Undring og utforsking
Elevane skal kunne undre seg over, reflektere rundt og vurdere korleis kunnskap om samfunnet blir til. Dei skal få uttrykkje nysgjerrigheit og vere aktivt kunnskapssøkjande og -skapande saman med andre. Elevane skal innhente og bruke informasjon frå fleire typar kjelder for å kaste lys over forhold i samfunnet og sitt eige liv. Dei skal kunne vurdere kritisk kor pålitelege og relevante kjeldene er, kva som er formålet med dei, og om det er nokon spesiell tendens.
Perspektivmangfald og samfunnskritisk tenking
Elevane skal kunne vurdere samanhengar i samfunnet ut frå ulike perspektiv. Dei skal kunne forstå kvifor visse samfunnsforhold blir oppfatta som viktige, kven som har definisjonsmakta over dei, og kvifor enkelte menneske tek andre val enn ein gjer sjølv.
Medborgarskap og berekraftig utvikling
Elevane skal kunne vurdere bakgrunnen for, konsekvensane av og handlingsalternativa for berekraftig utvikling på individuelt, nasjonalt og globalt nivå. Medborgarskap og berekraftig utvikling handlar om demokratisk medborgarskap og den samfunnsmessige dimensjonen av berekraftig utvikling, korleis menneske samarbeider, organiserer seg og gjer vedtak i samfunn. Det inneber òg at elevane skal få handlingskompetanse til å medverke i demokratiske prosessar og samfunnsforming. Sentralt innhald skal sjåast i lys av det lokale til det globale, og urfolk og minoritetars perspektiv.
Identitet og livsmeistring
Elevane skal forstå korleis menneske utviklar identitet og samhandlar med andre. Med utgangspunkt i elevane si eiga livsverd skal dei få ei forståing av kven dei er, og korleis dei kan meistre sitt eige liv.