Frist for fråsegn
14. november 2018
Publisert dato
18. oktober 2018
Vår referanse
2018/22968

Fagfornyinga – innspelsrunde skisser til læreplanar i matematikk

1. Fagfornyinga – tidlege skisser til læreplanane

Vi er no i gang med å utvikle læreplanar for dei enkelte faga. Vi ynskjer å involvere lærarar, skular, og andre som er interesserte i faga i skulen, gjennom heile prosessen. Det betyr at du får lese tidlege skisser som framleis er under arbeid og der læreplangruppene har kome ulikt på veg. Skissene i dei ulike faga er derfor noko ulike. Vi ynskjer innspel til det vidare arbeidet med læreplanane.

Du kan gi innspel på eitt eller fleire fag. Skissene for kvar enkelt læreplan i dei ulike faga ligg som eigne notat. Spørsmåla finn du under kvar enkelt læreplantekst. Når du har svara på dei spørsmåla du ynskjer, trykkjer du på lagre og send inn. Ynskjer du å sjå heile skissa i pdf-format finn du fila under spørsmåla.

Kjerneelementa i faga har vore utgangspunkt for prioriteringane vi har gjort i utviklinga av læreplanane. Målet er at læreplanane skal ha eit realistisk omfang i høve til timetalet i faget. Fag- og timefordelinga blir ikkje endra i fagfornyinga. Læreplanane skal leggje til rette for djupnelæring. I denne innspelsrunden spør vi om djupnelæring knytt til omfang og innhald i læreplanskissene.

Dei tverrfaglege temaa folkehelse og livsmeistring, demokrati og medborgarskap og berekraftig utvikling, er integrert i kompetansemåla i dei faga der det er relevant. Dei grunnleggjande ferdigheitene er integrert i kompetansemåla på premissene til det enkelte faget.

Alle læreplanane skal ha samisk innhald, og det skal vere eit forsterka samisk innhald i dei samiske parallelle likeverdige læreplanane. Dette jobbar alle læreplangruppene med. På noverande tidspunkt har dei foreslått litt ulike løysingar, som inneber at det samiske innhaldet er gjort synleg noko ulikt på tvers av fag.

Læreplanane har fått ny struktur

Strukturen i læreplanane er endra og fastsett av Kunnskapsdepartementet. Strukturen er utvikla på bakgrunn av det vi veit om korleis læreplanane blir brukt, og på bakgrunn av innspel frå og samarbeid med lærarar, skuleeigarar, skuleleiarar og universitets- og høgskulemiljø som deltok i utviklingsarbeidet.

Dei nye læreplanane består av:

1)Om faget

Om faget er ein ny del som delvis er ei vidareutvikling av formålet i faget. I teksten blir relevansen til faget og kjerneelementa i faget beskrive kort. Teksten inneheld også fagspesifikke tekstar om verdiane og prinsippa i overordna del, tverrfaglege tema og grunnleggjande ferdigheiter. Teksten Om faget skal gi ei tydeleg retning for arbeidet med kompetansemål og ei ramme for kva eleven og lærlingen skal lære i faget.

2) Kompetansemål

Læreplanane for fag beskriv den kompetansen elevane eller lærlingane skal utvikle i faget. Kompetansemåla i faget beskriv kva eleven eller lærlingen skal meistre etter at opplæringa på bestemte årstrinn er avslutta.

3) Vurdering

Læreplanane skal innehalde ei fagspesifikk omtale av vurdering og retningsliner for sluttvurdering i faget. Det skal vere fagspesifikk omtale av vurdering for kvart hovudtrinn og omtala skal gi støtte til undervegs- og sluttvurdering. Læreplangruppene skal vurdere og kome med tilrådingar om sluttvurdering i faget innanfor rammene av dei ordningane vi har for sluttvurdering i dag.