Ny fråsegn
Status
Innsend til Utdanningsdirektoratet
Innsendt og stadfesta av instansen via e-post
Innsend av
Hilde Hermansen
Innsend dato
10. februar 2020
På vegner av
Nord universitet, Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringen
Målgruppe
Universitet / Høgskole (Offentleg)
Avsendar
Utdanningsdirektoratet
Frist for fråsegn
25. februar 2020
Publisert dato
25. november 2019
Vår referanse
2019/11756

Læreplan i kunst og visuelle verkemiddel (Høringsutkast)

Om faget

Fagrelevans og sentrale verdiar

Kunst og visuelle verkemiddel er eit sentralt fag for å sette seg inn i og forstå historisk og samtidig kunst, medium og visuelle uttrykk. Gjennom utforskande, praktiske og skapande prosesser skal faget bidra til at elevane får utvikle estetisk sans og evne til kritisk refleksjon. I faget står kunnskap om visuelt språk og bruk av visuelle verkemiddel sentralt. Gjennom arbeid med eige uttrykk og ytringar bidrar faget til å utvikle engasjement og aktiv deltaking i kultur, samfunn og arbeidsliv.

Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Kunst og visuelle verkemiddel skal bidra til skaparglede og utforskartrong gjennom arbeid med estetiske uttrykksformer og praktisk, kreativt arbeid. Faget gir rom for meiningsbryting og demokratisk medverknad ved at elevane får arbeide skapande alene eller saman med andre og reflektere over eigne inntrykk. Med kjennskap til måtar kunst kan undersøkje samfunnsaktuelle tema på, kan elevane øve opp evna til å oppleve, undre seg, og sjå nye moglegheiter i kjente og ukjente situasjonar. Kunst og visuelle verkemiddel skal gi elevane grunnlag for å forstå verdien av berekraftig utvikling, og akseptere kulturell variasjon og sosialt mangfald. Faget skal og bidra til at elevane får ein innsikt i det samiske urfolket sine kulturuttrykk. Gjennom arbeid med faget kan elevane utvikle mot, viljestyrke og dømmekraft knytt til etikk og verdiar.

Kjerneelement

Skapande prosessar

Kjerneelementet skapande prosessar handlar om praktisk skapande arbeid der både kreative og utforskande metodar er sentralt. Kjerneelementet handlar om innsikt i og erfaring med kunstnarisk praksis frå idé til presentasjon. Gjennom skapande prosessar kan elevane få erfaring med korleis kunst og visuelle uttrykk kan engasjere, stille spørsmål, auke toleranse og skape meining. Prosessarbeidet kan både ha sjølvstendig verdi og resultere i eit individuelt eller felles uttrykk, satt i ein kontekst.

Visuelle verkemiddel

Kjerneelementet visuelle verkemiddel omfattar utforsking av kva element og teknikkar som kanbrukast for å skape bestemte uttrykk. Å kunne forstå og anvende eit visuelt språk er relevant i møte med kunst og visuelle uttrykk, og i eige skapande arbeid. I faget inneber dette oppøving i praktiske ferdigheiter og teoretisk kunnskap om form, farge og komposisjon i ulike medium. Arbeid med visuelle verkemiddel i forhold til intensjon, og å kunne forstå samanhengar mellom form, materiale og innhald i et visuelt uttrykk inngår.

Teknikk og materiale

Kjerneelementet teknikk og materiale handlar om kunnskap om og arbeid med varierte materiale, verktøy og teknikkar og å øve på å ta tenlege og berekraftige val i kreativt og skapande arbeid. Kjerneelementet handlar om vurdering  og utforsking av ulike medium, verknader, uttrykk og eigenskapar. Innføring i relevant programvare, digitale og manuelle verktøy er vesentleg, og ved val av materiale, teknikkar og arbeidsmetodar står helse, miljø og sikkerheit sentralt.

Uttrykk og meining

Kjerneelementet uttrykk og meining handlar om korleis kunst og visuelle uttrykk kommuniserer, kan skape meining og stille spørsmål. Kunnskap om teikn og symbol kan brukast bevisst i skapande prosessar og bidra til å avkode tydingar i visuelt språk. Å kunne utforske og drøfte dei estetiske, kontekstuelle og innhaldsmessige sidene ved eigne og andre sine form- og biletuttrykk står sentralt.

Kunst og kontekst

Kjerneelementet kunst og kontekst handlar om å gi elevane grunnlag for å forstå kunst og visuelt språk i eit historisk og samtidsperspektiv både lokalt, nasjonalt og globalt. Kjerneelementet handlar også om innføring i fagteori og bruk av fagomgrep for å kunne beskrive, analysere og tolke varierte estetiske arbeid. Å skape kunstopplevingar der ein aktivt kan møte kunst på ulike arenaer står sentralt. Kunst- og kulturhistorie bidreg til kontekst og auka innsikt, og kan vere kjelde til inspirasjon for eigne skapande arbeid. Kjerneelementet handlar også om kulturelt mangfald og refleksjon over korleis visuelle uttrykk speglar og kommenterer utviklinga i samfunnet.

Tverrfaglege tema

Folkehelse og livsmeistring

I kunst og visuelle verkemiddel handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om å arbeide utforskande med samfunnsaktuelle tema som identitet, tilhøyrsle og fellesskap. Vidare handlar det om at innsikt i visuelle uttrykk, medium og kunst kan bidra til ein lærer å uttrykkje følelsar, meiningar og idear. Kritisk refleksjon og vurdering av eigne og andre sine meiningar og visuelle ytringar kan bidra til å styrkje sjølvbiletet til elevane.

Demokrati og medborgarskap

I kunst og visuelle verkemiddel handlar det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap om utforskande og skapande praksis på tvers av kulturelle, sosiale og individuelle forskjellar. Videre handlar det om korleis kunst kan spegle, kritisere og setje søkjelys på aktuelle tema i samtida. Å kunne forstå visuelt språk kan gjer elevane i stand til å delta på fleire måtar i samfunnet.

Berekraftig utvikling

I kunst og visuelle verkemiddel handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om det etiske ansvaret vi har for å ta vare på ressursar, naturen og miljøet. Gjennom praktisk arbeid blir elevane utfordra til å reflektere over skilnadar og samspel menneske i mellom, og over samspelet mellom menneske og natur i ei verd som er i endring. Vidare handlar det tverrfaglege temaet om å kunne sjå alternative og miljøvennlege løysingar for framtida.

Grunnleggjande ferdigheiter

Munnlege ferdigheiter

Munnlege ferdigheiter i kunst og visuelle verkemiddel inneber å kunne samtale om og formidle innhald, tankar knytt til idé, prosess. Det inneber også å bruke fagspråk i presentasjonar og diskusjonar for å analysere, tolke, vurdere og uttale seg om kunst- og visuelle uttrykk. Vidare inneber det å kunne skildre opplevingar og meiningar og forsvare eigne val.

Å kunne skrive

Å kunne skrive i kunst og visuelle verkemiddel inneber å kunne kommunisere gjennom tekst, teikn, bilete og symbol i visuelle uttrykk. Det inneber å kunne visualisere informasjon, fakta, idear og haldningar og byggje opp fagtekstar ved hjelp av fagomgrep og visuelle verkemiddel. Vidare inneber det å velje skrifttypar, kombinere tekst og bilde i arbeid med layout og utforme fagleg visuelt materiale.

Å kunne lese

Å kunne lese i kunst og visuelle verkemiddel inneber å kunne forstå, undersøkje, bruke og reflektere over tekst og visuell informasjon. Det inneber å kunne lese eit visuelt språk, som kan gi større fagleg forståing og betre evne til å gjere kritiske vurderingar og trekkje grunngjevne slutningar.

Å kunne rekne

Å kunne rekne i kunst og visuelle verkemiddel inneber å kunne definere form, proporsjonar, volum og kunne bruke dette i det praktiske arbeidet. Det inneber å arbeide med skala, målestokk og geometri. Vidare inneber det å arbeide med oppløysing og filstorleiker i arbeid med digitale filer.

Digitale ferdigheiter

Digitale ferdigheiter i kunst og visuelle verkemiddel inneber å kunne bruke eigna programvare og teknologi til å produsere sjølvstendige kunstnariske arbeid, visualiseringar, presentasjonar og dokumentasjon. Det inneber å kunne innhente og sortere informasjon og handtere ein brukar- og delingskultur i digitale og sosiale medium. Vidare inneber det å vere bevisst på reglar for opphavsrett og personvern.

Kompetansemål og vurdering

Kompetansemål og vurdering kunst og visuelle verkemiddel 1

Kompetansemål etter kunst og visuelle verkemiddel 1

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • utvikle idéar ved å bruke skapande og utforskande metodar
  • gjennomføre, dokumentere og presentere ein prosess frå ide til ferdig arbeid
  • anvende visuelle verkemiddel i eige arbeid for å uttrykke tankar, følelsar og meiningar
  • bruke grunnleggjande prinsipp for komposisjon, form og farge og vurdere verknadar som oppstår
  • konstruere perspektiv og oppnå illusjon av rom ved bruk av ulike verkemiddel og prinsipp
  • bruke ulike teikneteknikkar og teikne etter observasjon, etterlikning, fantasi og hukommelse
  • anvende og eksperimentere med varierte analoge og digitale verktøy, teknikkar og programvare i eigne arbeid
  • bruke fagomgrep for å beskrive og vurdere eigne og andre sine uttrykk
  • anvende verktøy, utstyr og materiale i tråd med gjeldande retningsliner for helse, miljø og tryggleik
  • hente inspirasjon og bruke referansar frå eit mangfald av aktuelle kunstuttrykk
  • gjere greie for særtrekk i vestleg kunst fram til 1600-talet og hente inspirasjon til eige arbeid

Undervegsvurdering

Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i kunst og visuelle verkemiddel 1. Elevane viser og utviklar kompetanse i faget når dei gjennom skapande, praktiske prosessar utviklar og formidlar eigne og andre sine visuelle uttrykk. Dei viser og utviklar også kompetanse når dei bruker fagspråk, presenterer og vurderer ulike kunst, medium og visuelle uttrykk. Elevane viser og utviklar kompetanse når de arbeider med uttrykk, mening, materiale og teknikk i skapande arbeid. Videre viser og utviklar elevane kompetanse når de hentar inspirasjon frå historiske, kulturelle og samfunnsaktuelle kjelder.

Læraren skal legge til rette for elevmedverking og stimulere til lærelyst gjennom å utforme varierte praktiske og teoretiske oppgåver som fremmer kreativitet, individuelt særpreg og skaparglede. Læraren skal være i dialog med elevane om deira utvikling i kunst og visuelle verkemiddel 1, og elevane skal få moglegheit til å prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få moglegheit til å sette ord på kva dei opplever at dei får til, og reflektere over eigen fagleg utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetanse innan eit bredt spekter av oppgåver relatert til kunstfeltet og bruk av visuelle verkemiddel.

Standpunktvurdering

Standpunktkarakteren skal være uttrykk for den samla kompetansen eleven har i kunst og visuelle verkemiddel ved avslutninga av opplæringa etter kunst og visuelle verkemiddel 1. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at elevane får vist kompetansen sin på varierte måtar som inkluderar formidling, refleksjon og vurdering av eigne og andre sitt arbeid. Læraren skal setje karakter i kunst og visuelle verkemiddel basert på kompetansen eleven har vist gjennom varierte praktiske, skapande prosessar. 

Kompetansemål og vurdering kunst og visuelle verkemiddel 2

Kompetansemål etter kunst og visuelle verkemiddel 2

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • gjennomføre, dokumentere og presentere ein kunstnarisk prosess og grunngje eigne val
  • bruke analoge og digitale verktøy for mønsterbygging og utvikle eigne mønsterkomposisjonar
  • anvende kunnskap om volum, proporsjonar og forkortingar i teikning av objekt og menneskekroppen
  • bruke ulike handverksteknikkar i arbeid med harde, plastiske og tekstile materiale i tredimensjonale uttrykk
  • reflektere og vurdere haldbarheit, ressursforbruk og konsekvensar for miljøet i val og bruk av materiale, reiskapar og teknikkar
  • anvende handverksteknikkar i eige arbeid og vurdere teknisk kvalitet i digitalt og analogt arbeid
  • bruke kunnskap om form og innhald for å underbyggje ein verknad eller tyding i eige arbeid
  • kjenne til grunnleggjande kommunikasjonsteori og gjere greie for samanheng mellom avsendar, bodskap og betraktar
  • kjenne til ulike måtar å vise kunstnariske arbeid på og i fellesskap lage utstilling
  • utforske korleis samisk identitet kjem til uttrykk i kunstverk, og hente inspirasjon frå samiske kulturuttrykk i eige arbeid
  • kjenne til ulike epokar, sentrale kunstverk og kunstnarar frå 1600- til 1900-talet og hente inspirasjon til eige arbeid

Undervegsvurdering

Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i kunst og visuelle verkemiddel 2. Elevane viser og utviklar kompetanse i faget når dei gjennom skapande, praktiske prosesser utviklar og formidlar visuelle uttrykk. Dei viser og utviklar også kompetanse når dei bruker fagspråk, presenterer, reflekterer over, vurderer og utforskar uttrykk, mening, teknikkar og materiale. Elevane viser og utviklar kompetanse når dei arbeider med og ser samanhengen mellom innhald, uttrykk og kontekst i kunst, medium og visuelle uttrykk. Videre viser og utviklar elevane kompetanse når dei brukar historiske, kulturelle og samfunnsaktuelle kjelder i eige arbeid og bruker visuelle verkemiddel for å formidle eigne tankar og idear.

Læraren skal legge til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom å utforme varierte, praktiske og teoretiske oppgåver som fremjer kreativitet, individuelt særpreg og skaparglede. Læraren skal være i dialog med elevane om deira utvikling i kunst og visuelle verkemiddel, og elevane skal få moglegheit til å prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få moglegheit til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og reflektere over eigen fagleg utvikling. Læraren skal gi rettleiing om videre læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetanse innan eit bredt spekter av oppgåver relatert til kunstfeltet og bruk av visuelle verkemiddel.

Standpunktvurdering

Standpunktkarakteren skal være uttrykk for den samla kompetansen eleven har i kunst og visuelle verkemiddel ved avslutninga av opplæringa etter kunst og visuelle verkemiddel 2. Læraren skal planlegge og legge til rette for at elevane får vist kompetansen sin på varierte måtar som inkluderer forståing, refleksjon og kritisk tenking. Læraren skal setje karakter i kunst og visuelle verkemiddel basert på kompetansen eleven har vist gjennom varierte praktiske, skapande prosessar.

Kompetansemål og vurdering kunst og visuelle verkemiddel 3

Kompetansemål etter kunst og visuelle verkemiddel 3

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • gjennomføre, dokumentere og presentere ein skapande prosess, individuelt eller saman med andre, og kritisk vurdere vala frå idé til ferdig arbeid
  • gjere greie for nyare kunstmedium og bruke kunnskapen i ein praktisk utforskande prosess
  • analysere innhald, uttrykk og kontekst sin verknad i kunst, medium og visuelle uttrykk og bruke erfaringane til å uttrykke tolkingar, meiningar og følelsar i eige skapande arbeid
  • undersøkje og ta i bruk alternative stadar for produksjon og visning av kunst og vurdere betydning av kontekst
  • bruke teikning for å kommunisere haldningar, tankar og idéar, og utforske teikning som sjølvstendig kunstform på analoge og digitale flater
  • bruke forenkling, stilisering og abstraksjon av form i arbeid med skulptur eller installasjon
  • eksperimentere med gjenbruk av materiale i skapande arbeid, og reflektere over miljøbevisst ressursbruk
  • reflektere over og kritisk vurdere estetiske og etiske problemstillingar knytt til visuelle uttrykk, og følgje reglar for publisering og opphavsrett
  • gjere greie for bilete- og formuttrykk i eiga samtid, og utforske og vise korleis samfunnsaktuelle tema og verdiar vert opplevd, belyst og kommentert
  • gjere greie for sentrale epokar, kunstnarar og verk frå 1900-talet og samtida og hente inspirasjon til eigne uttrykk

Undervegsvurdering

Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i kunst og visuelle verkemiddel 3. Elevane viser og utviklar kompetanse i faget når de gjennom skapande, praktiske prosessar utviklar og formidlar visuelle uttrykk. Dei viser og utviklar også kompetanse når dei brukar fagspråk, presenterar, reflekterer over og vurderer kunst, medium og visuelle uttrykk. Elevane viser og utviklar kompetanse når dei arbeider med og utforskar samanhengen mellom uttrykk, meining, materiale og teknikk i eige skapande arbeid. Videre viser og utviklar elevane kompetanse når dei tar i bruk historiske, kulturelle og samfunnsaktuelle referansar i eige arbeid og anvende visuelle verkemiddel på ein hensiktsmessig måte.

Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom å utforme varierte praktiske og teoretiske oppgåver som fremjer kreativitet, individuelt særpreg og skaparglede. Læraren skal være i dialog med elevane om utviklinga deira i kunst og visuelle verkemiddel, og elevane skal få moglegheit til å prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få moglegheit til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og reflektere over eigen fagleg utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetanse innan eit bredt spekter av oppgåver relatert til kunst, medium og visuelle uttrykk og bruk av visuelle verkemiddel.

Standpunktvurdering

Standpunktkarakteren skal være uttrykk for den samla kompetansen eleven har i kunst og visuelle verkemiddel ved avslutninga av opplæringa etter kunst og visuelle verkemiddel 3. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at elevane får vist kompetansen sin på varierte måtar som inkluderer forståing, refleksjon og kritisk tenking. Læraren skal setje karakter i kunst og visuelle verkemiddel basert på kompetansen eleven har vist gjennom varierte praktiske, skapande prosessar. 

Vurderingsordning

Standpunktvurdering

Kunst og visuelle verkemiddel 1: Elevane skal ha ein standpunktkarakter
Kunst og visuelle verkemiddel 2: Elevane skal ha ein standpunktkarakter
Kunst og visuelle verkemiddel 3: Elevane skal ha ein standpunktkarakter

Eksamen for elevar

Kunst og visuelle verkemiddel 1: Elevane kan trekkjast ut til praktisk eksamen. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.
Kunst og visuelle verkemiddel 2: Elevane kan trekkjast ut til praktisk eksamen. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.
Kunst og visuelle verkemiddel 3: Elevane kan trekkjast ut til praktisk eksamen. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

Eksamen for privatistar

Kunst og visuelle verkemiddel 1: Privatistane skal opp til praktisk eksamen. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.
Kunst og visuelle verkemiddel 2: Privatistane skal opp til praktisk eksamen. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.
Kunst og visuelle verkemiddel 3: Privatistane skal opp til praktisk eksamen. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

1. Er læreplanen relevant for dei behova eleven, samfunnet og arbeidslivet har?
Ja
Ingen kommentar frå instansen
2. Er sentrale verdiar og prinsipp frå overordna del synleggjorde i læreplanen på ein god og relevant måte?
Ja
Ingen kommentar frå instansen
3. Beskriv kjerneelementa det mest sentrale faglege innhaldet elevane skal lære?
Ja

Håper ikke dette oppfattes som flisespikkeri, men begreper er viktige.

Skapende prosesser, i første setning: 

  • Er det lurt å bytte begrepet analytisk (fra forrige utkast) med utforskende når det er snakk om metoder? I forrige utkast stod det analytiske og intuitive metoder, nå står det kreative og utforskende metoder. Ved bruk av begrepet analytisk mener vi at spennet eller bredden av tenkemåter i skapende prosesser kommer tydeligere fram (divergente og konvergente måter å tenke og arbeide på).
  • Hva skiller en kreativ metode fra en utforskende metode? Jamfør verb-forklaringen i de digitale læreplanene som allerede er publisert handler å utforske om "å oppleve og eksperimentere og kan ivareta nysgjerrighet og undring. Å utforske kan bety å sanse, søke, oppdage, observere og granske. I noen tilfeller betyr det å undersøke ulike sider av en sak gjennom åpen og kritisk drøfting. Å utforske kan også bety å teste eller prøve ut og evaluere arbeidsmetoder, produkter eller utstyr". Vi synes det er vanskelig å se noen stor forskjell på kreative og utforskende metoder, slik teksten er i høringsutkastet. 
  • Eller kanskje er det bruken av begrepsparet kreative og utforskende metoder som skaper uklarhet? Dersom vi legger til grunn Ludvigsenutvalgets definisjon av kreativitet (NOU2015:8, s. 33), så ser vi at både intuisjon og utforsking er en del av kreativitetsbegrepet.
  • Vi foreslår at første setning omformuleres: Kjerneelementet skapande prosessar handlar om praktisk skapande arbeid der både intuitive og analytiske metodar er sentralt.  

Visuelle virkemiddel

  • Vi er veldig fornøyde med endringen fra formale til visuelle virkemiddel.
  • Vi foreslår omformulering av første setning: Kjerneelementet visuelle verkemiddel omfattar utforsking av form, farge, materiale og teknikkar og sammenhengen mellom disse elementa for å oppnå bestemte uttrykk.
    Dette fordi begrepet element, slik det står i høringsutkastet, oppfattes som uklart. Ved en slik omformulering mener vi siste setning kan droppes, da innholdet blir ivaretatt i første setning (bestemte uttrykk ivaretar intensjon og innhold i visuelle uttrykk).

Teknikk og materialer

  • Siste setning bør deles opp, slik at HMS ikke bare kobles til første del av setningen. Vi foreslår: Innføring i relevant programvare, digitale og manuelle verktøy er vesentleg. Ved val av materiale, teknikkar og arbeidsmetodar står helse, miljø og sikkerheit sentralt. 


4. Utgjer dei utvalde tverrfaglege temaa ein sentral del av innhaldet i programfaga?
Ja
Ingen kommentar frå instansen
5. Er dei utvalde grunnleggjande ferdigheitene integrerte i læreplanen på ein god måte?
Ja
Ingen kommentar frå instansen
6. Varetek kompetansemåla det viktigaste elevane skal lære i faget?
Veit ikkje

Vi mener kompetansemålene stort sett ivaretar det viktigste elevene skal lære i faget, slik det er formulert i kjerneelementene.
Det er likevel noen (ikke uvesentlige) målformuleringer vi foreslår å endre.

Kunst og visuelle verkemiddel 1

  • Kompetansemålene er blitt mer presise og kortfattede, bra.
  • Ad. kulepunkt fire: bruke grunnleggjande prinsipp for komposisjon, form og farge og vurdere verknadar som oppstår
    I kompetansemålet snakkes det om grunnleggende prinsipper for komposisjon, form og farge. Komposisjonsprinsipper er et kjent fagbegrep. Prinsipper i form, formprinsipper, hva menes med det? Menes det kontrast, retning, bevegelse, proporsjoner, størrelse? Eller handler prinsipper om helhet, likevekt, balanse, symmetri, asymmetri? Er organisk og geometrisk form en del av den nye læreplanens prinsipper for form? Og hvilke prinsipper for farge er det snakk om? Er det at vi i prinsippet skiller mellom additiv og subtraktiv fargeblanding. Det er jo to ulike prinsipper for farge.
  • Målet er uklart og enda viktigere: Noe har forsvunnet på veien, nemlig kompetanse (kunnskaper og ferdigheter) knyttet til grunnleggende form- og fargeteori.
  • Vi foreslår å dele kulepunkt fire i to ulike kompetansemål
    - bruke grunnleggende prinsipp for komposisjon i eige arbeid
    - anvende grunnleggjande form- og fargeteori i eige skapande arbeid og vurdere verknader som oppstår

Kunst og visuelle verkemiddel 2

  • Kompetansemålene er blitt mer presise og kortfattede, bra.
  • Ad. kulepunkt fem: reflektere og vurdere haldbarheit, ressursforbruk og konsekvensar for miljøet i val og bruk av materiale, reiskapar og teknikkar. Vi foreslår en forenkling av målet: vurdere haldbarheit, ressursforbruk og konsekvensar for miljøet i val av materiale, reiskapar og teknikkar. Vi mener forenklingen kan gjøre underveis- og standpunktvurdering mer håndterlig for dette kompetansemålet.
  • Ad. kulepunkt 10: utforske korleis samisk identitet kjem til uttrykk i kunstverk, og hente inspirasjon frå samiske kulturuttrykk i eige arbeid.
    Vi er opptatt av at samisk identitet ikke betraktes og behandles som noe gitt eller statisk. En fare med å bruke begrepet, slik det er brukt i kompetansemålet, er at man viderefører stereotypiske forestillinger til elevene. Dette er vanskelig, men vi gjør et forsøk på alternativ formulering:
    - utforske kunstverk fra ulike samiske kunstnere og reflektere over begrepet samisk identitet knyttet til disse verkene
    Denne målformuleringen innebærer en refleksjon rundt selve begrepet samisk identitet, noe som både kan knyttes til tverfaglige tema, til det å "gi elevane grunnlag for å forstå kunst og visuelt språk i eit historisk og samtidsperspektiv" (kjerneelementet Kunst i kontekst) og til formål for faget.

Kunst og visuelle verkemiddel 3

  • Ad. kulepunkt tre: analysere innhald, uttrykk og kontekst sin verknad i kunst, medium og visuelle uttrykk og bruke erfaringane til å uttrykke tolkingar, meiningar og følelsar i eige skapande arbeid. Dette er en svært kompleks målformulering. Er det mulig å forenkle noe? Vi tenker på at det skal være mulig å kunne vurdere den kompetansen elevene oppnår basert på målet.
  • Ad. kulepunkt ni, vi foreslår dette tillegget: gjere greie for bilete- og formuttrykk i eiga samtid, inkludert samiske, og utforske og vise korleis samfunnsaktuelle tema og verdiar vert opplevd, belyst og kommentert
7. Legg kompetansemåla til rette for lokal tilpassing?
Ja
Ingen kommentar frå instansen
8. Opnar læreplanen for å kunne leggje til rette for samisk innhald for alle elevar?
Ja

Se ellers pkt. 6.

9. Har læreplanen eit realistisk omfang sett opp mot timetalet?
Ja
Ingen kommentar frå instansen
10. Fungerer tekstane om undervegs- og standpunktvurdering som ei støtte for læraren i vurderingsarbeidet?
Ja

Det er litt vanskeligere å få øye på en tydelig progresjon i vurderingstekstene i kunst og visuelle virkemidler sammenlignet med design og arkitektur.

Et spørsmål:

  •  På Vg1 er det et kompetansemål som handler om at elevene skal kunne anvende visuelle verkemiddel i eige arbeid for å uttrykke tankar, følelsar og meiningar. Det står ingenting i teksten om underveisvurdering at dette skal vektlegges. På Vg2, derimot, finner vi denne formuleringen under Underveisvurdering: Videre viser og utviklar elevane kompetanse når dei brukar historiske, kulturelle og samfunnsaktuelle kjelder i eige arbeid og bruker visuelle verkemiddel for å formidle eigne tankar og idear. På Vg2 er det ikke noe kompetansemål som så tydelig handler om å uttrykke egne tanker, følelser, ideer, som på Vg1.
  • Er det en liten mismatch mellom kompetansemål og vurderingstekster på Vg1 og Vg2akkurat når det gjelder dette?
11. Er det er ein god samanheng mellom Om faget og Kompetansemål og vurdering?
Ja
Ingen kommentar frå instansen
12. Er læreplanen framtidsretta nok?
Ja
Ingen kommentar frå instansen
13. Er språket i læreplanen klart og tydeleg?
Ikkje svart