Læreplan i samfunnskunnskap – fellesfag
1. Om faget
1.1. Fagrelevans
Å lære samfunnskunnskap handlar om å bli ein engasjert og nysgjerrig deltakar i samfunnet. Faget skal leggje til rette for at elevane skal drøfte og reflektere i fellesskap, og bidra til at dei respekterer og anerkjenner at vi menneske er forskjellige og har ulike meiningar. Det bidreg til at elevane utviklar både identiteten sin og ein demokratisk handlingskompetanse som er viktig for å kunne meistre sitt eige liv og delta i arbeids- og samfunnslivet i framtida.
1.2. Kjerneelement i faget
Undring og utforsking
Elevane skal kunne undre seg over, reflektere rundt og vurdere korleis kunnskap om samfunnet blir til. Dei skal få uttrykkje nysgjerrigheit og vere aktivt kunnskapssøkjande og -skapande saman med andre. Elevane skal innhente og bruke informasjon frå fleire typar kjelder for å kaste lys over forhold i samfunnet og sitt eige liv. Dei skal kunne vurdere kritisk kor pålitelege og relevante kjeldene er, kva som er formålet med dei, og om det er nokon spesiell tendens.
Perspektivmangfald og samfunnskritisk tenking
Elevane skal kunne vurdere samanhengar i samfunnet ut frå ulike perspektiv. Dei skal kunne forstå kvifor visse samfunnsforhold blir oppfatta som viktige, kven som har definisjonsmakta over dei, og kvifor enkelte menneske tek andre val enn ein gjer sjølv.
Medborgarskap og berekraftig utvikling
Elevane skal kunne vurdere bakgrunnen for, konsekvensane av og handlingsalternativa for berekraftig utvikling på individuelt, nasjonalt og globalt nivå. Medborgarskap og berekraftig utvikling handlar om demokratisk medborgarskap og den samfunnsmessige dimensjonen av berekraftig utvikling, korleis menneske samarbeider, organiserer seg og gjer vedtak i samfunn. Det inneber òg at elevane skal få handlingskompetanse til å medverke i demokratiske prosessar og samfunnsforming. Sentralt innhald skal sjåast i lys av det lokale til det globale, og urfolk og minoritetars perspektiv.
Identitet og livsmeistring
Elevane skal forstå korleis menneske utviklar identitet og samhandlar med andre. Med utgangspunkt i elevane si eiga livsverd skal dei få ei forståing av kven dei er, og korleis dei kan meistre sitt eige liv.
1.3. Fagspesifikk tekst om korleis verdigrunnlaget skal gjerast synleg i faget
Kunnskap om samfunnet er avgjerande for å kunne delta i samfunnet. Opplæringa i samfunnskunnskap skal leggje grunnlaget for at elevane blir aktive medborgarar som varetek og vidarefører grunnleggjande demokratiske verdiar. Gjennom faget skal elevane lære å ta ansvar for eigne haldningar og handlingar og utforske berekraftige løysingar på dagens og morgondagens utfordringar. Faget skal gi elevane kompetanse i samfunnskritisk tenking og utforsking og evne til å respektere eige og andre sitt verdigrunnlag og menneskeverd. Faget skal vidareføre verdiar og kunnskap om den norske og den samiske kulturarven.
1.4. Tverrfaglege tema i faget
Berekraftig utvikling
Berekraftig utvikling er relevant i samfunnskunnskap fordi auka kompetanse om samanhengen mellom samfunnsmessige forhold og berekraftig utvikling er viktig. Eit berekraftig perspektiv i samfunnskunnskap inneber refleksjon over korleis politikk, konfliktar og teknologi påverkar minoritetar og urfolk i og utanfor Noreg. Ei berekraftig løysing i samfunnskunnskap er ei løysing som varetek verdiar som likestilling, likeverd og mangfald.
Folkehelse og livsmeistring
Folkehelse og livsmeistring har relevans i samfunnskunnskap fordi faget bidreg til å forstå kva og kven som påverkar identiteten, sjølvkjensla, tryggleiken og tilhøyrsla vår. Refleksjon rundt og kompetanse på kjønn, seksualitet, grensesetjing, digitale spor og personleg økonomi kan betre respekten elevane har for seg sjølve og andre.
Demokrati og medborgarskap
Demokrati og medborgarskap i samfunnskunnskap inneber å gi elevane kunnskap og tryggleik til å ytre og grunngi eigne meiningar. Samtidig skal elevane lære seg å lytte og la seg utfordre av menneske som har andre meiningar enn dei har sjølve. Denne kompetansen er sentral for at elevane skal kunne medverke i samfunnsutforming og politiske prosessar i dag og i framtida.
1.5. Grunnleggjande ferdigheiter i faget
Munnlege ferdigheiter
Munnleg ferdigheit i samfunnskunnskap vil seie å bruke eit presist språk til å ytre grunngitte og tolerante meiningar.
Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i samfunnskunnskap inneber å finne, grunngi og analysere digitale kjelder og å vere bevisst på personvern, digitale spor og rettar på nett.
Å kunne lese
Å lese i samfunnskunnskap inneber å hente ut og tolke informasjon frå fagtekstar og andre relevante kjelder og kritisk vurdere kor pålitelege og relevante kjeldene er.
Å kunne skrive
Å skrive i samfunnskunnskap inneber å produsere grunngitte og strukturerte fagtekstar med variert kjeldegrunnlag om forskjellige samfunnsfaglege tema.
Å kunne rekne
Å rekne i samfunnskunnskap inneber å behandle og tolke statistikk i tabellar og grafiske framstillingar og vurdere faktorar som påverkar den personlege økonomien.
2. Kompetansemål
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- drøfte ei dagsaktuell utfordring og argumentere for eigne meiningar og verdiar i meiningsbryting med andre elevar
- reflektere over korleis identiteten, levesettet og kulturuttrykket til majoritetar, minoritetar og urfolk varierer i Noreg og Sápmi/Sábme/Sáepmie
- drøfte korleis sosialisering formar identiteten til ungdom og kan påverke sjølvkjensla, livskvaliteten og levestandarden vår
- innhente informasjon om sosial ulikskap i Noreg og vurdere tiltak som kan motverke ulikskap
- reflektere over kvifor haldningar til kjønn, seksualitet og grensesetjing varierer i samfunnet
- vurdere forskjellige faktorar som påverkar personleg økonomi, og reflektere over korleis økonomi påverkar høvet til å bli sjølvstendig i samfunns- og arbeidslivet i framtida
- drøfte kva høve politiske aktørar har til å realisere berekraftige og rettferdige løysingar på ein konflikt
- reflektere over kva demokratisk medborgarskap inneber, og vurdere korleis ein kan påverke ei politisk avgjerd lokalt eller nasjonalt
- bruke samfunnsfagleg metode til å utforske forskjellige former for makt og analysere korleis desse kan utfordre demokratiske verdiar
- forstå grunnlaget for menneskerettar og undersøkje menneskerettsbrot nasjonalt eller globalt
- drøfte korleis innovasjon og teknologi vil påverke økonomien, samfunnet og arbeidslivet i framtida
- dokumentere eigne digitale fotavtrykk og reflektere over kva høve vi har til å vareta vårt eige og andre sitt personvern i dag og i morgon
- gjere greie for ulike årsaker til utanforskap og vurdere tiltak som kan gi livsmeistring og inkludere fleire i samfunns- og arbeidslivet
- drøfte korleis forskjellige ståstader, val av metode og kjeldegrunnlag påverkar funna, argumenta og meiningane våre
- innhente informasjon om rasisme, diskriminering og hatefulle ytringar og vurdere tiltak som kan førebyggje slike haldningar og utsegner
Fagspesifikk omtale av vurdering i fag
Dette kjem seinare
3. Vurdering
3.1. Fagspesifikk omtale av vurdering i fag
Opplæringa og vurderinga i faget skal vere i tråd med den overordna delen av læreplanverket. Læraren skal gjennom vurderingspraksisen sin støtte opp under djupnelæringa, motivasjonen og meistringa til eleven.
Kompetansemåla er grunnlaget for vurdering i faget. Kompetansemåla skal forståast i lys av formålsparagrafen i opplæringslova, overordna del og teksten «Om faget».
Elevane skal medverke i eiga læring. Dei skal få høve til å vise kompetansen sin på ulike måtar, reflektere over læringa og delta aktivt i vurderinga av eige arbeid. Læraren skal støtte og rettleie elevane så dei kan setje seg mål og vurdere si eiga utvikling.
Undervegsvurderinga i fag skal brukast som ein reiskap i læreprosessen, gi grunnlag for tilpassa opplæring og bidra til at eleven får auka kompetansen i faget. Den kompetansen eleven har vist undervegs i opplæringa, er ein del av grunnlaget for vurderinga når standpunktkarakteren i fag skal fastsetjast.
I standpunktvurderinga skal læraren vurdere den samla kompetansen i faget. Vurderingsgrunnlaget skal ta omsyn til breidda i kompetansemåla i læreplanen. Eleven skal vere kjend med kva det blir lagt vekt på når standpunktkarakteren blir sett.
3.2. Sluttvurdering
Omtale av sluttvurdering kjem seinare.
Synest du læreplanskissa generelt gir ei tydeleg retning for det elevane skal lære i faget?
Synest du læreplanane er fornya og tilstrekkeleg framtidsretta?
Synest du kompetansemåla uttrykkjer det viktigaste elevene skal lære i faget på ein tydeleg måte?
Synest du læreplanskissa gir ein god balanse mellom styring av innhald, og fagleg og metodisk handlingsrom for skolane og lærarane?
Synest du verdigrunnlaget er ivaretatt i læreplanskissa?
Synest du det er gjort nok greie for samiske verdiar i læreplanskissa?
Synest du dei tverrfaglege temaa er godt ivaretatt i faget?
Synest du læreplanskissa viser eit realistisk omfang i faget og at læreplanen legg til rette for djupnelæring?
Synest du språket i læreplanskissa er klart og forståeleg?
Kva er det viktig å sikre i ei fagspesifikk omtale av vurdering i læreplanen utan å avgrense handlingsrommet til læraren?
Synest du grunnleggjande ferdigheiter er godt ivaretatt i læreplanskissa?
Synest du læreplanskissa viser ein tydeleg progresjon i faget?
Synest du samisk innhald er ivaretatt i læreplanskissa?