Læreplan i geografi - fellesfag i studieførebuande utdanningsprogram
Om faget
Fagrelevans
Geografi handlar om å forstå samspelet mellom naturen og menneska. Gjennom utvikling av metodiske ferdigheiter og kunnskap om naturgitte prosessar og menneskeleg aktivitet skal elevane få kompetanse til å forstå lokale, nasjonale og globale forhold og endringar. I ei verd som er i rask endring, er slik kompetanse nyttig for samfunnet og arbeidslivet. Kompetanse i geografi kan bidra til ei meir berekraftig utvikling både lokalt, nasjonalt og globalt.
Kjerneelement
Kjerneelementa i geografi rammar inn det viktigaste innhaldet i faget og beskriv det elevane må lære for å kunne meistre og bruke faget.
Utforsking og geografiske metodar
Elevane skal kunne utforske, gjennomføre undersøkingar og vere aktivt skapande, med utgangspunkt i nærmiljøet sitt, for å utvikle geografisk forståing. Dei skal òg kunne bruke informasjon frå ulike typar kjelder og kritisk vurdere kor pålitelege og relevante desse kjeldene er, og kva ståstad dei har.
Naturgitt og menneskeskapt rom
Elevane skal kunne forstå samanhengar mellom natur og samfunn som rammer for livsgrunnlag og levekår. Med utgangspunkt i si eiga livsverd skal elevane utvikle forståing for geografisk mangfald og variasjon og identifisere likskapar og forskjellar mellom ulike geografiske nivå.
Berekraftig utvikling og globalisering
Elevane skal kunne vurdere bakgrunn for, konsekvensar av og handlingsalternativ for berekraftig utvikling. Dei skal òg kunne drøfte spenningane mellom dei sosiale, miljømessige og økonomiske aspekta ved berekraftig utvikling og vurdere berekraft på ulike geografiske nivå.
Verdiar og prinsipp
Geografi gir elevane innsikt i samfunn, natur og miljø og samanhengen mellom desse. Gjennom kompetanse om naturgitte og menneskeskapte rom i det norske samfunnet, i Sápmi/Sábme/Sáepmie og globalt kan elevane utvikle miljømedvit. Faget skal bidra til at elevane utviklar respekt for menneskeverdet og naturen og forståing for at naturen må utnyttast på ein berekraftig måte. Innsikt i faget kan gi elevane etisk medvit og høve til å ta ansvarlege val. Gjennom faget skal elevane møte ulike kjelder til kompetanse som krev evne til utforsking og kritisk tenking. Innsikt i faget skal bidra til å gi elevane forståing for samane og andre urfolk, og for kulturen og identiteten til nasjonale minoritetar i syntesen mellom natur og samfunn. Denne innsikta bidreg til at elevane blir meir aktive medborgarar med større grad av livsmeistring.
Tverrfaglege tema
Berekraftig utvikling
I geografifaget handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om at elevane skal utvikle kunnskap om årsaker til og konsekvensar av notidige klimaendringar, arealbruk og fordeling og bruk av ressursar. Elevane skal utvikle kompetanse om kva miljøkonsekvensar endringar i lokaliseringa av næringsliv, auka globalisering og teknologisk utvikling kan ha. Gjennom geografifaget skal elevane få forståing for samanhengen mellom berekraftig utvikling og sosiale, økonomiske og miljømessige forhold. Elevane skal utvikle kompetanse som gjer dei i stand til å ta ansvarlege val og handle etisk og miljøbevisst.
Grunnleggjande ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter
Å ha munnlege ferdigheiter i faget vil seie å kunne presentere eige arbeid med geografiske tema for andre på ein tydeleg og forståeleg måte. Det inneber å kunne forklare og diskutere munnleg samanhengar og årsaker.
Å kunne skrive
Å skrive i geografi inneber å produsere faglige tekstar for ulike formål. I geografi inneber det mellom anna å beskrive, vurdere og analysere ved å bruke eit presist fagspråk.
Å kunne lese
Å lese i geografi inneber å kunne lese og forstå ulike faglege tekstar. Lesing inneber å lese og tolke kart, bilete, figurar og statistikk og setje det inn i ein fagleg samanheng.
Å kunne rekne
Å rekne i geografi er å behandle, tolke og samanlikne talmateriale, tabellar og grafiske framstillingar i ein fagleg samanheng.
Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i geografi inneber å kunne lese, tolke og nytte digitale kart og andre nettbaserte kjelder. Den digitale ferdigheita inneber òg å finne gode faglege kjelder og utøve kjeldekritikk.
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- gjere greie for korleis indre og ytre krefter har danna berggrunnen og landformene lokalt, og vurdere kor berekraftig menneska der utnyttar ressursane
- gjere greie for ulike interesser knytte til ressurs- og arealbruk i Noreg, Sápmi/Sábme/Sáepmie og nordområda og drøfte korleis ressursar og areal kan brukast slik at ulike interesser blir ivaretekne
- beskrive klimaet i nordområda og Noreg og utforske kva dette har å seie for ulike område i Noreg
- presentere og analysere årsakene til ein aktuell naturkatastrofe og vurdere dei samfunnsmessige konsekvensane av denne
- beskrive kvifor demografiske endringar og ulike levekår i forskjellige delar av verda fører til migrasjon og endra busetjingsmønster
- vurdere kor berekraftig eigen og Noreg sin ressursbruk er i eit globalt perspektiv
- drøfte korleis den teknologiske utviklinga endrar lokaliseringa av næringsverksemd og handel nasjonalt og globalt
- utforske og vurdere årsaker til og konsekvensar av klimaendringar i dag og utvikle forslag til tiltak lokalt, nasjonalt og globalt
- bruke og analysere kart og bilete som eit verktøy for å forstå og presentere geografiske forhold
- utvikle og utforske ei geografisk problemstilling ved å planleggje, gjennomføre og dokumentere eit feltarbeid i nærområdet
- bruke ulike typar kjelder og vurdere dei kritisk i arbeidet med geografiske forhold
- bruke geografiske statistikkar, figurar og årsak–verknad-modellar for å forstå situasjonar og samanhengar
Undervegsvurdering
Elevane skal få høve til å utvikle kompetanse i faget gjennom undervegsvurderinga. Elevane viser kompetanse i geografi når dei får vise forståing for samanhengar mellom det menneskeskapte og det naturgitte rommet, og for korleis menneske og natur påverkar kvarandre. Elevane viser kompetanse i geografi når dei bruker geografiske metodar og kunnskap om natur- og samfunnsgeografi i samanheng, åleine og saman med andre i munnlege og skriftlege samanhengar og i feltarbeid. Læraren skal planleggje den vidare læringa med utgangspunkt i kompetansen elevane viser.
Læraren skal leggje til rette for at elevane forstår og sjølve kan setje ord på kva dei meistrar, og kva dei bør gjera for å kome vidare i si læring. Læraren skal leggje til rette for kritisk tenking gjennom varierte og utforskande arbeidsmetodar og faglege oppgåver og bidra til at elevane får vere nysgjerrige og aktivt kunnskapssøkjande i og utanfor klasserommet. Læraren skal la elevane medverke i eiga og andre si læring gjennom å gi og få tilbakemeldingar som motiverer for vidare læring. Gjennom å undre seg, reflektere over, samtale om og utforske samanhengen mellom natur og samfunn skal elevane utvikle kompetansen i faget.
Standpunktvurdering
Standpunktvurderinga skal uttrykkje sluttkompetansen til elevane i faget. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at elevane på varierte måtar får vise den samla kompetansen sin i geografi, munnleg og skriftleg. Læraren skal leggje til rette for at elevane får vist korleis dei meistrar metodar i geografifaget og forstår samanhengen mellom natur og samfunn gjennom arbeid med kjende og ukjende samanhengar og situasjonar.
Vurderingsordning
Elevane skal ha éin standpunktkarakter.
Eksamensordningane i faget skal sendast på høyring og ferdigstillast seinare.