proporsjonar dannar utgangspunkt og grunnleggjande referansar for design og arkitektur
  • utforske kvalitetar ved form, farge, materiale og teknikk, og bruke erfaringane i praktisk problemløysing
  • bruke verktøy og verkstader i tråd med gjeldande retningsliner for helse, miljø og tryggleik
  • byggje modellar og prototypar fysisk og digitalt, og synleggjere konstruksjon, form og funksjon i desse
  • utforske korleis kombinasjonar av tekst og bilete kommuniserer med ulike målgrupper og bruke dette i eige arbeid
  • kjenne til samiske kulturuttrykk og gjere greie for særtrekk ved lokale og samiske form- og byggjetradisjonar
  • kjenne til hovudtrekk i vestlege handverkstradisjonar og arkitekturhistorie fram til 1600-talet og hente inspirasjon frå dette til eige arbeid

Undervegsvurdering

Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i design og arkitektur 1. Elevane viser og utviklar kompetanse i faget når dei gjennom kreative prosesser utviklar og visualiserer løysningar. Elevane viser og utviklar også kompetanse når dei bruker fagspråk, dokumenterer, presentere, vurdere og brukar ulike teknikkar og materiale i eige arbeid. Elevane viser og utviklar kompetanse når dei arbeider med visuelle verkemiddel, berekraft og praktisk problemløysing i design- og arkitekturoppgåver. Elevane viser og utviklar elevane kompetanse når dei hentar inspirasjon frå historiske, kulturelle og samfunnsaktuelle kjelder.

Læraren skal legge til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom å utforme varierte praktiske og teoretiske oppgåver som fremjer innovasjon, kreativitet og skaparglede. Læraren skal være i dialog med elevane om utviklinga deira i design og arkitektur, og elevane skal få moglegheit til å prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få moglegheit til å sette ord på kva dei opplever at dei får til, og reflektere over eigen fagleg utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetanse innan eit bredt spekter av oppgåver relatert til design- og arkitekturfeltet.

Standpunktvurdering

Standpunktkarakteren skal være uttrykk for den samla kompetansen eleven har i design og arkitektur ved avslutninga av opplæringa etter design og arkitektur 1. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at elevane får vist kompetansen sin på varierte måtar som inkluderer forståing, refleksjon og kritisk tenking. Læraren skal setje karakter i design og arkitektur basert på kompetansen eleven har vist gjennom varierte praktiske designprosessar for å skape løysingsforslag innan design og arkitektur. 

Kompetansemål og vurdering design og arkitektur 2

Kompetansemål etter design og arkitektur 2

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • bruke designtenking og entreprenørielle metodar for å utvikle berekraftige løysingar for produkt, tenester eller fysiske miljø
  • analysere brukargrupper og utarbeide kravsspesifikasjonar og forslag til løysingar innan design og arkitektur
  • bruke fagomgrep i presentasjon, diskusjon og vurdering av eige og andre sitt arbeid
  • visualisere idear ved å anvende teikning, aksonometri, perspektiv og digitale verktøy som verkemiddel for å ta bevisste val i designprosessar
  • reflektere over kva verknad og symbolverdi fargar har, og synleggjere korleis fargebruk markerer identitet og tilhøyring
  • eksperimentere med konstruksjonar, samanføyingar og volum i arbeid med rom og bygningar og bruke erfaringane i praktisk problemløysing
  • forstå og arbeide med korleis menneskekroppen dannar utgangspunkt for design og lage produkt ut i frå ergonomiske prinsipp
  • undersøke gjenbruk av materiale og drøfte korleis berekraft og miljø påverkar design og arkitektur
  • utforske og bruke layout, skrifttypar og illustrasjonar i grafisk formgiving
  • utforske og skildre funksjonelle eigenskapar og sanselege opplevingar ved design og arkitektur
  • gjere greie for stilartar, handverkstradisjonar, byggeskikk og byplanlegging mellom 1600- og 1900-talet og hente inspirasjon frå dette til eige arbeid

Undervegsvurdering

Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i design og arkitektur 2. Elevane viser og utviklar kompetanse i faget når dei gjennom designprosessar utviklar og visualiserer berekraftige og funksjonelle løysningar. Dei viser og utviklar også kompetanse når dei bruker fagspråk, presenterer, reflekterer over, vurderer og utforskar løysningar, teknikkar og materialbruk. Elevane viser og utviklar kompetanse når dei arbeider med og ser samanhengen mellom form, funksjon, berekraft og brukarvenlegheit i design- og arkitekturoppgåver. Vidare viser og utviklar elevane kompetanse når dei tar i bruk historiske, kulturelle og samfunnsaktuelle kjelder i eige arbeid og bruker visuelle verkemiddel for å formidle eigne løysningar og idear.

Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom å utforme varierte praktiske og teoretiske oppgåver som fremjer innovasjon, kreativitet og skaparglede. Læraren skal være i dialog med elevane om utviklinga deira i design og arkitektur, og elevane skal få moglegheit til å prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få moglegheit til å sette ord på kva dei opplever at dei får til, og reflektere over eigen fagleg utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetanse innan eit bredt spekter av oppgåver relatert til design- og arkitekturfeltet.

Standpunktvurdering

Standpunktkarakteren skal være uttrykk for den samla kompetansen eleven har i design og arkitektur ved avslutninga av opplæringa etter design og arkitektur 2. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at elevane får vist kompetansen sin på varierte måtar som inkluderer forståing, refleksjon og kritisk tenking. Læraren skal setje karakter i design og arkitektur basert på kompetansen eleven har vist gjennom varierte praktiske designprosessar for å skape berekraftige og funksjonelle løysningsforslag innan design og arkitektur. 

Kompetansemål og vurdering design og arkitektur 3

Kompetansemål etter design og arkitektur 3

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • utvikle idéar for innovative og berekraftige løysningar for framtidsorienterte produkt, tenester eller buformer
  • planleggje og gjennomføre prosjekt, i team eller individuelt, ved å utarbeide analysar, arbeide ut frå kravspesifikasjonar og følgje ein tidsplan
  • dokumentere og presentere prosess og forslag til løysingar for ei tilsikta brukargruppe
  • vurdere og utarbeide et visuelt materiale for ein oppdragsgivar
  • utforske eigenskapar og moglegheiter ved form, farge og ulike materiale i arbeid med modellar og prototypar
  • bruke relevante materiale, utstyr og teknologi for å skape ønska form, funksjonalitet og uttrykk i eit produkt og grunngi vala
  • kritisk vurdere arkitektoniske løysingar i nærmiljøet og legge frem forslag, alene eller saman med andre, til nye løysningar av utforming av fysiske omgjevnadar
  • kjenne til regelverk og prinsipp for universell utforming, og kartlegge og analysere korleis bygg, produkt eller tenester er tilpassa ulike brukargrupper
  • drøfte korleis miljø, ressursar og forbruk påverkar val og løysingar innan design og arkitektur
  • kjenne til og beskrive hovudtrekk innan design og arkitektur frå 1900-talet til vår samtid og hente inspirasjon til eige arbeid

Undervegsvurdering

Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i design og arkitektur 3. Elevane viser og utviklar kompetanse i faget når dei gjennom designprosessar utviklar og visualiserer innovative løysningar. Dei viser og utviklar også kompetanse når dei bruker fagspråk, presentere, reflekterer, vurderer og eksperimenterer med teknikk og materiale. Elevane viser og utviklar kompetanse når dei arbeider med og ser samanhengen mellom form, funksjon, berekraft og brukarvenlegheit i design- og arkitekturoppgåver. Vidare viser og utviklar elevane kompetanse når dei tar i bruk historiske, kulturelle og samfunnsaktuelle referansar i eige arbeid og utnyttar visuelle verkemiddel på en hensiktsmessig måte.

Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom å utforme varierte praktiske og teoretiske oppgåver som fremjer innovasjon, kreativitet og skaparglede. Læraren skal være i dialog med elevane om utviklinga deira i design og arkitektur, og elevane skal få moglegheit til å prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få moglegheit til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og reflektere over eigen fagleg utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetanse innan eit bredt spekter av oppgåver relatert til design- og arkitekturfeltet.

Standpunktvurdering

Standpunktkarakteren skal være uttrykk for den samla kompetansen eleven har i design og arkitektur ved avslutninga av opplæringa etter kunst, design og arkitektur 3. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at elevane får vist kompetansen sin på varierte måtar som inkluderer forståing, refleksjon og kritisk tenking. Læraren skal setje karakter i design og arkitektur basert på kompetansen eleven har vist gjennom varierte praktiske designprosessar for å skape innovative løysingsforslag innan design og arkitektur.

Vurderingsordning

Standpunktvurdering

Design og arkitektur 1: Elevane skal ha ein standpunktkarakter.
Design og arkitektur 2: Elevane skal ha ein standpunktkarakter.
Design og arkitektur 3: Elevane skal ha ein standpunktkarakter.

Eksamen for elevar

Design og arkitektur 1: Elevane kan trekkjast ut til praktisk eksamen. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.
Design og arkitektur 2: Elevane kan trekkjast ut til praktisk eksamen. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.
Design og arkitektur 3: Elevane kan trekkjast ut til praktisk eksamen. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

Eksamen for privatistar

Design og arkitektur 1: Privatistane skal opp til praktisk eksamen. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.
Design og arkitektur 2: Privatistane skal opp til praktisk eksamen. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.
Design og arkitektur 3: Privatistane skal opp til praktisk eksamen. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

1. Er læreplanen relevant for dei behova eleven, samfunnet og arbeidslivet har?
Ja

Ja
Vi er glade for at det i den innledende delen Om faget blir presisert at fagene skal bidra til at elevene får innsikt i det samiske urfolket sine kulturuttrykk innenfor design og arkitektur. Å tydeliggjøre dette i den innledende delen, forplikter skoler og lærere i hele landet, men det må også i større grad formuleres i kompetansemålene.

2. Er sentrale verdiar og prinsipp frå overordna del synleggjorde i læreplanen på ein god og relevant måte?
Ja

Sentrale verdier fra overordnet del er tydelige og koblet til design og arkitektur på en faglig relevant måte. Det gir mening.

3. Beskriv kjerneelementa det mest sentrale faglege innhaldet elevane skal lære?
Ja

Kjerneelementene har fått gode og beskrivende navn. Flott at kjerneelementet som i forrige innspillsrunde ble kalt formkultur og samfunn, nå har fått navnet arkitektur og design i kontekst. Dette gir mening.  

4. Utgjer dei utvalde tverrfaglege temaa ein sentral del av innhaldet i programfaga?
Ja

Folkehelse og livsmestring: Veldig bra at kritisk refleksjon er knyttet til praktiske prosesser i den andre setningen.

5. Er dei utvalde grunnleggjande ferdigheitene integrerte i læreplanen på ein god måte?
Ja

Muntlige ferdigheter: Bra innhold, setning nummer to er feilformulert.

Å kunne skrive: Bra innhold. Foreslår følgende omskriving av setning nummer tre og fire: Vidare inneber det å utvikle, formulere og uttrykke idear gjennom teikning. Det inneber og å velje skrifttypar....

Å kunne rekne: Bra, men hvorfor er dette med å lære elevene noe om pris- og materialmessige overslag, altså kostnadsoverslag tatt bort? Er ikke dette grunnleggende både i designtenkning, produktutvikling og eventuell produksjon? Elevene skal jo ha kompetanse i å forholde seg til en oppdragsgiver, samt drøfte hvordan ressurser og forbruk påvirker valg av løsninger (Vg3). Ofte inngår også økonomi som del av en kravspesifikasjon. Vi tenker videre at det har stor sammenheng med kjerneelementet Brukarorientering og hvordan ressurser forvaltes i samfunnet, noe som jo er en del av det tverrfaglige temaet Bærekraftig utvikling.

6. Varetek kompetansemåla det viktigaste elevane skal lære i faget?
Ja

Læreplangruppa fortjener ros for at kompetansemålene nå er tydeligere og mer presise. Flere mål med lignende innhold er slått sammen, og formuleringene er bra.
Godt at det er et uttalt mål at kompetanse (kunnskaper og ferdigheter) innen farge, materialer, teknikker og verktøy forventes allerede fra Vg1. Slik var det ikke i forrige utkast. Vi er glade for at bruken av verb er endret fra gjere greie for til drøfte i det nest siste målet på Vg3.

7. Legg kompetansemåla til rette for lokal tilpassing?
Ja
Ingen kommentar frå instansen
8. Opnar læreplanen for å kunne leggje til rette for samisk innhald for alle elevar?
Veit ikkje

Vg1: Bra at elevene ikke bare skal kjenne til, men også kunne gjere greie for samiske kulturuttrykk.

Det er en fare for at samisk arkitektur og kulturhistorie, samt innovasjoner innen form, materialbruk og teknikker knyttet til samisk formspråk, ikke vektlegges i det videre opplæringsløpet, dersom det ikke kommer tydeligere fram i kompetansemålene etter Vg1. Vår påstand at det samiske perspektivet har lett for å forsvinne, usynliggjøres og «glemmes» bort. Dette er særlig viktig med tanke på å operasjonalisere viktige deler av verdigrunnlaget og de tverrfaglige temaene, slik at det blir en del av skolenes praksis.

Vi foreslår derfor at det nest siste kompetansemålet på Vg3 formuleres slik:

  • drøfte korleis miljø, ressursar og forbruk påverkar val og løysingar innan design og arkitektur, også innan samiske kulturuttrykk.

    Med dette vil det også være en progresjon fra kjenne til, via gjere greie for til drøfte.
9. Har læreplanen eit realistisk omfang sett opp mot timetalet?
Veit ikkje

Læreplanen er svært ambisiøs.

10. Fungerer tekstane om undervegs- og standpunktvurdering som ei støtte for læraren i vurderingsarbeidet?
Ja

Det blir spennende å se hvordan disse vurderingstekstene kommer til å fungere. 

Vi ser at det er en tydelig og faglig forståelig progresjon fra Vg1 til Vg2 og Vg3. Dette gjelder både underveis- og standpunktvurdering. 

11. Er det er ein god samanheng mellom Om faget og Kompetansemål og vurdering?
Ja
Ingen kommentar frå instansen
12. Er læreplanen framtidsretta nok?
Ja
Ingen kommentar frå instansen
13. Er språket i læreplanen klart og tydeleg?
Ja
Ingen kommentar frå instansen