Ny fråsegn
Status
Innsend til Utdanningsdirektoratet
Innsendt og stadfesta av instansen via e-post
Innsend av
Hilde Hermansen
Innsend dato
24. september 2019
På vegner av
Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa, Nord universitet
Målgruppe
Universitet / Høgskole (Offentleg)
Avsendar
Utdanningsdirektoratet
Frist for fråsegn
27. september 2019
Publisert dato
23. august 2019
Vår referanse
2019/9360

Læreplan i design og arkitektur (Utkast)

Om faget

Fagrelevans og sentrale verdiar

Design og arkitektur handlar om korleis visuell og materiell kultur blir skapt, set rammer for omgivnadene våre og måtar vi bur, lever og samhandlar på. I faget står utforskande tilnærmingsmåtar sentralt og elevane utviklar estetisk medvit, blikk for kvalitet, handlag og kjennskap til ulike materiale og teknikkar. Gjennom å delta i teamarbeid og løyse oppgåve individuelt får elevane erfaring med designprosess, brukarorientering og praktisk problemløysing og konseptutvikling. Faget skal bidra til å øve opp kreative evne, skape interesse for og gi innsikt i utvikling og formgjeving av produkt, tenester, bygningar og fysiske omgivnader. Opplæringa i faget skal medverke til at elevane kan delta i eit samfunn i stadig endring. Design og arkitektur førebur elevane til eit arbeidsliv med nye næringar og endra samarbeidsformer som legg vekt på berekraft, innovasjon og bruk av digitale verktøy.

Faget design og arkitektur byggjer på eit grunnleggjande etisk perspektiv der samarbeid og respekt for andre sine behov og meiningar står sterkt. Gjennom aktive og kreative prosessar lærer elevane å sjå løysingar, dei kan oppleve meistring og få styrkja gjennomføringsevne. Det å vere uthaldande og nysgjerrig, kombinert med evna til å arbeide strukturert, er viktig for djupnelæring og nytenking. Gjennom samarbeid og demokratiske prinsipp blir det lagt vekt på å inkludere og utvikle toleranse. Når elevane får kjennskap til historiske referansar, formtradisjonar og byggjeskikkar i ulike kulturar, styrkjer det identiteten deira og kan bidra til større forståing for kulturelt og sosialt mangfald. Opplæringa legg vekt på at elevane skal utforske og eksperimentere for å komme fram til funksjonelle løysingar både individuelt og saman med andre. Gjennom prosessarbeid med vekt på idémyldring og faglege analysar utviklar elevane evne til å gjere kritiske vurderingar og vise god dømmekraft. I design og arkitektur får elevane kunnskap om materiale, teknologi og berekraft som gir grunnlag for å bidra i eit samfunn som stadig endrar seg.

Kjerneelementer

Kjerneelementa i design og arkitektur rammar inn det viktigaste innhaldet i faget og beskriv det elevane må lære for å kunne meistre og anvende faget.

Designprosess

Designprosess er ein tenkje- og arbeidsmåte innanfor design og arkitektur som legg vekt på å hente inn informasjon, kartleggje behov og utarbeide ulike løysingsforslag. Gjennom utforskande og strukturert prosessarbeid individuelt eller i grupper, får elevane jobbe med å forbetre eksisterande idéar og utvikle løysingar for framtidige utfordringar. Kjerneelementet bidreg til å utvikle kreative evne og kompetanse i designtenking. Sentralt står utvikling og presentasjon av idear ved hjelp av skisser og modellar.

Form og funksjon

Kjerneelementet medverkar til innsikt i karakteristiske eigenskapar ved to- og tredimensjonal formgiving og korleis form innverkar på funksjon og betyding. Den praktiske og teoretiske opplæringa gir elevane eit grunnlag for å utarbeide forslag til design- og arkitekturløysingar. Å arbeide med komplekse forhold mellom storleikar, formspråk, konstruksjon, visualisering, teknologi, ergonomi og rom inngår. Det å gjere greie for krav og val av estetiske og funksjonelle løysingar for å skape gode brukaropplevingar står sentralt. 

Teknikk og materiale

Kjerneelementet legg til rette for å utforske eit mangfald av materiale, verktøy, programvare og teknikkar som grunnlag for design- og arkitekturprosessar. Gjennom praktisk arbeid får elevane erfaring med kva teknikkar som er best egna til ulike oppdrag og kva kvalitetar, eigenskapar og uttrykk som finst i materiala. Det blir lagt vekt på helse, miljø og sikkerheit i tillegg til haldbarheit, ressursforbruk og konsekvensar for miljøet. 

Brukarorientering

Kjerneelementet set brukaren i sentrum og legg vekt på gjere tenester, produkt og fysiske omgivnader brukarvennlege. Det handlar om å kartlegge målgrupper, utføre behovsanalyse og ta omsyn til eit mangfald av brukarar for å utvikle tilpassa og framtidsretta løysingar. Å utvikle evna til å kunne inngå i samspel med brukarar, kundar og samarbeidspartnarar er sentralt. 

Formkultur og samfunn

Kjerneelementet bidreg til å utvikle medvit om mangfald i kultur, formspråk og byggjeskikk i ulike epokar. Produkt, gjenstandar og bygningar undersøkjast med tanke på kontekst, miljø og utvikling over tid. Å utvikle evner til å forstå og sjå samanheng mellom tradisjon og nyskaping og korleis dette kjem til uttrykk både lokalt, nasjonalt og globalt, er sentralt. Design- og arkitekturhistorie inngår. 

Tverrfaglege tema

Folkehelse og livsmeistring

Design og arkitektur bidreg til det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring ved å gjere elevane oppmerksame på utforming av fysiske omgivnader, produkt og teknologi og korleis dette kan påverke helse og livskvalitet. Gjennom praktiske prosessar utviklar elevane mot og interesse til å designe nye og brukarvenlege løysingar. Faget krev aktiv deltaking i både eigen og andre sin arbeidsprosessar, og kan bidra til å styrkje identiteten og sjølvbiletet til elevane. 

Demokrati og medborgarskap

Design og arkitektur bidreg til det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap ved å leggje vekt på brukarorientering og inkluderande løysingar. Faget skal gjere elevane kjent med korleis universell utforming kan liggje til grunn for utforming av fysiske og digitale omgivnader, produkt og teneste. Forbrukarmakt, brukarmedverknad og kjennskap til demokratiske rettar og det offentlege ordskiftet er allmenndannande og sentralt i faget. Faget førebur elevane på å arbeide saman med eksterne fagpersonar, oppdragsgivarar og næringsliv. 

Berekraftig utvikling

Design og arkitektur bidreg i det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling ved å gjere elevane medvitne om det etiske ansvaret vi har for å ta vare på naturen og miljøet, og på korleis ressursar blir forvalta i samfunnet. Faget handlar i stor grad om materiell kultur og fysiske omgivnader, og legg vekt på utvikling og val av berekraftige og formålstenlege materiale. Design og arkitektur kan vere med og løfte fram den sosiale dimensjonen av berekraftomgrepet. 

Grunnleggjande ferdigheiter

Munnlege ferdigheiter

Munnlege ferdigheiter i design og arkitektur inneber å kunne samtale om og formidle kva som er ideen bak eit produkt, konsept eller ei teneste. Å kunne bruke fagspråk i presentasjonar og argumentere fagleg for eige og andre sitt arbeid i ulike kontekstar er sentralt. Elevane nyttar òg munnlege ferdigheiter til å gjere seg opp ei meining, byggje relasjonar, skape effektiv kommunikasjon og formidle ein bodskap. 

Å kunne skrive

Å kunne skrive i design og arkitektur inneber å kunne formidle eigne meiningar, fakta, prosessar, idear og haldningar på ein fagleg måte. Når elevane skriv, øver dei opp evna til å reflektere over og vurdere eige arbeid og eiga læring i faget. Gjennom oppøvde ferdigheiter i handteikning kan elevane utvikle, formulere og kommunisere idéar og konsept visuelt. Det å kunne forstå og visualisere ved bruk av perspektivskisser, plan-, snitt-, oppriss- og fasadeteikningar er ein viktig del av faget. Elevane skal òg kunne kommunisere ved hjelp av tekst, teikn, bilete og symbol i visuelle uttrykk som samansette tekstar, grafisk design og infografikk. 

Å kunne lese

Å kunne lese i design og arkitektur inneber å kunne finne, reflektere over, tolke, forstå og bruke fagressursar, tekstar, teikningar og annan visuell representasjon og informasjon. Å lese snitt- og planteikningar er sentralt i dette faget. Når elevane meistrar eit visuelt språk, kan det gi større fagleg forståing og betre evne til å gjere kritiske vurderingar og trekkje grunngjevne slutningar. 

Å kunne rekne

Å kunne rekne i design og arkitektur inneber å ha kunnskap om måleininga, volum, flate, areal og geometriske storleikar og kunne bruke dette i det praktiske arbeidet. Å kunne foreta pris- og materialmessige overslag, utarbeide teikningar og tabellar, forstå og bruke målestokk både i modellar og teikningar er grunnleggande ferdigheiter i faget. 

Digitale ferdigheiter

Digitale ferdigheiter i design og arkitektur inneber å kunne velje og bruke relevante digitale program og verktøy i 2D og 3D-arbeidet med å modellere objekt, visualisere og presentere eige arbeid og organisere bilete og tekst. Elevane skal opparbeide digitale ferdigheiter så dei kan finne informasjon, bruke kjelder, utøve dømmekraft og handtere ein brukar- og delingskultur.

Kompetansemål og vurdering

Kompetansemål og vurdering design og arkitektur 1

Kompetansemål etter design og arkitektur 1

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • anvende ulike metodar innan kreativ ideutvikling, arbeide seg gjennom og dokumentere arbeid frå fasane i ein designprosess
  • utvikle idéar for innovative og berekraftige løysningar på felles utfordringar i samfunnet; lokalt, nasjonalt eller globalt
  • kartleggje behov, innhente informasjon og eksperimentere med idear og berekraftige løysingar innan design og arkitektur
  • øve opp ferdigheiter innan frihandteikning og digitale verktøy for å visualisere rom og form
  • forstå og arbeide med korleis menneskekroppen sine mål og proporsjonar dannar utgangspunkt og grunnleggande referansar for design og arkitektur
  • utvikle kunnskap om formkvaliteter gjennom analyse av objekt og ved bruk av formale verkemiddel
  • velje hensiktsmessig målestokk og vise nøyaktigheit i projeksjon og målsetting av objektteikningar
  • byggje enkle modellar og prototypar i målestokk for å synleggjere rom og proporsjonar
  • handtere verktøy, tileigne seg verkstaderfaring og utforske 3D-teknologi som del av designprosessen
  • kombinere tekst og bilete for å visuelt kommunisere med mottakar og oppdragsgivar
  • kjenne til særtrekk ved lokale og samisk form- og byggjetradisjonar
  • gjere greie for hovudtrekk i vestleg arkitekturhistorie og handverkstradisjonar fram til 1600-talet og hente inspirasjon frå dette til eige arbeid

Undervegsvurdering

Teksta er ikkje klar.

Standpunktvurdering

Teksta er ikkje klar.

Kompetansemål og vurdering design og arkitektur 2

Kompetansemål etter design og arkitektur 2

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • ta i bruk designtenking i arbeidsprosessar og utvikle produkt, tenester eller fysiske miljø
  • analysere brukargrupper, utarbeide kravsspesifikasjonar og forslag til løysingar innan design og arkitektur
  • utvikle fagspråk og bruke fagomgrep i presentasjon, diskusjon og vurdering av eige og andre sitt arbeid
  • visualisere og kommunisere idear ved å anvende handteikning, aksonometri, perspektiv, modellar og prototypar
  • opparbeide erfaring med ulike analoge og digitale verktøy som grunnlag for bevisste val i designprosessar
  • skildre både praktiske, funksjonelle eigenskapar og sanselege, estetiske opplevingar ved design- og arkitektur
  • eksperimentere med konstruksjonar, samanføyingar og volum i arbeid med rom og bygningar
  • utforske eigenskapar og kvalitetar ved materiale og bruke kunnskapen vidare i eige arbeid
  • utvikle eit bevisst forhold til grafisk formgiving gjennom bruk av layout, skrifttypar og illustrasjonar
  • forstå og arbeide med korleis menneskekroppen dannar utgangspunkt for design og utarbeide produkt ut i frå ergonomiske prinsipp
  • ha kjennskap til redesign og gjenbruk av materiale og drøfte spørsmål knytt til berekraft og miljø
  • beskrive og hente inspirasjon frå arkitektur, byggjeskikk, byplanlegging og landskapsarkitektur mellom 1600 og 1900
  • gjere greie for handverkstradisjonar og stilartar mellom 1600 og 1900 og bruke dette som utgangspunkt for eigne designprosessar

Undervegsvurdering

Teksta er ikkje klar.

Standpunktvurdering

Teksta er ikkje klar.

Kompetansemål og vurdering design og arkitektur 3

Kompetansemål etter design og arkitektur 3

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • planleggje gjennomføring av eit prosjekt, utarbeide analysar, arbeide ut frå kravspesifikasjonar og følgje ein tidsplan
  • gjennomføre eit samfunnsorientert lokalt prosjekt innan design og arkitektur
  • skape innovative, berekraftige løysingar for framtidige produkt, tenester eller bu- og leveformer
  • utarbeide presentasjonar som visualiserer og forklarer prosess og forslag til løysing for ei tilsikta brukargruppe
  • kjenne til persepsjonsteori og bruke prinsippa i grafisk formgiving for å utarbeide ein visuell profil til ein oppdragsgivar
  • utforske eigenskapar og moglegheiter ved form, materiale og funksjon i arbeid med modellar og prototypar
  • velje relevante materiale, utstyr og teknologi for å skape ønska form og funksjonalitet i eit produkt og grunngi vala
  • oppleve, forklare og vise kva rolle farge spelar i design og arkitektursamanheng
  • øve opp kritisk evne i å vurdere arkitektur og forstå betydinga av aktiv og informert deltaking i utforming av fysiske omgjevnadar
  • kjenne til universell utforming som demokratisk prinsipp og vurdere etiske, formmessige og fysiske tilpassingar i samfunnet
  • gjere greie for korleis miljø, ressursar og forbruk påverkar val og løysingar innan design og arkitektur, og drøfte etiske val og forbrukarkrav
  • kjenne til og beskrive hovudtrekk innan design og arkitektur frå 1900-talet til vår samtid og hente inspirasjon til eige arbeid

Undervegsvurdering

Teksta er ikkje klar.

Standpunktvurdering

Teksta er ikkje klar.

Vurderingsordning

Design og arkitektur 1: Elevane skal ha ein standpunktkarakter.

Design og arkitektur 2: Elevane skal ha ein standpunktkarakter.

Design og arkitektur 3: Elevane skal ha ein standpunktkarakter.

Eksamensordningane i faget skal ferdigstillast seinare. 

1. Er læreplanen relevant for behova i samfunnet og arbeidslivet?
Ja

Ja, vi mener planen er relevant for samfunnets og arbeidslivets behov. For øvrig er vi enige med Drammen og Sentrum vgs. som påpeker at entreprenørskap ikke kommer tydelig nok frem i kompetansemålene (de har påpekt dette under pkt. 2 i høringen). Entreprenørskap som begrep er for øvrig ikke nevnt i Fagrelevans og sentrale verdier, og vi lurer på hvorfor?

Bare en liten ting om Fagrelevans og sentrale verdier:  Innholdet i setningen «Opplæringa i faget skal medvirke til at elevane kan delta i eit samfunn i stadig endring» dekkes av  setningen som kommer rett etter. Setningen gjentas også nesten helt likt avslutningsvis i avsnitt to, der det står «I design og berekraft får elevane kunnskap om materiale, teknologi og berekraft som gir grunnlag for å bidra i eit samfunn som endrar seg».
Vi foreslår derfor å kutte setningen i første avsnitt.

2. Er sentrale verdiar frå overordna del synliggjorde i læreplanen på ein god og relevant måte?
Ja

Sentrale verdier fra overordnet del er tydelige og koblet til design og arkitektur på en faglig relevant måte. Det gir mening.

3. Skildrar kjerneelementa det mest sentrale innhaldet elevane skal lære i programfaga?
Ja

Det er bra at kjerneelementet Prosessarbeid er endret til Designprosess, men vi foreslår Designprosessar, da det ikke bare kan være snakk om en prosess. Vi mener begrepet designprosess ikke er en tenke- og arbeidsmåte, men at man gjennom å arbeide i/med designprosesser får erfaring med tenke- og arbeidsmåter som er typiske for faget. Vi foreslår derfor at den første setningen i dette kjerneelementet endres til Å arbeida med/i designprosessar gir innblikk i (eller forståelse for eller erfaring med) tenkje- og arbeidsmåtar som legg vekt på å henta informasjon, kartlegga behov og utarbeida ulike løysningsforslag. Videre tenker vi at det å …utvikle løysingar for framtidige utfordringar er problematisk all den tid vi ikke kjenner hvilke utfordringer det er snakk om i fremtiden. Vi vet hvilke utfordringer vi står overfor i dag og at noen av dem vil strekke seg inn i framtiden, men kanskje en bedre formulering vil være å …utvikle framtidsorienterte løysingar?

Vi foreslår også at kjerneelementet Formkultur og samfunn endres til Design og arkitektur i kontekst. Det er ikke heldig at det slenges på en opplysende setning helt til slutt i kjerneelementet om at design og arkitekturhistorie inngår. Design og arkitekturhistorie i kontekst bør være sentralt og stå i nær sammenheng med det å undersøke og forstå sammenhenger.

4. Er dei utvalde tverrfaglege temaa ein sentral del av innhaldet i programfaga?
Ja

De tverrfaglige temaene er godt synlige i kompetansemålene. Vi mener likevel den sosiale dimensjonen av bærekraftbegrepet er underkommunisert i målene. Vi kan ikke finne at elevene f.eks. skal se sammenhenger mellom og reflektere over eget forbruk og andre menneskers muligheter når det gjelder å leve gode og anstendig liv (mht. sult, fattigdom, arbeidsforhold, miljø).

5. Er dei utvalde grunnlegjande ferdigheitene integrerte i læreplanen på ein god måte?
Ja

Veldig bra at dette med å oppøve ferdigheter i håndtegning for å kommunisere visuelt er blitt en del av den grunnleggende ferdigheten Å kunne skrive. Likeså dette med visualisering ved bruk av perspektivskisser osv. Godt at dette presiseres som en del av den samme grunnleggende ferdigheten. Vi legger merke til at det veksles mellom begrepene håndtegning og frihåndstegning i kompetansemålene og foreslår å være konsekvent på begrepet frihåndstegning, som er et kjent og godt innarbeidet begrep.

6. Varetek kompetansemåla det viktigaste elevane skal lære i programfaga?
Nei

Materiale og teknikker er ikke nevnt i kompetansemål på Vg1, jamfør  det som står i kjerneelementet Teknikk og materiale om å utforske et mangfold av materialer og teknikker. Begrepet verkstederfaring er brukt, men det er for uklart hva dette er, og det kan ikke erstatte utforsking i materialer og teknikker. Det må gis rom for og det må presiseres i kompetansemålene at dette også er en del av kompetansen på Vg1. Vi ser at det kommer inn på Vg2, men det er for seint. Det må jobbes praktisk med materialer og teknikker på første år på videregående skole også. Det samme kan sies om farge. Vi ser ikke at kompetanse knyttet til farge kommer er spesifikt uttrykt før på Vg3-nivå, noe vi mener er for seint.

I kjerneelementet Formkultur og samfunn, som vi foreslår skal endre navn til Design og arkitektur i kontekst, presiseres evnen til å forstå og se sammenhenger, samt å undersøke med tanke på kontekst, miljø og utvikling over tid. I de kompetansemålene som omhandler arkitektur og håndverkstradisjoner reduseres kunnskapen elevene skal tilegne seg til å beskrive, gjøre greie for, kjenne til, samt å hente inspirasjon fra eller ta utgangspunkt i, i forhold til eget arbeid. At elevene ser betydningen design og arkitekturhistorie har hatt og har for dagens arkitekt- og designuttrykk, kommer ikke tydelig nok fram i kompetansemålene. Det er ikke nok å beskrive, gjøre greie for, kjenne til. De samfunnsmessige konsekvensene, som er en del av det å se design- og arkitekturhistorie i kontekst, er viktig også i forhold til de tverrfaglige temaene. Det er for eksempel ikke tilstrekkelig at elevene gjør greie for håndverkstradisjoner og stilarter mellom 1600 og 1900. De må også reflektere over hvilke konsekvenser f.eks. den industrielle revolusjon og masseproduksjon hadde (og har) for det enkelte menneske og for samfunnet (uten at dette trenger å uttrykkes så spesifikt som det er eksemplifisert her.

7. Legg kompetansemåla til rette for lokal tilpassing?
Ja
Ingen kommentar frå instansen
8. Opnar læreplanen for å kunne leggje til rette for samisk innhald for alle elevar?
Veit ikkje

Det spørres om læreplanen åpner for å legge til rette for samisk innhold for alle elever. Tja, det kan vi svare noenlunde bekreftende på. Læreren kan finne rom i de foreslåtte målene for samisk innhold.
Dersom spørsmålet hadde vært om samisk innhold kommer godt nok fram i læreplanen, ville KKS ha svart nei
Samisk arkitektur og kulturhistorie, samisk tradisjonshåndverk og innovasjoner innen form, materialbruk og teknikker knyttet til samisk formspråk synliggjøres og løftes i for liten grad fram i læreplanen. Det må trekkes tydeligere fram i målene som del av den kompetansen alle elever på KDA skal opparbeide seg. Ellers er vår påstand at det samiske perspektivet har lett for å forsvinne, usynliggjøres og «glemmes» bort. Dette er særlig viktig med tanke på å operasjonalisere viktige deler av verdigrunnlaget og de tverrfaglige temaene, slik at det blir en del av skolenes praksis.


9. Har læreplanen eit realistisk omfang?
Veit ikkje

Læreplanen er svært ambisiøs og det kan være en god ting.
Det er likevel klart at mål, som at eleven skal kunne
«utvikle idear for innovative og berekraftige løysingar på felles utfordringar i samfunnet; lokalt, nasjonalt eller globalt», er svært ambisiøst på Vg1, så kanskje dette målet heller bør finne sin plass på Vg2 eller Vg3?
Vi ser at antall mål er færre enn i eksisterende læreplan, samtidig som det er kommet inn større vekting på grafisk formgiving, frihåndstegning, brukerorientering og flere mål har blitt mer komplekse.

10. Gir tekstane om undervegs- og standpunktvurdering god støtte for læraren i vurderingsarbeidet?
Veit ikkje
Ingen kommentar frå instansen
11. Er det ein god samanheng mellom Om faget og Kompetansemål og vurdering?
Ja

En god sammenheng mellom Om faget og Kompetansemål, med forbehold i de merknadene vi har skrevet tidligere. Tekstene om vurdering er jo ikke presentert. 

12. Er læreplanen tilstrekkeleg framtidsretta?
Ja
Ingen kommentar frå instansen
13. Er språket i læreplanen klart og tydeleg?
Ja

Språket kan helt sikkert gjøres klarere og tydeligere med tanke på at læreplanen også skal leses av elever i vgo. Samtidig er dette et dokument som lærer og elev i samarbeid og dialog må få forståelse for. Planen er full av faguttrykk mange 15- og 16-åringer ikke kjenner til eller har forståelse for. Vi tenker likevel at elevenes forståelse er noe som utvikler seg gjennom tre år.
For faglærere burde språket være klart og tydelig nok, kompetansemålene er stort sett presist formulerte.

14. Dekkjer utkastet til ny læreplan fagets innhald på ein balansert og relevant måte? Viss ikkje, har du konkrete forslag til endringer?
Nei

KKS har foreslått enkelte endringer, også endringer som går på innhold. Disse kommer fram under pkt.6 og 8.